alle medlemmane av klimapartnar vestland står på rekke og halder opp henda.
SAMAN FOR KLIMAET: Leiar Renate Nedregård og klimapartnarar frå Vestland. Foto: Cecilie Bannow.

Kuttar utslepp og utviklar næringslivet

– Vi opplever stadig større interesse frå både næringslivet og kommunane. Forståinga av at noko må gjerast er meir etablert no enn for berre kort tid sidan, seier Renate Nedregård, ny leiar i Klimapartnere Vestland.

I sommar tok ho over stafettpinnen som leiar i organisasjonen. Klimapartnere Vestland er eitt av Vestland fylkeskommune sine viktigaste verktøy for å nå klimamåla. Målet er å kutte utslepp og samtidig skape grøn næringsutvikling.

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

Klimapartnararbeidet starta først i Agder i 2009. I 2012 blei modellen adoptert av Hordaland, då av Norsk klimastiftelse som såg etter eit verktøy for å involvere næringslivet i klimaarbeidet. I dag er Klimapartnere Vestland ein del av fylkeskommunen.

profilfoto Renate Nedregård

Renate Nedregård

  • Alder: 44
  • Stilling: Leiar i Klimapartnere Vestland
  • Bakgrunn: Journalist i NRK og TV 2, kommunikasjonsrådgjevar i mellom anna Sparebanken Vest, forfattar. 

Forpliktar seg til å bidra

– Klimapartnere er ein metode der offentlege og private verksemder og kommunar går saman i eit forpliktande partnarskap. Verksemdene som er med, er ikkje medlemmar, men partnarar, eit viktig skilje som viser korleis alle bidrar og jobbar saman mot eitt mål, seier Nedregård.

Logo til FNs berekraftsmål 17

FNs berekraftsmål 17.17

Stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunnet som byggjer på erfaringar med partnarskapa og ressursstrategiar.


Hordaland fylkeskommune var den andre regionen som blei med i arbeidet. I dag er det 65 klimapartnarar i Vestland og over 300 fordelte på ti regionar over heile landet. Ved å bli med forpliktar partnarane seg til å lage klimarekneskap, arbeide systematisk med miljøstyring, gjennomføre ei miljøsertifisering og forankre partnarskapet i toppleiinga.

Renate nedregård på talarstol
NY LEIAR: Renate Nedregård tok over stillinga som leiar i Klimapartnere Vestland i sommar. Foto: Cecilie Bannow.

Ein koplingsboks

Blant partnarane er det både store og små verksemder frå det offentlege og det private. Både bedrifter, kommunar, organisasjonar og utdanningsinstitusjonar deltar.

– Å legge til rette for samarbeid er noko av det viktigaste vi gjer i partnarskapet. Vi likar å sjå på oss sjølve som ein koplingsboks mellom ulike aktørar som ønskjer å vere pådrivarar for utsleppskutt.

Nedregård viser til samarbeidet mellom anleggsgartnarfirmaet Svein Boasson, Bergen kommune og Eviny som eit godt eksempel. Saman har dei fått til å lage ein utsleppsfri byggeplass i Nygårdsparken i Bergen.

Grønt på Springsteen-konsert

– Klimapartnere Vestland utfordrar partnarane til å sette seg mål om å bli fossilfri innan 2030, i tråd med Vestland fylke sitt overordna klimamål, seier Nedregård, og legg til at dei jobbar for å få partnarane til å skape sine eigne grøne spydspissprosjekt.

Eit anna eksempel gjeld eit samarbeid mellom Bergen Live og sponsoren deira Sparebanken Vest. Neste gong du ser Gabrielle, Springsteen eller Robyn på Bergenhus festning eller Koengen er planen at du skal få drikka di i resirkulerbare plastbeger og maten servert som handmat utan servise. Det er fordi Bergenhus festning skal bli Nord-Europas grønaste festivalarena.

renate nedregård får blomster av fylkesordførar og fylkesvaraordførar.
OVERTOK: Fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis overrekte blomar til Renate Nedregård då ho tok over som leiar for Klimapartnere Vestland i sommar. Foto: Cecilie Bannow.

– Lov til å stele

For å inspirere andre til å starte eigne klimaprosjekt har klimapartnarane laga den grøne løysingsbanken – ein bank med over 100 miljøvenlege og innovative løysingar frå partnarar i heile landet.

– Dette er ein bank vi ønskjer at andre skal stele frå. Her finst mange spennande løysingar på klimautfordringar. På denne måten kan verksemder med ambisiøse klimamål bli inspirerte og finne løyningar dei kan integrere i eiga drift, seier Nedregård.

Logo til FNs berekraftsmål 9

FNs berekraftsmål 9.4

Innan 2030 oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og meir utstrekt bruk av reine og miljøvenlege teknologiformer og industriprosessar, der alle land gjer ein innsats etter eiga evne og eigen kapasitet.

Heier på dei gode løysingane

Sjølv kjenner Renate Nedregård arbeidet til Klimapartnere Vestland godt, etter å ha arbeidd to år under den tidlegare leiaren Helene Frihammer. Frihammer er no blitt regiondirektør i NHO Vestland.

I Klimapartnarene likar vi å heie på dei gode løysingane. Vi jobbar for å få verksemdene til å sjå at det ikkje treng å vere dyrt, slitsamt eller at ein må gå glipp av noko for å vere med å kutte utslepp. Renate Nedregård, Klimapartnere Vestland

– Eg har fått følge eit partnarskap i sterk vekst og blitt godt kjend med mange av klimapartnarane våre. Det er dei som utgjer arbeidet i Klimapartnere Vestland og derfor er det avgjerande å få til eit godt samarbeid. Eg er glad for å sjå at vi har med så mange eldsjeler i arbeidet for eit betre klima.

Kommunikasjon er ein viktig del av jobben som leiar for Klimapartnere Vestland, og det har Renate Nedregård brei erfaring med, både frå arbeidet sitt som journalist i NRK og TV 2, rådgjevar i Sparebanken Vest og som forfattar.

– I Klimapartnarene likar vi å heie på dei gode løysingane. Vi jobbar for å få verksemdene til å sjå at det ikkje treng å vere dyrt, slitsamt eller at ein må gå glipp av noko for å vere med og kutte utslepp, påpeikar den energiske bergensaren.