Arbeidet er i gang på fv. 609 Heilevang

Arbeidet med skredsikringa mellom Heilevang og Hestvika er no i gang. På eit ope møte i Kvammen fekk naboar og lokalsamfunn informasjon om anleggsdrift, riggområde og kva dei kan vente i anleggsperioden.

Landskap med grusveg, spreidde hus og tre i forgrunnen, og bratt fjellside til høgre under klar blå himmel.
FORSKJÆRING: Grunnarbeidet er i gang i Hestvika. Her skal tunnelen gå inn i fjellet frå vest.

Det er allereie i gang grunnarbeid og forskjering i Hestvika. Arbeidet blir utført av Førde firmaet Entreprenørservice på oppdrag frå totalentreprnør Hæhre.

Anleggsbase og brakkerigg

Hæhre vil ha kontorbygg i Hestvika, her skal også byggherre Vestland fylkeskommune ha sine kontor. Bustadbrakkene blir sett opp ved nærbutikken i Kvammen. 
Allaktivitetshuset vert utleigd til entreprenør i anleggsperioden, og i dei same lokala som folkemøtet vart arrangert vil det serverast frokost, middag og kvelds til svoltne vegarbeidarar.

Nokre av dei frammøtte uttrykte uro for konsekvensane av at 50–60 arbeidarar flyttar inn i eit elles fredeleg buområde. Prosjektleiinga kunne forsikre dei frammøtte om at gamle myter om anleggslivet nok er utdaterte.

– Skifta våre går heile døgnet, også på søndagar. Det er ei ordning arbeidarane ynskjer, for då får dei lengre friperiodar.  Då er det ikkje mykje ledig tid ut over jobb, mat og søvn, seier Einar Tvinnereim, prosjektleiar i Hæhre.

– Vi håpar at vi heller vil bidra positivt til å styrke lokalmiljøet, butikken og anna næringsverksemd. Dei som har hatt nattskift vil nok ta turen bortom butikken, vi ser føre oss at dei i kaffikroken her etterkvart veit meir om prosjektet enn vi i leiinga, spøkte Bjørnar Moen anleggsleiar i Hæhre Entreprenør.

Publikum sit samla i ein sal og lyttar til ein presentasjon, med skjerm og føredragshaldar fremst i rommet.
FULLSETT: Bortimot 75 personar møtte opp på folkemøte i Allaktivitetshuset på Høgda.

Omsyn til naboane

Oppstarten på tunneldrivinga vil merkast i heile området men dei som får anleggsdrifta tettast på er dei som bur i Hestvika. Brorparten av tunneldrivinga skal skje frå vest. Det vil bli auka anleggstrafikk mellom tunnelrigg og deponi, og det vil bli både støv og støy frå tipping og knusing av stein.

– Vi skal ivareta naboane, vi ynskjer ikkje å bli ei stor belastning. Vegomleggingar vil varslast, mest gjennom skilting. Det er betydelege mengder stein som skal flyttast på, så her må vise felles omsyn, seier anleggsleiaren.

Støy, støv og anleggstrafikk

Tunnelentreprenøren skal gjere tiltak mot støv frå anleggsvegane, som salting og vatning. Støy og støv frå knusing og tipping av stein er ikkje til å unngå, men entreprenøren vil gjere avbøtande tiltak, som å legge opp støyskjermar.

– Det blir sannsynlegvis ein mindre runde med knusing av stein på starten av anlegget, og ei litt lengre runde seinare. Sjølv om det blir døgndrift på anlegget, har vi strenge krav for støyande arbeid på natt. Sei i frå til oss om det blir for ille, så skal vi gjere ytterlegare tiltak. 
Hæhre har også ei eiga nabokontakt som vil hjelpe og svare ut spørsmål frå naboane - Karsten Ekeren.

Besøkande som skal inn på anlegget må ha følgje med entreprenør, vere registrert på anlegget og få utlevert godkjent verneutstyr. Alle som skal utføre arbeid på anlegget må ha inntakskontroll og oppstartskurs, og vere godkjent av byggherre.

Sprenging og tryggleik

Dei frammøtte på folkemøtet hadde også mange spørsmål knytt til sprenging, både når det kjem til lyd og rystelsar.

– Vi har allereie sprengt litt mindre salver. Når vi startar på sprenging i tunnel vil det høyrast igjen, spesielt nærast utgangane. Sprengingane skal varslast med sirene, og er vegen innanfor sikkerheitssona blir også vegen stengd akkurat når salva skal gå. Men stengingane tek forhåpentlegvis kort tid, forklarte Bjørnar.

– Når det kjem til ras utløyst av sprengingar trur vi ikkje dette blir eit problem, men vi vil gjere vurderingar undervegs. Når vi sprenger tunnelen er vi langt inne i fjellet, og rystelsar avtek veldig i omfang ved avstand.

Lang kamp mot tunnel

Fem personar står innandørs og held innramma T-skjorter og ein handlepose med tekst og logoar.
ETTERLENGTA: Prosjektleiar Einar Tvinnerein i Hæhre og Jon Harald Huseklepp i Vestland fylkeskommune fekk utdelt t-skjorter frå Rassikringsgruppa for fv. 609 Heilevang.

Etter år med engasjement, håp og uthald kunne Kurt Hafstad og resten av arbeidsgruppa «Rassikring fv. 609 Heilevang» endeleg markere slutten på ein lang kamp - og starten på noko nytt.  

– Vi gler oss uendeleg mykje til opning av Hundsånatunnelen. Dette er starten på noko nytt og betre – ein ny kvardag med trygg framkomst.
Rassikringsgruppa har sidan 2013 jobba for rassikring av strekninga mellom Heilvang og Hestvika, og gjennom desse åra har det vore både oppturar og tilbakeslag. Som ei markering av at ein no endeleg er i gang med arbeidet fekk prosjektleiarane i Hæhre og Vestland fylkeskommune utdelt kvar si innramma t-skjorte som eit symbol på den lange vegen fram, og ei påminning om kvifor dette prosjektet er så viktig for folk.

Spørsmål og svar frå folkemøtet

Vil den nye digitale skilttavla ved Steinen bli brukt under anleggsperioden?
Nei. Skilttavla vil hovudsakleg bli brukt av dei som driftar vegen. Informasjon til trafikantane vil i hovudsak bli gitt gjennom skilting på staden.

Kan privatpersonar få eller kjøpe overskotsmassar frå anlegget?
Nei. Vestland fylkeskommune eig massane og har ikkje praksis for sal eller utdeling til privatpersonar. Disponering av massar er regulert gjennom reguleringsplanen.

Blir det knusing av stein i Rørvika eller på Heilevang?
Nei. Det er ikkje planlagt knusing i Rørvika eller på Heilevang. Eventuell knusing skjer i Hestvika, der anlegget er lagt opp for det.

Kvar blir brakkeriggane plassert?
Det blir etablert tre brakkeriggar i Kvammen: to bak nærbutikken og ein kombinert kontor  og bustadrigg for byggherre der containerane står i dag. Det blir også lagt til rette for parkering.

Kva skjer med onsdagskaféen i Kvammen?
Onsdagskaféen skal halde fram, men med nokre tilpassingar i anleggsperioden.

Kor blir riggområdet på Heilevang?
Plasseringa er ikkje endeleg avklart, men det er aktuelt med eit område ned mot elva, ved landbruksbrua.