Arbeidet med å bygge tilkomstvegar til brua starta hausten 2022, og i løpet av det neste året vart det bygd over fire kilometer veg på begge sider av sundet. Vegbygginga vart utført av Lesja Bulldozerlag.
I desember 2023 starta bruentreprenør Skanska på rigginga i Søre Mortavika, som skal vere deira base i anleggsperioden.
I byrjinga av 2024 var det mest aktivitet under vatn, for å førebu reis av bruseøyler. Sommaren 2024 vart to senkekasser/brufindament frakta ut i sundet, og senka ned på botnen. Støypinga av brusøylene heldt fram gjennom resten av 2024 og starten på 2025.
Før sommarferien i 2025 nådde prosjektet ein viktig milepæl: første støyp av sjølve brua.
I løpet av 2026 kom høgdepunkta på rekke og rad: I mars var vi halvvegs, då var det støypt 406 av 811 meter bru. I juli vart den første samankoblinga fullført då bruarmane mellom akse fem og seks vart støypt saman på undersida. Siste dagen i august vart siste støyp gjennomført, og dermed er heile brua kobla ihop.