Ser du ikkje kartet rett over her, har du kanskje ikkje godteke cookieinnstillingane som krevs. Du kan anten endre samtykke og tillate cookies, eller du kan klikke her for å sjå kartet i eige vindauge.
I hovudsak skal det planleggast for tiltak på strekninga frå Kleivdalsvegen til bustadområda i Apalen og Helleåsen. Brua over E39 og haldeplassen for kollektiv ved E39 er teke med i plangrensa for å vurdere eventuelle mindre justeringar.
Løysingane i planen skal vere tilpassa landskap, stadleg karakter og eksisterande vegstruktur, og samstundes gi god trafikksikkerheit.
Planen skal vere vedtatt innan utgangen av 2027
Prosjektet er eit tiltak som er spelt inn til Miljøløftetfrå Alver kommune for å støtte til realisering av eit tiltak som skal auke tal gåande, syklande og kollektivreisande.
Har du innspel til planarbeidet?
I august blir det varsla oppstart av planarbeidet og berørte offentlege organer, grunneigarar, festarar, naboar og andre interesserte blir varsla med brev. Vi ber om innspel til planarbeidet, og ønsker dei tilsendt innan 4. september.
Send innspel til oss skriftleg anten:
- via eDialog
- med e-post til post@vlfk.no eller
- med vanleg post til Vestland fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger
Alle innsendingar må markerast med saksnummer: 2026/29005 eller med «Reguleringsplan for fv. 5452 Hillesvåg – Apalen».
Alle innsendingar vil også bli arkivert på saken og er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege etter Offentleglova.
Meir informasjon
Meir informasjon om planarbeidet finn de på nettsida arealplaner.no. Her ligg mellom anna planinitiativ og referat frå oppstartsmøte med Alver kommune.