Ny utlysing av Heilevang-prosjektet
Vestland fylkeskommune er glade for å kunngjere at rassikringsprosjektet på fylkesveg 609 ved Heilevang no er klart for ny utlysing.
Førre konkurranse vart avlyst grunna uvisse knytt til stabiliteten i området der tunnelen skulle gå inn på austsida, og risiko knytt til løysinga som var planlagt her. No vert oppdraget lyst ut på nytt, med nokre endringar.
Veglinja er flytta, og det er ikkje lenger behov for tunnel i lausmasse. Tunnelen skal framleis gå mellom Heilevang i aust og Hestvika i vest, og blir i alt 2470 meter.
Det skal i tillegg byggast 1200 meter ny veg i dagen. Det skal også byggast ny bru over Heilevangselva, tre nye avkøyrsler og to busslommer. Tre avkøyrsler skal utbetrast, det skal byggast nye landbruksvegar og gjerast tiltak for mjuke trafikantar.

Prekvalifisering og forhandlingar
Prosjektet skal lysast ut som konkurranse med forhandlingar, ei anskaffingsprosedyre som fremjar dialog og samspel mellom byggherre og entreprenør.
Interesserte entreprenørar skal først igjennom ei prekvalifisering, der tre til fem entreprenørar blir invitert med vidare. Desse skal igjennom fleire forhandlingsrunder med fylkeskommunen, før dei skal levere eit endeleg tilbod.
Val av entreprenør skal ikkje berre gjerast på basis av pris, men også planar for organisering og gjennomføring av prosjektet. Entreprenørane må også oppfylle ei rekke krav knytt til miljø og klima.
Oppstart 2026
– Vi tek sikte på kontraktsignering ved årsskiftet, og målet er anleggsstart tidleg i 2026, seier Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.
Prosjektet skal lysast ut som ei totalentreprise, det betyr at entreprenørfirmaet som får oppdraget både skal prosjektere og bygge tunnelen.
– Alternativet hadde vore at vi sjølve skulle prosjektert, noko som hadde teke ytterlegare fleire månader. I ei totalentreprise kan noko av prosjekteringa utførast samstundes som prosjektet er i gang, seier Huseklepp.
Tunnelprosjektet vil ha ei forventa byggetid på cirka 4 år.