Skal presentere tilrådingane for ny fv. 57
Torsdag 12. mai skal Vestland fylkeskommune orientere formannskapet i Sunnfjord kommune om planprogrammet for fv. 57 mellom Storehaug og Båtevika.
Planprogrammet inneheld ein silingsrapport som skal legge føringar for gjennomføring av eit framtidig planarbeid. Planprogrammet fastset kva alternativ som skal utgreiast i ei konsekvensutgreiing, og som skal resultere i ein kommunedelplan.
På bakgrunn av tidlegare planarbeid, innspel og eige arbeid er eit 20 tals veglinjer utvikla og undersøkt. 10 alternativ er vurdert som aktuelle og realistiske. Dei er tatt med inn i silinga.

Alternativa er vurdert ut i frå pris-sette tema, som byggekostnad, trafikkfordeling, etappevis utbygging, bustad-, arbeid og serviceregionsutvikling HAFS-Bygstad-Førde, geologi og rasfare og geoteknikk. Dei er også vurdert ut i frå ikkje-pris-sette tema som landskap, kulturarv, naturmangfald, naturressursar, friluftsliv, by og bygdeliv.
Tilråding
På bakgrunn av vurderingane vert det tilrådd å gå vidare med A-konseptet gjennom Bygstad for ny fv. 57, og tre ulike alternativ innanfor dette konseptet. Av desse tilrår fylkeskommunen å gå vidare med alternativa A1 og A2 gjennom Bygstad for vidare arbeid med kommunedelplan:

• A1 er eit av alternativa med lågast kostnad, samtidig som det har god måloppnåing på reduksjon i reisetid. A1 fangar også opp trafikken som i dag går over Åse, saman med lokal trafikk frå Bygstad. Alternativet fører trafikken gjennom busetnaden på Haugsbø, og vil dermed medføre krav om å sikre separat løysing for gang og sykkel i området.
• A2 er meir kostnadskrevjande enn A1, men har like god måloppnåing på reisetid. På trafikkfordeling er A2 litt betre enn A1 fordi det ikkje fører trafikken gjennom busetnaden på Haugsbø. A2 vil i liten grad medføre utbygging av løysing for gang og sykkeltrafikk, fordi det vert så lite trafikk igjen på lokalvegane at gåande og syklande kan bruke lokalvegane.
Vegen vidare
Neste steg er at Sunnfjord kommune skal førebu saka til planoppstart og offentleg ettersyn av planprogrammet. Saka er sett opp på agendaen i formannskapet 9. juni.
Når formannskapet har gjort vedtak om utlegging, vert det annonsert og gjort tilgjengeleg på Sunnfjord kommune si heimeside. Alle har høve til å kome med merknader til oppstart av plan og planprogram.