Flygende flaggermus
SÅRBAR: Det er ikkje berre berre å bygge ein veg. For kva med dei som bur der frå før? Flaggermus er ein av artane som ein må ta omsyn til til. Foto: Shutterstock.

Når ny veg skal byggast, er det nokon som tenkjer på dei som ikkje protesterer

Korleis bygge på lag med naturen? Vestland fylkeskommune lagar tørrpota undergang, sender flaggermus på hotell og fisk på vandring.

Eit sølvbrunt og hårete hovud stikk opp frå det grøne sivet og kikkar. Nakken er nesten like tjukk som hovudet, men kroppen er slank. Når han kryp rundt på land er bakparten krumma til vêrs. I vatnet beveger han seg elegant, med bølgande rørsler.

Oteren kikka på Jostein Soldal, geokjemikar og miljøkoordinator. Soldal skal sørgje for at den våte krabaten framleis får bevege seg der han vil når den nye vegen er bygd.

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

Gamal og smal veg

Aller helst vil fylkeskommunen ruste opp vegane som allereie er bygde. Ein sjeldan gong er den gamle i for dårleg stand til å reddast.

Den gamle vegen over Sletta på Radøy i Nordhordland er ikkje eigna for trafikken som køyrer her kvar dag. Bilistane må dele den allereie smale vegen med gåande og syklande. Trafikken er venta å auke fram mot 2040.

Difor er det bestemt at det skal byggast ny veg med to felt. Våren 2024 skal vegen stå klar til bruk. Eit kontaktutval styrer vegprosjekta i Nordhordlandspakken, og prioriterer kva som skal byggjast. Skal gang- og sykkelvegen droppast fordi han vert for dyr? Skal opsjonen på dei to siste kilometerane byggjast slik at vegen går heilt til Snekkeviken? Kva med faunapassasjen?

Faunapassasjen får stå. Ein tørrpota undergang for dyra i området.

Logo til FNs berekraftsmål 15

FNs berekraftsmål 15.9

Innan 2020 integrere verdien av økosystem og biologisk mangfald i nasjonale og lokale planleggingsprosessar, i strategiar for arbeid mot fattigdom og i rekneskapar.

Passar på

Før noko som helst blir bygd, vert det gjort ein konsekvensutgreiing med biolog. Då vert det avdekt om det er område som er sårbare, og som fylkeskommunen må halde seg unna. Biologane måler vassprøver, partikkel- og pH-verdiar kontinuerleg.

På dette prosjektet er det ei online løysing med alarm som vert oppdatert kvart 20. minutt. Skjer det noko uføresett, får Soldal vite om det kjapt. Elvar, bekker og vatn er vasskjelder for dyra som bur her, og det er viktig at ikkje dei vert forureina når vi bygger ny veg.

Tilpassa froskesteg

I skogen på Sletta bur det hjort, oter, amfibium og fisk. Ein del av jobben er å passe på at det vert tatt omsyn til dei som ikkje kan gi beskjed sjølve. Difor må Soldal vite kor frosken går for å finne vatn, kor han et, og kor han parar seg. Vert ein passasje flytta 50 meter, er det langt å gå for ein frosk.

Oter.
OTER: Illustrasjonsfoto: Shutterstock.
frosk
FROSK: Illustrasjonsfoto: Shutterstock.

Det finst krav til korleis ein faunapassasje skal utformast, kor brei, høg og lang han skal vere, at han skal ha naturleg lys og naturleg vegetasjon. Amfibium kan til dømes ikkje gå gjennom plastrøyr og må ha jord i botn.

Den viktige våtmarka

Våtmark er viktig å ta omsyn til. Når det kjem mykje nedbør, fangar marka dette opp og slepp vatnet sakte ut igjen. Nokre plantar kan suge opp vatn tilsvarande 40 gonger si eiga vekt.

