Her er det som skal gjerast i Hagerups vei
Tiltaket er ein strekning på ca 1,2 kilometer og strekker seg frå Nattlandsveien i nordøst til Storetveitveien i sørvest. Det er berekna at potensialet for syklande på strekninga ligg mellom 300 og 1300 syklistar i døgnet.
Sykkelfeltet som er der i dag er smalt, og fleire stader er det parkering i gata utan at det er avgrensa mot sykkelfelta. Parkeringsplassane blir fjerna for å gjere det tryggare å sykle.
Strekninga har midlar i Miljøløftet sitt handlingsprogram i 2025 og 2028.
- Tilbodet til syklande skal betrast for å gjere strekninga meir attraktiv for syklistar
- Tiltak skal gjennomførast innanfor dagens vegareal, og utan reguleringsplan
- Gateparkering blir fjerna – det vil kun vere aktuelt med varelevering og noko parkering ved næringsbygget i Hagerups vei 32
- Hagerups vei blir forkøyrsveg
- Kantstopp på haldeplasser
- Raud asfalt i sykkelfelt
- Sykkelfelt bak haldeplassar
- Fartsreduserande tiltak som fartshumper
- Auka breidder på sykkelfelt og/eller fortau på deler av strekninga
- Forbetra utforming av kryss og avkøyrsler