Framlegg til RTP-investeringar 2025

Investeringsprogrammet til Regional transportplan for Vestland  2022–2033 (RTP) blir nytt kvart år. Her skildrar vi rullering og porteføljestyringa det blir jobba etter. Samferdsleprosjekta og status for desse er vist i dynamiske kart.

Vi tek atterhald om at det kan vere noko unøyaktig detaljinformasjon i kartløysinga

Om investeringsprogrammet

Fylkestinget i Vestland vedtok i juni 2022 Regional transportplan – Investeringar basert på prioriteringane i Regional transportplan 2022–2033. Dette er del av handlingsprogrammet til RPT står for Regional transportplan, som er planen for den langsiktige utviklinga av samferdslesektoren i Vestland., og har vore rullert årleg i fylkestinget i juni. 

Fylkestinget sitt vedtak i saka gir dei overordna rammene for porteføljestyring av investeringane innan samferdsel.

Dette gjeld

  • kva for nye forprosjekt, kommunedelplanar og reguleringsplanar som er aktuelle å ta med i saka om fordeling av planmidlar knytt til komande års budsjett.
  • kva for store tiltak (over 50 mill. kr. og/eller som krev reguleringsplan) som er aktuelle å ta med i investeringsprogrammet til komande budsjett- og økonomiplan.
  • fordeling av rammeløyvingar til mindre tiltak.

RTP Investeringar bygger på hovudmåla for fylkesvegnettet i Regional transportplan 2022–2033.

Mål i RTP Vestland

  • Veksten i forfallet på fylkesvegnettet skal stoppast.
  • Fylkesvegnettet skal vere opent og trygt å ferdast på.
  • Fylkesvegnettet skal vere sikra og tilpassa framtidige klimaendringar.

RTP-investeringar blir følgt opp gjennom budsjett- og økonomiplanprosessen fram til fylkestinget i desember, der investeringane i den komande økonomiplanperioden 2026–2029 blir konkretiserte. Vidare vil saka bli følgt opp gjennom sak om løyvingar til planprosjekt for 2026.

Grunnlag for prioriteringane

Fylkesdirektøren har i arbeidet med prioriteringane i 2025-rulleringa lagt vekt på følgjande:

  • Økonomiske bindingar og oppstart av fleire store prosjekt gjer at handlingsrommet til å prioritere rammeløyvingane til RTP er avgrensa. For å sikre nødvendig framkome på fylkesvegnettet tilrår fylkesdirektøren at oppgradering og utskifting av bru og kai vert prioritert. Vidare rår fylkesdirektøren til å vidareføre satsinga på forsterkingsprogrammet for fylkesveg. Fylkesdirektøren vil peike på tre akutte tiltak som vert heilt nødvendig å prioritere i neste økonomiplanperiode for å sikre framkome på vegnettet: Edna bru, Simadalen bru og ein delvis kollapsa kulvert langs fv. 583.
  • For å få eit økonomisk handlingsrom til å prioritere løyvingane meiner fylkesdirektøren at oppstart av nokre store vedtekne prosjekt må skyvast på. Fylkesdirektøren meiner vidare at rammeløyvingane til trafikktryggleik og mindre utbetringar bør prioriterast dersom det vert handlingsrom.
  • I tråd med tidlegare vedtak legg fylkesdirektøren til at dei tre prioriterte rassikringsprosjekta fv. 609 Heilevang, fv. 49 Steinsdalen–Eikedalen (Tokagjelet) og fv. 49 Nordrepollen–Austrepollen skal finansierast gjennom dei statlege rassikringsmidlane. Etter fylkesdirektøren sin vurdering vil det vere utfordrande å finne økonomisk handlingsrom til å gjennomføre dei tre store rassikringsprosjekta parallelt. For å unngå høg gjeldsbelasting rår fylkesdirektøren til at fv. 49 Steinsdalen–Eikedalen vert prioritert føre fv. 49 Nordrepollen–Austrepollen.
  • Grunna den krevjande økonomiske situasjonen er det etter fylkesdirektøren sin meining viktig å prioritere tiltak som har ekstern finansiering. Dette kan til dømes vere statlege midlar, bompengefinansiering eller spleiselag med kommunar og private aktørar. Fylkesdirektøren rår til at rammeløyvinga for samfinansiering vert vidareført, og at faglege vurderingar vert lagt til grunn for prioritering av tiltak. Statens vegvesen har i gjennomføringsplanen sin for 2025–2030 lagt inn kollektivknutepunkta i Førde, Leirvik og Sogndal. Fylkesdirektøren meiner fylkeskommunen bør gå i dialog med Statens vegvesen om samfinansiering av prosjekta.
  • Fylkesdirektøren meiner følgjande prosjekt kan vurderast inn mot neste økonomiplanperiode: fv. 617 Kapellneset–Raudeberg, fv. 544 Vabakkjen–Sæ, fv. 611 Sæle–Engebø, fv. 561 Kolltveit–Ågotnes og fv. 49 Egne hjem.
  • Fylkeskommunen har mange pågåande planprosessar. Det vil vere viktig å fullføre planprosjekta som er i prosess, men etter kvart er det behov for å redusere omfanget av reguleringsplanar under arbeid. Planreserven er også for høg i forhold til dei økonomiske ressursane som er tilgjengelege for gjennomføring av prosjekta. Fylkesdirektøren tilrår difor at berre prosjekt som er realistisk å gjennomføre vert prioriterte for planoppstart. Følgjande prosjekt blir vurdert innarbeida i neste økonomiplanperiode: fv. 541 Grimstveit–Krossleitet og fv. 500 Tofte–Sæbøvik.

Porteføljeprioritering

For å få ei meir føreseieleg oversikt over kva tiltak som blir prioriterte og kva prosjekt som må vente til vi får tilstrekkeleg med midlar, blir det arbeida med eit system for porteføljestyring.

Grunnlag for prioriteringane

  • Måloppnåing i forhold til Regional transportplan 2022-2033 (jf. prioriteringskriteria).
  • Planstatus og prosjekta si modning.
  • Andre forhold som gjer at prosjektet bør prioriterast, t.d. avhengigheit i forhold til statlege og kommunale prosjekt og akutte skader som må utbetrast.
  • Dei samla rammene til sektoren.

På overordna nivå skal byggbarheit, regional balanse og stordriftsfordel vurderast i prioritering av prosjekt. Kriteria over er ikkje sett i prioritert rekkefølgje. Prioriteringane er også basert på innspel som vart gjort i første versjon av RTP Investeringar i 2022 og i seinare dialog med kommunane.

For at prosjekt skal kunne bli klare til bygging, krev det godkjente planar. I prosjektoversyna er det det vist til status for å synleggjere kor modne prosjekta er i forhold til planlegging.