God framdrift i Eikefjorden
Dei to nye bruene på fv. 611 er ferdige, og sluttarbeidet på gang- og sykkelvegen mellom skulen og stadion går for fullt fram mot sommaren. I august blir det offisiell opning under Eikefjorddagane.
Det er eit fantastisk flott veganlegg som no går inn i sluttfasen.
Kleivaelva og Hamnaelva vert kryssa av to nye bruer, som kviler på flotte og gode natursteinsmurar.
Vel så viktig for innbyggjarane i Eikefjord er den nye gang- og sykkelvegen, som startar ved skulen og går heilt til Eikefjord stadion. Dette er eit etterlengta tiltak som gjer at snart kan alle gå og sykle trygt langs fylkesvegen.
– Legginga av kantstein går godt, og det minkar for kvar dag. Samtidig blir sideareal, avkøyrsler og grøfter ferdigstilt fortløpande. Vi er også godt i gang med asfaltarbeid på gangveg og midtrabatt. Vi jobbar no iherdig mot å få lagt nytt bære og slitelag på vegen før fellesferien, fortel Bjørn Andre Storøy, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.
Missing link
Når del 1 og del 2 av prosjektet er ferdige til hausten, held prosjektet fram med del 3, som går om lag 200 meter vidare vestover til riksveg 5. Dermed blir gangvegen ved krysset til stadion knytt saman med eksisterande gangveg som går langs riksveg 5. Kommunen får samtidig heilt nytt VA-anlegg på dette strekket. I tillegg blir det etablert nye trekkerøyr i grøft for fleire aktørar.
– Med dette får vi ein samla og framtidsretta teknisk infrastruktur på heile strekninga frå Eikefjorden sentrum heilt til krysset ved riksveg 5, seier prosjektleiaren.