foto av Jon Askeland i birøktarutstyr
HANDLING: Fylkesordførar Jon Askeland er oppteken av at politikarane no må handle raskt, ikkje følgje opp ein plan med å bestille nye planar. Hobbyen hans som birøktar syner han korleis globale klimaendringar påverkar bier på nektarinnsamling i Nordhordland. Foto: Martin Håndlykken/Vestland fylkeskommune

– No må vi handle raskt!

Med eigne auge ser fylkesordførar Jon Askeland korleis globale klimaendringar treff heimen på småbruket på Radøy. Både naturen og ikkje minst biene blir påverka.

Fylkesordføraren forklarer korleis han ser klimaendringane påverke biene på Radøy.

– Dei seinare åra har eg sett ei endring i landskapet der eg bur. Naturen gror att. Det ser eg både fordi det er færre beitedyr, men òg fordi temperaturen har gått opp, og då skjer attgroinga raskare. Dette fører igjen til mindre artsmangfald, som igjen påverkar lyngmarka, som det blir mindre av. Mindre lyngmark påverkar nektarinnsamlinga til biene, som igjen produserer mindre honning, fortel Askeland.

Frå sin vesle flekk på jorda merker han tydeleg at han er ein del av verda og er treft av den globale oppvarminga.

VIDEO: Sjå fylkesordførar Jon Askeland i ei  litt anna setting enn den vi er vande til å sjå han i. Her snakkar han om korleis både han og biene hans kjenner klimaendringane på kroppen. Video: Martin Håndlykken/Vestland fylkeskommune.

Hobby-røktar

Biene er saman med sauer og frukt- og grønsaksdyrking, ein hobby han har saman med sonen, som driv småbruket på Radøy i dag. I ein kvardag med mange møte og problemstillingar som skal løysast, fungerer arbeidet med biene som eit friminutt frå resten av verda. Det fungerer dårleg med mobiltelefon inni birøktarutstyret, så her er det berre summinga frå biene som gjeld.

Kode raud

Askeland har også opplevd det endra klimaet på kroppen når han ferierer i Nordfjord. Enkelte stadar der det alltid tidlegare har vore bre, er det no barmark. Han er oppteken av kva vi må gjere for å vere med å bremse og aller helst stoppe klimaendringane. Korleis kan vi handle lokalt?

– Eg er djupt bekymra over at kloden kokar, og at vi ser negative effektar av klimaendringane. Og eg har ein politisk kjepphest. Når vi vedtek ein plan, så har vi ein tendens til å bestille nye planar. Kanskje må vi bli flinkare å snu på det og gå rett til handling. Vi må ha planar, dei materialiserer politikken. Men dei må omsetjast til handling raskt. Vi har dårleg tid; vi er på kode raud, seier fylkesordføraren og refererer til den siste klimarapporten til FN.

Rapporten kom tidleg i august, og generalsekretær António Guterres i FN omtalte han som «kode raud for menneskeheita».

birøktar i kvit drakt held opp honningbrett med bier.
BI-JOBB PÅ SMÅBRUKET. Foto: Martin Håndlykken/Vestland fylkeskommune.
nærbilde av bier
BITTERSØT FRAMTID. Foto. Martin Håndlykken/Vestland fylkeskommune.

Om det digitale klimamagasinet 

Klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga er eitt av fire mål i utviklingsplanen for Vestland. I dette digitale magasinet syner vi fram, gjennom 19 artiklar, noko av det vi har gjort så langt for å nå dette målet, og det vi gjer for å nå både vårt eige mål og dei 17 berekraftsmåla til FN innan 2030.

Vestland fylkeskommune har teke leiarskap i innføringa av elektriske ferjer, og vi er i dag regionen med mest elferjer i verda. Vi held fram og er med i eit pilotprosjekt for å utvikle framtidas hurtigbåtar i klimavenleg retning. Samtidig tek vi klimagrep når vi bygger vegar og bybane, vi bygger klimavenlege nybygg og er opptekne av resirkulering både på byggeplassar og i bygg. Fylkeskommunen gjer også mykje på klimafronten på dei vidaregåande skulane våre, der dei utdannar framtidas avgjerdstakarar. Dette er noko av det du kan lese om i Klimakappløpet mot 2030 – den grøne leiartrøya.

fylkesordføraren i birøkterutstyr
POLITISK KJEPPHEST: – Planane må omsetjast til handling raskt. Vi har dårleg tid; vi er på kode raud, seier fylkesordføraren Jon Askeland. Foto: Martin Håndlykken.

Utviklingsplan for Vestland 2020–2024

Mål 2: Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling

  • 2.1 Vestland skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030.
  • 2.2 Vestland skal sikre infrastruktur og forvalte viktige natur-, landskaps- og kulturverdiar.
  • 2.3 Vestland skal bidra til å nå klima- og miljømåla gjennom offentlege innkjøp.

 

Det digitale magasinet Klimakappløpet mot 2030 – den grøne leiartrøya, vart lansert 10. november 2021.