Paradis bru på verdas største messe for kompositt

– Prosjektet og Vestland er veldig stolte av å bli inviterte til å representere Norge på samlinga blant verdenseliten innan faget, som «lille Vestland» med ei «lita bru» oppe på Paradis, seier Nilssen.

PARADIS I PARIS: Komposittbru-prosjektet Paradis bru var Norge sitt bidrag på den internasjonale komposittmessa i Paris i mars 2024. foto: Håkon Tryti/Vestland fylkeskommune
PARADIS I PARIS: Komposittbru-prosjektet Paradis bru var Norge sitt bidrag på den internasjonale komposittmessa i Paris i mars 2024. foto: Håkon Tryti/Vestland fylkeskommune

Verdas lengste på plass i Bergen

Men Paradis bru i Bergen bygd av Vestland fylkeskommune blir i realiteten verdas lengste komposittbru. På JEC World (Journées Européennes des composites) i Paris, den største messa i verda for komposittbransjen, var dei einige om at komposittmateriale kan vere nøkkelen til framtidas berekraftige bygg- og anleggsprosjekt. 

Skepsisen til bruk av kompositter i bygg og infrastruktur, spesielt i Noreg, vart utfordra på messa av internasjonale ekspertar og leiande aktørar innan arkitektur og entreprenørbransjen. Paradis bru representerte Noreg, og blei presentert av prosjekterande FiReCo og produsent CSUB. Byggeleiar Håkon Tryti Nilssen var med på reisa til Paris med prosjektet som no nærmar seg slutten. 

Tradisjonelt utfordrande – men eigentleg ikkje?

Tradisjonelt har tilgangen på kompositter og regelverk i Noreg vore ei utfordring, men dette ser ut til å endre seg. På toppmøtet deltok prisvinnande arkitektar, leiarar frå store internasjonale entreprenørfirma, og representantar frå styresmakter som utviklar europeiske regelverk. Dei presenterte ei positiv utvikling der komposittfibrar og -produkt allereie er i full produksjon i EU, USA, Midtausten og Asia.

Merksemda vart også retta mot kommande endringar i regelverket. Den europeiske tekniske spesifikasjonen for kompositt er forventa å vera på plass innan 2026, og vil samla dagens ulike standardar for bygg og infrastruktur under eurokodesystemet. Dette opnar døra for enklare bruk av komposittmateriale i norske byggjeprosjekt. Fleire av partnarane våre i Paradis bru-prosjektet, og dessutan andre prosjekt i VLFK, har også starta arbeidet med den norske gruppa som skal sjå på eurokoden og komma med forslag til det norske tillegget: Nasjonalt Annex. 

Oppmoding til bruk av komposittmateriale

Ein viktig konklusjon frå messa var at både produkt og regelverk for komposittmateriale er tilgjengelege. Komposittbransjen ønskjer at kundar og byggherrar stiller krav til bruk av desse produkta, samtidig som dei oppmodar til å vurdera levetidskostnader framfor berre innkjøpskostnader.

– Vi treng ikkje stille krav til kompositt, berre ikkje stengje for det med å spesifisere betong eller stål. Då kjem produkta og løysingane nesten av seg sjølv, seier Nilssen.

Norske bedrifter vart oppmoda til å ta i bruk komposittmateriale i nasjonale prosjekt, og det vart påpeika at sjølv om Noreg vurderer seg sjølv som ein teknologisk avansert nasjon, er det ei underutnytting av komposittmateriale her i heimlandet. JEC World 2024 viser tydeleg at komposittmateriale kan vera løysinga for dei berekraftige og innovative byggjeprosjekta i framtida.

– Det har vore ein dyr teknologi, men no, spesielt med fokus på levetid og vedlikehaldsfrie løysingar, veks kompositter raskt fram som gode alternativ, seier Nilssen.