Systematisk folkehelsearbeid i Vestland 2026–2036
Den tidlegare nasjonale satsinga Program for folkehelsearbeid vert vidareført gjennom Systematisk folkehelsearbeid i Vestland 2026–2036.
Ei ny regional satsing for kommunane
Vestland fylkeskommune har starta ei ny, langsiktig satsing for å støtte kommunane i fylket med folkehelsearbeidet: Systematisk folkehelsearbeid i Vestland 2026–2036. Satsinga er vedteken av fylkesutvalet, og all kommunane i Vestland er inviterte til å delta.
Kva handlar satsinga om?
Kommunane har eit lovpålagt ansvar for å fremje innbyggjarane si helse og livskvalitet gjennom lokal utvikling, planlegging og tenesteyting. Nasjonale evalueringar viser at det er krevjande å skape god samanheng mellom oversiktsarbeid, plan, tiltak og evaluering.
Målet med satsinga er å gjere det enklare for kommunane å byggje gode system for dette arbeidet, tilpassa lokale behov og ressursar. Satsinga byggjer vidare på erfaringane frå det nasjonale Program for folkehelsearbeid i kommunane (2017-2027), og frå tilsynet på folkehelsearbeidet i kommunane i 2024/2025.
Satsinga inneber ingen nye oppgåver eller store krav om rapportering. Satsinga skal støtte kommunane sitt arbeid med å oppnå føremålet med folkehelselova, gjennom rettleiing, læringsnettverk og samarbeid, ikkje som eit ekstra prosjekt eller tiltak.
Kva får kommunane gjennom å delta?
- Samarbeid og erfaringsdeling med andre kommunar og relevante aktørar i Vestland
- Fagleg rettleiing og støtte til metode og verktøy
- Årleg utviklingstilskot til å gjennomføre satsinga i kommunen
For mindre kommunar gjev dette tilgang til kompetanse og støtte som kan vere krevjande å byggje opp åleine. For større kommunar gjev satsinga moglegheit for regional samordning og vidareutvikling av eigne system.
Utviklingstilskot
Kommunar som inngår partnarskapsavtale, får eit årleg utviklingstilskot for å gjennomføre satsinga. Tilskotet føreset årlege budsjettvedtak i fylkeskommunen, og at kommunen bidreg med tilsvarande innsats i form av arbeidstid og kompetanse.
Korleis kan kommunen delta?
Kommunane kan delta ved å inngå ein partnarskapsavtale med Vestland fylkeskommune. I løpet av hausten 2026 får alle kommunar i Vestland får ein formell invitasjon med meir informasjon, partnarskapsavtale og frist for politisk handsaming.
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss!