– Vestlandsk infrastruktur hindrar vekst og utvikling

Nasjonal transportplan var tema då fylkesordførar Jon Askeland møtte samferdselsminister Knut Arild Hareide i Stavanger. – No er det Vestlandet sin tur, seier Askeland.

UTFORDRINGAR: Samferdsleminister Knut Arild Hareide møtte fylkesordførar Jon Askeland til samtale om Nasjonal transportplan og kva utfordringar fylket har på vegane. (foto: Samferdselsdepartementet)
UTFORDRINGAR: Samferdsleminister Knut Arild Hareide møtte fylkesordførar Jon Askeland til samtale om Nasjonal transportplan og kva utfordringar fylket har på vegane. (foto: Samferdselsdepartementet)

Gjennom fleire dialogmøter i februar og mars fekk fylkesordførar Jon Askeland innspel til Nasjonal transportplan (NTP) og kva som bør prioriterast på fylkesvegane. Utfordringar med skred og flaum, smale omkøyringsvegar, i tillegg til miljø og klima har vore gjennomgåande tema på dei ulike møta. I alt kom det inn 67 høyringsinnspel til fylkeskommunen.

Torsdag møtte fylkesordførar Jon Askeland og representantar frå hovudutvalet for samferdsel og mobilitet, samferdsleminister Knut Arild Hareide i Stavanger.

Statsråden sitt mål med møtet var å ha ein overordna og strategisk diskusjon om utfordringar og prioriteringar på vegane.

SAMFERDSELSMØTE: Medlem av hovudutvalet, Silja Ekeland Bjørkly, Byråd for klima, miljø og byutvikling, Thor Haakon Bakke,  fylkesordførar Jon Askeland og leiar for hovudutval for samferdsel og mobilitet, Jannicke Bergesen Clarke møtte samferdselsminister Knut Arild Hareide. (foto: Samferdselsdepartementet)

– Vestland er landets største verdiskapingsfylke, og etterslepet i den grunnleggjande infrastrukturen som fylkesvegnettet representer er til hinder for vidare vekst og næringsutvikling, sa Jon Askeland under møtet.

Arbeidet med ny Nasjonal transportplan 2022-2033 er i gang, og blir lagt fram våren 2021. Hareide er på norgesturné for å besøke dei største byane og for å diskutere prioriteringar i NTP. Samstundes besøker han næringslivet i regionane for å høyre kva transportutfordringar som er størst. 

– Møtet har vore nyttig, og dette er starten på ein god dialog vidare, seier Askeland.