Siste finpuss på fv. 57 mellom Holmeli og Nistadlia
Etter halvanna år med anleggsdrift kan vegfarande no nyte knappe to kilometer med nybygd veg, gul midtstripe og mjuke svingar langs Dalsfjorden. Tysdag 27. mai blir det vegopning.
Veganlegget er nesten ferdig, det står berre att ein siste finpuss langs vegskråningane.

Kabeletatane skal fullføre sine prosjekt i løpet av mai. Det meste av denne aktiviteten skjer utanfor veglinja.
Tysdag 27. mai blir det høgtideleg opningsmarkering på Holmeli. Her blir det taler, underhaldning og snorklypping. I samband med arrangementet blir vegen stengd ein liten time midt på dagen.
Sjå annonsering i lokalmedia og trafikkmeldingar/175.no for oppdatering på stengetider.
