August/september 2026
Brua ved Rørdalsfjord må skiftast ut og vegen vil vera stengt i om lag tre veker. Det gjeld veke 36, 37 og 38. Følg med på 175.no for eksakt dato og eventuelle endringar.
Vi oppmodar alle som er berørte av stenginga om å følgje med på 175.no og Skyss sine sider for oppdatert informasjon.
Tips: I Statens vegvesen sin app "Vegvesentrafikk" så kan du legge inn ruta du skal reise og få pushvarsel på strekninga.
Oppstart juli 2027
Utlysinga av ny Rørdalsfjord bru vart først kunngjort i mars 2025, men vart avlyst grunna fleire usikre element.
Inspeksjon av eksisterande bru viste skader på stål og redusert bæreevne, og Vegdirektoratet har difor fastsett at brukslast må settast ned til 6 tonn aksellast, og 28 tonn totallast. For å sikre trygg framkomst fram til ny Rørdalsfjord bru står ferdig må det difor etablerast ei mellombels bru.
Den mellombelse brua, ei såkalla baileybru, planleggast med 10 tonn aksellast og 50 tonn totallast. Dermed vil innbyggjarane sine behov vere sikra fram til ei ny bru står klar over Rørdalsfjorden.
Prosjektet vil bli lyst ut på nytt i løpet av hausten 2026. Målet er å ha ei signert kontrakt i løpet av våren, med anleggstart innan 1. juli 2027.
Reguleringsplanen er vedteken
Solund kommune vedtok reguleringsplan for Rørdalsfjord bru i februar 2026, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12. Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan påklagast i samsvar med reglane i plan- og bygningslova og forvaltningslova § 28 og 29.
Sjå alle plandokument om Rørdalsfjord bru.