Sluttvurdering
På denne sida finn du informasjon om eksamen og fag-/sveineprøve i modulstrukturert opplæring
Eksamen
Eksamen i modulstrukturert opplæring er den same eksamen som blir brukt for praksiskandidatar og lærlingar som har full opplæring i bedrift.
Når kandidaten har fått opplæring og vurderingsutrykk - godkjent/ikkje godkjent – i alle modular, kan kandidaten gå opp til 3103 eksamen. Kven som melder opp er avhengig av kontraktstypen:
- Lærekontrakt i bedrift: Bedrifta tar kontakt med fylkeskommunen og melder kandidaten opp til eksamen.
- Avtale om fagopplæring i skule: Skulen melder opp til eksamen.
Fylkeskommunen har høve til å melde kandidaten opp til eksamen før opplæringa er avslutta i alle modular, fordi oppmeldingsfristen til eksamen berre er to gonger i året. Eksamen kan likevel ikkje gjennomførast før kandidaten har fått karakter (godkjent/ikkje godkjent) i alle modular.
Oppmelding til fag- eller sveineprøve
Eksamen må vere bestått før kandidaten kan meldast opp til fag- eller sveineprøve.
- Oppmelding skal skje seinast tre månader før læretida er over.
- Lærekontrakt i bedrift: Bedrifta melder opp til fag-/sveineprøve
- Avtale om fagopplæring i skule: Skulen melder opp til fag-/sveineprøve