Informasjonsmøte i Kvammen

Vestland fylkeskommune inviterer til informasjonsmøte om skredsikringsprosjektet fv. 609 Heilevang, tysdag 28. mars kl. 18.00-20.00, i Allaktivitetshuset på Høgda.

På dette møtet vil fylkeskommunen presentere prosjektorganisasjonen, og gå igjennom reguleringsplanen og planane for trafikkavvikling. Vi vil også seie noko om vidare framdrift i prosjektet, både når det kjem til utlysing av prosjektet, oppstartsfase og seinare godkjenning av tunnel og bruer. Det vil også bli informert om erverv av grunn, og kva rettar grunneigarar har i samband med vegbygging.

Etter informasjonsrunden blir det opna for spørsmål i plenum og uformell prat fram til møteslutt.

Vel møtt!

Fjord med grønn skog og steile fjellsider lengre bak. Nokre hus nede ved fjorden.
Dronefoto av fv. 609 frå Heilevang i retning Hestvika.