– Myr unngår vi i størst mogleg grad, fordi det også vert lagra CO2 her. Vi flyttar vegen der vi oppdagar sårbare område. Våtmark betyr ofte at det er dyreliv, fortel Soldal.

Logo til FNs berekraftsmål 15

FNs berekraftsmål 15.1

Innan 2020 bevare og gå tilbake til berekraftig bruk av ferskvassbaserte økosystem og tenester som nyttar seg av desse økosystema, på land og i innlandsområde, særleg skogar, våtmarker, fjell og tørre område, i samsvar med forpliktingar etter internasjonale avtalar.

Flaggermushotell

Det gule tunnellyset bryt med dagslyset som kjem inn frå den store opninga i fjellsida. Holet frå den tida det ikkje fanst ei tunnelforskrift eller handbok å følgje når ein laga tunnel. Utanfor er det bratt ned i Innvikfjorden i Stryn.

Når den nye Blaksettunnelen er klar og kan takast i bruk, skal dei to gamle tunnelane frå 1959 støypast igjen i begge endar. Her skal det ikkje lenger køyre bilar, og det vert heller ikkje ope for gåande og syklande.

lys bryt seg inn i en tunell
VENTAR GJESTAR: Når den nye Blaksettunnelen er klar, kjem dei to gamle tunnelane bli opphaldsstad for flaggermus. Foto: Heidi Lise Ravnestad, Vestland fylkeskommune.

På slutten av 50-talet vart tverrslaga midt på tunnelane sprengt ut for å kvitte seg med stein. Tverrslaga blir ståande opne når tunnelane stengjer, og forhåpentlegvis flyttar det inn gjester av det mytiske slaget, som ikkje er like glade i dagslys som oter og hjort.

– I planlegginga av den nye tunnelen kom det forslag om å late tverrslaga stå opne, fordi tunnelane kan eigne seg som gøymestad for flaggermus, fortel byggeleiar Matias Gjøstein Sundal.

Viktig for reproduksjon

– Dette ser eg på som eit svært positivt tiltak. Fjordområdet i Stryn er eit viktig habitat for flaggermus i vårt område, seier Tore Christian Michaelsen.

Han er naturforskar, med flaggermus som spesialfelt. Michaelsen har publisert mange artiklar i internasjonale tidsskrift og held til Ålesund. Han har god oversikt over flaggermusbestanden på Vestlandet og har gjort mange undersøkingar i Stryn, blant anna i Flostranda.

Planane om å legge til rette for flaggermus i tunnelane i Blakset støttar han fullt ut. Michaelsen ser føre seg at tunnelane først og fremst kan bli eit viktig svermeområde.

– Gjennom forskinga mi har eg sett at mange flaggermusartar i våre trakter overvintrar i steinur, heller enn i holrom i fjellet. Men når dei skal sverme på hausten, ein viktig del av reproduksjonen, søker dei til holer eller tunnelar, fortel han.

Michaelsen har publisert ein studie om nettopp dette: «Roosts used by bats in late autumn and winter at northern latitudes in Norway». Ved å plassere radiosendar på dyra, bruke ultralyddetektorar, statistikk og analyse, har han god oversikt over kor flaggermusene helst vil vere.

Noreg er forplikta av internasjonale avtaler til å undersøke korleis inngrep i naturen påverkar flaggermus. Nordflaggermus, den mest vanlege flaggermusarten her i landet, er venta å kome på raudelista når den nye og reviderte utgåva vert lagt fram i november. Raudlista er ei oversikt over artar som er vurderte til å ha ein risiko for å døy ut i Noreg.

flaggermus
Foto: Shutterstock

Flaggermusene er spesielt utsette når menneske gjer inngrep i viktige jaktområde eller ynglekoloniar. Alle tiltak vegbyggarar kan gjere for å betre tilhøva for flaggermus, er positive. Tore Christian Michaelsen, naturforskar

Fisk på vandring

Godt samarbeid er ein føresetnad når fylkeskommunen skal finne løysingar der vi bygger veg. Det gjeld ikkje berre for dei firbeinte eller dei flygande, men også fisk på vandring.

