Regional transportplan for Vestland 2022–2033

– planen for den langsiktige utviklinga av samferdslesektoren i Vestland.

Regional transportplan for Vestland 2022–2033 (RTP) omhandlar alle delar av samferdslesektoren, som vedlikehald og utbygging av fylkesveg, kollektiv, skredsikring, gang- og sykkelveg, Bybanen og Miljøløftet.

RTP-fire hovuddokument

Vestland skal ha eit trygt, effektivt og framtidsretta transportsystem,
som legg til rette for klima- og miljøvenleg 
mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling.

Tilhøyrande planar

Faglege grunnlag

Prosess

Regional transportplan har langsiktige mål og strategiar for korleis vi skal nå dei, og blir rullert kvart fjerde år. 

Rammer og hovudprioriteringar blir nye årleg i den politiske saka RTP-investeringar, som blir handsama i fylkestinget i juni. Denne blir følgt opp i budsjett- og økonomiplanprosessen med konkretisering og endeleg vedtak for økonomiplanperioden på fire år i fylkestinget i desember.

RTP og Nasjonal transportplan

RTP omtalar også korleis fylket skal jobbe med å sikre samferdslesektoren utanfor fylket sine ansvarsområde, som riksveg og jernbane. Arbeidet med Nasjonal transportplan (NTP) legg føringar for arbeidet med RTP, sjå prosessen med Nasjonal transportplan (NTP).

Trafikk i bygate i Bergen, to syklistar i gang og sykkelveg attmed fylkesveg. Elsparkesyklar står på fortauet.
Fylkeskommunen har ansvar for heile fylkesvegnettet i Vestland, også gang- og sykkelstiar langs fylkesvegane. Foto: Morten Wanvik