Slutt på langstengingane på fv. 57 Holmeli-Nistadlia

Fylkeskommunen si julegåve til folk og pendlarar langs Dalsfjorden er fast dekke og fri ferdsel.

Veg ved fjord, nylagt asfalt. Skodde. Sannsynlegvis haust, graset er gult, men ikkje snø eller frost.
(Foto: Andreas Flister/Vestland fylkeskommune)

Dei siste vekene har entreprenør på prosjektet arbeidd hardt for å få lagt det første asfaltlaget på den nye vegen mellom Holmeli og Nistadlia. Dei to topplaga vert lagt til våren, då skal også alle sideareala og siste del av tungsikringa gjerast ferdig.

Veg langs fjord, med svart, nylagd asfalt. Mange anleggsmaskiner som jobbar på vegen. Mellom vegen og fjorden er det gule bøar, nokre hus og løer.
(Foto: Andreas Flister/Vestland fylkeskommune)

I kontrakta mellom Vestland fylkeskommunen og Entreprenørservice AS var det sett ein sluttfrist på prosjektet i mai 2025. Sjølv om det framleis står att noko arbeid, så er det veldig gledeleg at vegen no har fått fast dekke, seier prosjektleiar Bjørn Andre Storøy.

– Det er ein stor fordel å få på asfalten før vinteren kjem for fullt, det gjer vinterdrifta lettare og tilhøva mykje betre for trafikantane.

Storøy oppmodar likevel dei som ferdast om å ta det roleg gjennom anleggsområdet. Vegen vil bli snevra inn til eitt køyrefelt i korte strekk der maskinene står og jobbar. Dette vil kunne variere på heile strekninga fram til prosjektet er ferdig.

Veg med nylagd asfalt, menge anleggsmaskiner som jobbar. I bakgrunnen ser vi ein fjord med fjell på andre sida. Skodde og grått vêr.
(Foto: Andreas Flister/Vestland fylkeskommune)