Samla entreprenørane til tilbodskonferanse

Oppdraget med å skredsikre fv. 609 mellom Heilevang og Hestvika vart lyst ut tidlegare i oktober, og denne veka vart entreprenørane invitert til møte med Vestland fylkeskommune.

Tilbodskonferansen er ein del av utlysingsprosessen, og skal vere ein arena for å gå igjennom oppdraget, avklare det som måtte vere uklart i tilbodsdokumenta og få fram utfordrande punkt ved prosjektet.

Lausmassetunnel ved Heilevang

Sidan mange av entreprenørane deltok på marknadsdialogen som vart gjennomført i juni, der det også var synfaring ute på prosjektområdet, vart det kun ei samling innomhus i Førde denne gongen.

Menneske samla i møterom. Kvinne står ved talarstol, viser presentasjon på lerret.
GJENNOMGANG AV KONKURRANSE: 15 deltakarar var møtt fram for å høyre meir om skredsikringsprosjektet på fv. 609 mellom Hestvika og Heilevang.

Byggherre presenterte ulike sider ved rassikringsprosjektet som geologi, prosjektering, HMS, elektro og rasfare. 
Det vart sett av mykje tid til eit utfordrande element ved prosjektet – lausmasstunnelen på Heilevang. Av den 2500 meter lange tunnelen, må 70 meter byggast i lausmasse. Dette krev ein annan arbeidsmetode enn driving av ein tradisjonell bergtunnel.

– Entreprenørane som får oppdraget må ikkje ha erfaring med lausmasstunnel, men må knytte til seg kompetanse som har erfaring frå denne type tunneldriving, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.

Mann står framfor skjerm som viser bilde av fjordlandskap og tittel Tilbudkonferanse fv. 609 Heilevang.
PROSJEKTLEIAR: Jon Harald Huseklepp i Vestland fylkeskommune skal leie arbeidet fram til ny tunnel står ferdig i 2028.

Dei grunnundersøkingane som er utført av Vestland fylkeskommune skal gje entreprenørane nok grunnlag til å fastsette pris og metode, men det må påreknast ytterlegare grunnundersøkingar som ein del av detaljprosjekteringa.

Kontraktsignering juli 2024 

Framdriftsplan for utlysingsprosessen vart også gjennomgått; dei som vil delta i konkurransen må levere søknad innan 17. november 2023.
I løpet av veke 50 vil invitasjonane gå ut til dei som blir med vidare i anbodsprosessen. Den skal gjennomførast som konkurranse med forhandlingar, ei anbodsform som fremjar dialog og samspel mellom byggherre og entreprenør. 

– Målet er at oppdragsgjevar og leverandør saman skal finne løysingar som best løyser oppdragsgjevar sine behov. Val av rett entreprenør skal ikkje berre gjerast på basis av pris, men også planar for organisering og gjennomføring av prosjektet, seier prosjektleiaren.

Tilbodsfristen for første levering er 29. februar 2024, forhandlingane er planlagt avslutta i mai/ juni. Kontrakten vil signerast primo juli 2024, med anleggsstart hausten same år. Byggetida blir omlag fire år, med frist for ferdigstilling i juni 2028.

Publisert 3. november 2023