September 2026
Frå og med veke 39 (måndag 21. september) til og med veke 51 (torsdag 17. desember), vil Ådlandsvegen vere stengt for all trafikk måndag til og med torsdag mellom kl. 08.30-12.00.
- Stenginga gjeld mellom Fosse 1 og nedkøyringa til Litlebergen.
- Bussar som skulle gått i tidsrommet 08.30-12.00 kjem ikkje til å gå.
I septemeber hadde entreprenøren ei økt med elevar på Grasdal skule, der entreprenør infomrerte om trygg ferdsel langs anleggsmaskiner. Entreprenøren fortalte om blindsoner for lastebil og gravemaskin.
Det er også viktig å opprette augekontakt med sjåføren før ein skal gå forbi. Etterpå fekk elevna prøvesitje både gravemaskin og lastebil. Det var veldig populært å teste fløyta på begge maskinene!
August 2026
Frå om med tysdag 18. august til og med torsdag 27. august blir Ådlandsvegen stengt i periodar. Vegen er open fredag, laurdag og søndag.
Stenginga gjeld:
- - Strekninga mellom Fosse 1 og Ådlandsvegen 98
- - Måndag til torsdag, kl. 08.30–12.00 (utanom måndag 17. august)
Buss vil sleppe igjennom i stengingsperioden.
I denne perioden skal entreprenøren klargjere for lysregulering i området. Som ein del av dette arbeidet må vegen utvidast for å etablere møteplass under lysreguleringa.
Vi beklagar ulempa dette medfører.
Juni 2026
I veke 25 vert det oppstart av skogrydding langs vegen mellom Fosse og Moldekleiv. Det må då påreknast periodevise stengingar på opptil 15 minutt.
No held vi på å etablere «tipp» (ein plass til oppbevaring av stein, jord og andre massar vi grev opp) på Espetveit nord for vegstrekninga, fjellsikringsarbeid, og etablering av riggområde.
Dei neste vekene vil aktiviteten auke. Det blir mellom anna trefelling langs vegen, sprengingsarbeid, flytting av eksisterande vegbelysning og leidningsnett, samt oppstart av gravearbeid for kulvert på Sunde.
For trafikantar vil dette medføre periodar med lysregulering og kortare stengingar på inntil 15 minutt. Det vil etter kvart også bli behov for lengre stengingar. Ved slike stengingar vil nøyaktige tidspunkt og varigheit bli varsla via prosjektet si heimeside og på 175.no, og det blir skilta. Ved stengt veg vil omkøyring gå via fv. 5312 Grågotene–Meland.
Det blir gjort merksam på at denne vegen har lengdeavgrensing på 12,40 meter.
Mai 2026
Stor interesse for vegprosjetet på folkemøtet 19. mai med ca. 180 frammøtte. Fylkeskommunen og entreprenør informerte, og det blei stilt mange gode spørsmål frå salen. Den siste halvtimen fekk dei frammøtte mogelegheit til å snakke direkte med både fylkeslkommunen og entreprenøren sine representantar.
April 2026
I slutten av mars signerte Vassbakk og Stol og Vestland fylkeskommune kontrakt. Byggestart blir i midten av mai 2026.