– Det er viktig at vi tek vare på det naturlege livet når vi gjer såpass store inngrep som bygging av ny veg er, seier Øivind Bratthammer, byggeleiar på Sakseid–Hestaneset, eitt av vegprosjekta i Bømlopakken.

Han er glad for at den lokale interesseorganisasjonen har kartlagt og dokumentert at dei har lukkast med tiltaka prosjektet har gjort for å ta vare på fisken i området.

bakke med stein og lite vann. rør det kommer vann ut av .
FØR: Slik såg Grutlebekken ut før det blei bygd ein fisketrapp. Foto: Jarle Martinsen.
betongtrapp med rennande vann
ETTER: Fisketrappa med betongkummar gir gode levekår for laksen i Grutlebekken. Foto: Jarle Martinsen.

Dårlege kår for fisken

Visstnok stammar dei dårlege kåra for fisken frå 1941, då det vart bygd eit privat kraftanlegg som sperra elva. Kraftverket gjekk konkurs då det offentlege straumnettet vart bygd ut.

På 60-talet starta såkalla «naudarbeid» i dårlege tider, og vegarbeid var hovudsysselsettinga. Sprengstein vart gjerne lagt i elvar i området, som då fekk endå dårlegare kår. No er det gjort utbetringar på dugnad som delvis er finansiert av Vestland fylkeskommune.

Yngel og gytegroper

– I rapporten kan ein lese at det er observert positiv effekt på fiskelivet i bekkar og elvar. Her kan ein sjå ny og eldre yngel, auke av gytegroper, levande plommesekkyngel, vatn som er reinska og gytegrus av god kvalitet, seier Bratthammer.

Det største tiltaket for å sikre gode levekår for laksen er på fylkesvegen mellom Hestaneset og Tjong. Her er det bygd ei fisketrapp med betongkummar. Det er grave ned eit plastrøyr på over ein meter langs fisketrappa sånn at åleyngelen skal krype gjennom.

Ein spesialduk, eller ei matte som er egna for dette, dekker botn av røyret. Grutleelva, som ho heiter, er nesten 500 meter lang og går rett ned i sjøen.

I fjellet i Tverrbekken og Lyklingelva er det bygd ei fisketrapp, murt i naturstein langs elva. Området er reinska opp, og det er fylt på med gytegrus og stein.

På lag med naturen

Forslaga om faunapassasjar, flaggermushotell og fisketrapper kjem av at det tidleg i prosessen, lenge før bygginga tar til, har vore jobba med finne ei løysing.

– Når vi bygger ny veg fører det til inngrep i naturen, sånn at leveområde for planter og dyr kan gå tapt eller blir forringa. Fylkeskommunen streber etter å redusere konsekvensane vegbygginga får for naturen, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Naturmangfald er spesielt viktig å ta omsyn til der det vert bygd i urørt natur.

Vi skal bygge på lag med naturen. Dina Lefdal, avdelingsdirektør

Naturmangfald i regional klimaplan

Å sikre naturmangfald er eitt av tre overordna tema i planprogram for Regional plan for klima 2022–2035. Ida-Beate Mølmesdal og Snorre Waage frå Vestland fylkeksommune leiar planprosessen. Dei er klare på at dette ikkje blir ein rein naturmangfaldsplan, men lell:

– Alt heng saman. Endringar i klima påverkar naturmangfaldet, og endringar som pressar naturmangfaldet, som arealbruk, påverkar også klimaet. Det er ein kompleksitet her, men vi ønskjer å kople saman felles løysingar for både klima- og naturmangfaldsutfordringa i klimaplanen. Vi må sjå samanhengane, og vi må sikre den viktige integrasjonen mellom natur og klima, slår dei fast.