Open dag
Vestland fylkeskommune og Hæhre inviterer til open dag søndag 18. oktober klokka 17.00.
Oppmøte er ved anleggsområdet i Hestvika. Her vil du få ei orientering om prosjektet, og møte folk frå fylkeskommunen og entreprenøren.
Vil du sjå korleis tunnelen blir? Då kan du bli med bort til inngangen til Hundsånatunellen for eit lite innblikk. Det blir også høve til å få seg ein kaffikopp og noko å bite i.