Ferdig med første bru i Eikefjorden

Til helga blir den nye brua på fylkesveg 611 opna for trafikk i eitt felt. 

Naturskjønt kystområde med en blanding av bolighus og naturlig grøntområder. En vei går langs kysten, med flere hus plassert nær veien. Kystlinjen har steinete strender og klart vann, med noe vegetasjon synlig under vann. I bakgrunnen er det åser dekket av tett skog.
HOVLANDSBRUENE: Den nye brua kryssar Kleivaelva, og erstattar dei to gamle Hovlandsbruene. (Foto: Bjørn Andre Storøy/Vestland fylkeskommune)

Brua kryssar Kleivaelva, rett utanfor Eikefjord sentrum. Her var det tidlegare to gamle bruer som no er erstatta av ei platebru i to spenn, 21,55 meter lang. 

I samband med bruarbeidet har vegen vore stengd for all trafikk sidan i fjor haust. 

Opnar heile strekket for gåande og syklande 

Et stort telt med hvit duk og grønne gardiner som henger ned fra taket. Inne i teltet er det en nylagt asfaltvei, og to arbeidere iført rød arbeidsuniform og hjelm jobber på veien. På venstre side av bildet er det verktøy og materialer, inkludert en trillebår. I bakgrunnen kan man se ut av teltet til et grønt område med trær.
SNART FERDIG: Frå asfalteringa av brua i førre veke. Brua blir i første omgang opna kun i eitt køyrefelt.

Neste bru som skal takast att er brua over Hamnaelva, og der er ei ny midlertidig gangbru allereie klar. Dermed kan gåande og syklande passere gjennom anleggsområdet heile vegen frå sentrum til idrettsplassen.  

– Dette vil gjere det lettare for alle som bur i området, og for dei som skal til idrettsplassen, seier Bjørn Andre Storøy, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune. 

Han er godt nøgd med at prosjektet no har nådd ein viktig milepæl. 

– Vi har støtt på utfordringar undervegs, mellom anna ekstreme mengder regn og flaum i ei avgjerande periode i anleggsarbeidet. Arbeidet har likevel gått veldig greitt, og resultatet ser bra ut, seier Storøy.