Fv. 552 Hatvikvegen

Strekninga på fv. 552 Hatvikvegen skal utvidast, og den får gang- og sykkeveg og fornya bru. Arbeidet er mellombels innstilt mars 2025, vi kjem attende med nærare informasjon om framdrifta så snart som råd.

Fakta

Fase: Byggefase
Veg: Fv. 552
Område: Bjørnafjorden Kommune
Kostnad: 172 mill. kroner (2024-kr). Prosjektet blir i hovudsak finansiert gjennom Miljøløftet. Samtidig er det eit spleiselag med både kommunale og fylkeskommunale midlar, saman med bidrag frå utbyggarinteressene på Bjåneshalvøya.

Byggefase

Prosjektet starta bygginga i april 2024

Ferdigstilling

Grunna uventa opphald i arbeidet kan prosjektet vere ferdig hausten 2027.

Vegen er i dag smal. Strekninga som skal utbetrast er ca. 1,2 km lang, og Bøtre bru blir fornya. Vegen skal utvidast til to køyrefelt utan gul stripe og det skal etablerast tilbod for gåande og syklande.

Mellombels stopp i arbeidet

Hovudentreprenør for prosjektet, Bertelsen og Garpestad AS, meldte oppbod i mars 2025 og arbeidet stoppa. Anleggsområdet er no sikra, og vi kjem attende med informasjon om oppstart av arbeidet så snart som råd. Med dette kan prosjektet bli ferdigstilt hausten 2027. 

Trygg framkome

Bebuarane langs Hatvikvegen (Solstrand, Bø og Midtbø) har i dag ingen fortau eller gang- og sykkelveg mellom heim og skule, barnehage eller jobb på Osøyro. Det er ikkje mogleg å gå eller sykle til næraste busstopp utan å bevege seg ut i køyrefeltet for trafikk.

Ei løysing for gåande og syklande vil gjere vegen tryggare for alle, redusere bilbruk på korte reiser, og legge til rette både for å gå, sykle og nytte kollektivtrafikk. 

Samtidig med gang- og sykkelvegen skal det leggast ned infrastruktur i form av vatn, avløp og fiber, og Bøtre bru vil bli erstatta av ein kulvert. 

Du kan lese meir om prosjektet på Miljøløftet.no.

 

Kontaktpersoner

Ola Klyve Dalland

Byggeleiar