Skredsikringsprosjektet vert lyst ut i månadsskiftet

Konkurransegrunnlaget for tunnel og skredsikring mellom Heilevang og Hestvika på fv. 609 vert lagt ut i månadsskiftet september/oktober.

— Det har vore stor interesse rundt prosjektet, det såg vi då vi arrangerte marknadsdialog tidlegare i sommar, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.

Konkurransegrunnlaget er no til intern kontroll i fylkeskommunen, før det om få veker vert presentert for marknaden.

Sjølve utlysinga skal gjennomførast som konkurranse med forhandlingar, ei anbodsform som fremjar dialog og samspel mellom byggherre og entreprenør. Val av rett entreprenør skal ikkje berre gjerast på basis av pris, men også planar for organisering og gjennomføring av prosjektet. 

Etter planen skal kontrakten signerast i juli 2024, med anleggsstart hausten samme år. Byggetida blir omlag fire år, med frist for ferdigstilling i juni 2028.

Fjord med grønn skog og steile fjellsider lengre bak. Nokre hus nede ved fjorden.
Dronefoto av fv. 609 frå Heilevang i retning Hestvika.