Bruen skal betre situasjonen for fotgjengare og syklistar, sikre trafikktryggleik ved krysningspunkt av veg og bybane. Prosjektet skal sørge for universell utforma fortau/gangfelt og velje miljøvennlege materialer.
Framdrift for prosjektet
Vestland fylkeskommune og entreprenør Consto har no starta produksjon av Paradis G/S-bru.
Sjå fleire bilete av produksjonen bak nye Paradis bru
Alle foto: CSUB
Det er i første omgang bestilling av materiale til produksjonen, og bygging av produksjonsformer. Produksjonen er godt i gang hos produsenten Csub, på fabrikken deira i Arendal.
VLFK og Consto tek sikte på at brua no kan opnast til sommaren 2024. Nærare dato for transport og installasjon, og opning, vil vi komme tilbake til.
Brua blir produsert på fabrikk, før heile brua blir transportert til Paradis og løfta på plass. Alle detaljar rundt dette er ikkje endeleg avklart.
Brua er 7 meter brei, og 42 meter lang.
Anna fakta om brua
- Mikroplast: Det er ikkje fare for mikroplast frå brua. Brua skal ikkje gå i opplysning. Glass- og karbonfiber er mykje brukt i båt/skip og i offshorebransjen, og alt viser til at dette har godt holdbarheit. Til dømes er ei samanlikning at det vil komme meir mikroplast av sykkeldekka som syklar på brua, en av sjølve brua.
- Miljøavtrykk: Vi har ikkje rekna på miljøavtrykk for brua spesifikt, men erfaring frå tilsvarande prosjekt viser at kompositt-konstruksjonar er det mest miljøvenlege alternativet, samanlikna med betong og stål.
- Design: Da konseptet blei utarbeida, under Statens vegvesen, var fokuset byggbarheit. Utforminga gjer det enklare å bygge brua, og mogleggjer å transportere brua i en hel del frå fabrikk, noko som er arbeidsbesparande.
Motsetnaden hadde vore å montere brua på Paradis, noko som ville ha medført meir stenging av vegen. Fagverksbruer som dette, som en tradisjonelt ser på jernbane, har generelt lik utforming.