Signerte kontrakt med Hæhre på Heilevang-prosjektet

Vestland fylkeskommune og Hæhre har signert kontrakt på rassikring av fv. 609 mellom Hestvika og Heilevang. Kontraktssummen er på 767 millionar kroner eks.mva.

Det betyr at det endeleg er klart for oppstart på prosjektet.

Lyst ut for andre gong

Grunna usikkerheit knytt til stabiliteten i området der tunnelen skal gå inn ved Heilevang, vart anbodskonkurransen avlyst i 2024, og prosjektet lagt ut på nytt i 2025 utan lausmassetunnelen som var med i dei opphavlege planane. 

Prosjektleiar i Vestland fylkeskommune, Jon Harald Huseklepp, er glad for å endeleg komme i gang med prosjektet.

– Det har vore ei lang reise, med avlysing av første konkurranse, reguleringsendring på Heilevang og ein ny anbodsprosess. No ser vi fram eit godt samarbeid med Hæhre og eit godt sluttresultat, seier Huseklepp.

Mann i rutete skjorte står framfor skjerm som viser bilde av fjordlandskap.
PROSJEKTLEIAR: Jon Harald Huseklepp i Vestland fylkeskommune skal leie arbeidet fram til ny tunnel står ferdig i 2029.

Kontraktsparten er like optimistisk før oppstart.

– Vi er svært glade for tilliten Vestland fylkeskommune har vist oss gjennom tildelinga av kontrakten på fv. 609 Heilevang. Dette er eit viktig prosjekt for oss, og vi ser fram til å kome i gang med arbeidet og samarbeidet med fylkeskommunen, seier Ole Jakob Gjetrang, prosjektdirektør i Hæhre Entreprenør AS.

Portrettfoto av mann med blå t-skjorte med krage.
Ole Jakob Gjetrang, prosjektdirektør i Hæhre Entreprenør AS.

– Å byggje tunnel og veg i Vestland er både spanande og meiningsfylt, og vi vil bruke kompetansen og erfaringa vår frå liknande prosjekt til å gjennomføre dette oppdraget på ein trygg og effektiv måte, med høg kvalitet i alle ledd, seier han.

Det vil kanskje bli noko prøvegraving og mindre arbeid dei komande vekene, men anleggsarbeidet vil først komme i gang for fullt etter påske.

Tunnelen mellom Hestvika og Heilevang skal stå ferdig i november 2029.