Opningsmarkering i Eikefjorden

Fredag 14. august blir det feiring av to nye bruer, og ny gang- og sykkelveg på fylkesveg 611 mellom Eikefjord sentrum og stadion.

Markeringa finn stad ved brua nærmast sentrum og startar klokka 15.30. Det blir taler, underhaldning og snorklypping ved fylkesordførar Jon Askeland.

Alt av program skal vere ferdig i god tid før den offisielle opninga av Eikefjorddagane klokka 17.00.

Vi oppmodar alle om å parkere andre stader, og ta beina fatt til opningsplassen.

Opningsmarkeringa skal vere rett ved nye indre Hovland bru, ned mot sjøen. Sjå grusa område markert med pil på dette bildet. (Foto: Stian Støfringsstøl/Vestland fylkeskommune)
Opningsmarkeringa skal vere rett ved nye indre Hovland bru, ned mot sjøen. Sjå grusa område markert med pil på dette bildet. (Foto: Stian Støfringsstøl/Vestland fylkeskommune)