Ny og betre turparkering til Blegja

I samband med bygginga av tunnel på fv. 609 mellom Heilevang og Hestvika er utfartsparkeringa til fjellet Blegja oppgradert.

Tidlegare har dei som skulle starte på den krevjande turen til toppen av det 1305 meter høge fjellet, parkert i ei lomme på sida av vegen i Rørvika, der Askvoll kommune har sine informasjonstavler. No er området utvida bakover. Det nye parkeringsområdet vil romme om lag 10-12 bilar.

Nyleg opparbeidd grusplass i eit grønt fjellandskap. Skogkledde åsar og mørke regnskyer i bakgrunnen. Informasjonsskilt med kart står i forgrunnen.
INFOSKILT ASKVOLL: Plasseringa av parkeringsplassen er den samme som tidlegare, men er utvida bakover.
Nyleg opparbeidd grusplass i eit grønt fjellandskap. Ein bil står på plassen, med skogkledde åsar og mørke regnskyer i bakgrunnen.
TOPPTUR-PARKERING: Det nye parkeringsområdet vil romme om lag 10-12 bilar.

 

Full aktivitet i Hestvika

Oversiktsbilete av eit anleggsområde med gravemaskiner, brakker og mellombelse hallbygg. Arbeid pågår i ei utsprengd fjellskjering omgitt av skogkledd terreng.
RIGGOMRÅDE HESTVIKA: Dette blir basen for mykje av aktiviteten på rassikringsprosjektet på fv. 609.

Våren og forsommaren har elles gått med til førebuing for oppstart tunneldriving. I Hestvika, i retning Askvoll, er arbeidet med påhogget for tunnelen godt i gang. Det er laga anleggsveg opp til tunnelpåhogget, gravd vekk massar inn på fjellet og deponia står snart klare til å ta i mot tunnelstein. I tillegg til terrenginngrep, har entreprenør rydda skog og sett opp verkstadhall, slurryhall, kontorrigg og reinseanlegg i Hestvika.

Gravemaskin arbeider i ei djup utsprengd byggegrop omgitt av bratte fjellveggar som er sikra med sprøytebetong.
PÅHOGG: Med alle godkjenningar på plass er det klart for oppstart tunneldriving rett over sommarferien.

På Heilevang er det gjennomført prøvegraving og anna førebuing av påhoggsområdet, men det meste av tunneldriving skal i hovudsak skje frå Askvoll-sida.

Klarsignal for å starte tunneldriving

Sjølve tunneldrivinga startar først over sommaren. Prosjektet har venta på godkjenning frå Vegdirektoratet på søknad om byggestart på drivinga, og den kom denne veka.

– Dette var ei skikkeleg glad-melding før ferien. Når vi kjem tilbake i august vil det ganske snart vere klart for å sprenge første salve frå Hestvika, seier Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Det blir full stans på anlegget frå 4. juli og tre veker framover – veke 28, 29, 30.

Publisert 3. juli 2026