Ofte stilte spørsmål

  • Du kan søkje via vår heimeside  på tre ulike måter:
    • Skrive ut søknadsskjema og legeeklæringsskjema og sende inn per post.
    •  eDialog.
    •  Digitalt søknadsskjema.
    • Er det verje som søker og signerer skal verje vere godkjent hjå Statsforvaltaren, eller det skal vere med Vestland fylkeskommune sitt fullmaktskjema, hugs å legge ved ID (kopi av ID-kort frå politiet, pass e.lign. med bilde).
  • Legeerklæringa skal ikkje vere eldre enn 6 månader.
    • Hugs å be legen signere og stemple.

Det er ingen søknadsfrist hos Vestland fylkeskommune. Du kan søkje heile året.

Viss du får innvilga søknaden din vil du få tilsendt eit TT-kort frå kortleverandør.

TT-kortet skal dekka fritidsreisar og andre reisar som ikkje vert dekka av for eksempel pasientreisar, arbeidsreisar eller andre statlege eller kommunale ordningar.

  • Kontakt drosjeselskap, hugs å opplyse om at du skal nytte TT-kort.
  • Lever TT-kortet til sjåføren før turen startar for å sikre at du har dekning på kortet. Restsaldo skal vises på kvitteringen du får ved reiseslutt. Dersom det ikkje er dekning på TT-kortet må brukar sjølv betale for turen.
  • Kan ikkje sjåføren ta i mot TT-kortet som betaling, kan du få refundert utgifter hvis du har dekning på TT-kortet. Hugs å ta vare på kvitteringen, sjå her for refusjon.

 

 

Kortet er personleg og kan berre nyttast av brukar som har gyldig godkjenning. TT-brukar kan ha med følgjeperson(ar). Misbruk av kortet vil kunne medføre utestenging frå ordninga.

Kortet kan brukast i heile landet, viss transportøren har taksameter som kan lese kortet.

Du må betale eigenandel for kvar tur på kr 30 resten av kostnaden vert trekt av TT-kvoten.

Ja, det kan du. Følgjeperson(ar) betalar ikkje eigenandel, følgjeperson(ar) må følgje samme reiserute som  deg med TT-kort (samme hentested).

  • Ved godkjenning i løpet av året vert kvoten rekna frå den dato du får godkjenning.
  • Kvoten vert delt i to og påfyll skjer 1. januar og 1. juli.
  • Ikkje nytta kvote vert sletta 31. desember.

Dette er individuelt og oppgitt i ditt vedtak.

Er din nye adresse utanfor Vestland fylkeskommune blir du automatisk meldt utav ordninga.

  • Du skal melde frå til fylkeskommunen om du ikkje lenger treng TT-kort.
  • Har du ei funksjonsnedsetting som gjer at du treng rullestol, er blind/svaksynt eller har anna særskildt funksjonstap kan du søkje om utvida kvote.
  • Legen må dokumentere dine særskilde behov.
  • Godkjenninga kan kallast tilbake eller endrast dersom brukaren ikkje lenger oppfyllar vilkåra i denne forskrifta, eler ikkje rettar seg etter regelverket. Ved eit tilbakekall kan brukaren også stengjast ute frå TT-ordninga i inntil 2 år.

I tillegg til fylkeskommunen si eige TT-ordning:

  • Er det etablert ei statleg tilskotsordning som ein utvida TT-ordning. Det er lagt til grunn av Stortinget at midlane skal gå til TT-brukara med særlege behov. Det omfattar fortrinnsvis rullestolbrukarar og blinde/svaksynte.
  • Fins det ein fylkeskommunal utvida kvote om det er særskilde behov som ikkje kjem inn under rullestol og eller blinde/svaksynte - §5 punkt c.

Ta kontakt med oss på:

  • Telefon 55 23 93 63 mellom klokka 09:00 og 11:00.
  • E-post: post.mok@vlfk.no.