Om modulstrukturert opplæring

Modulstrukturert opplæring er ein fleksibel opplæringsmodell som gjev vaksne ein ny veg til fag- eller sveinebrev.

Arbeidsplassen er den viktigaste opplæringsarenaen – og bedrifta er ein nøkkelpartnar. Formålet med opplæringsmodellen er at den vaksne raskt og effektivt skal oppnå den kompetansen som er nødvendig for å bestå eksamen og fag- eller sveineprøva i det aktuelle lærefaget. Sluttkompetansen er den same som for ordinært løp.

Modulstrukturert opplæring er ein opplæringsmodell for vaksne som fører frem til fag- eller sveinebrev. Opplæringsmodellen skal vere tilpassa den vaksne sin livssituasjon.

Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring, har rett til å få vurdert og dokumentert realkompetansen sin. Gjennom realkompetansevurdering, kan ein finne ut om kompetansen den vaksne viser, er likeverdig med kompetansen i fagopplæringa. Ei realkompetansevurdering skal danne grunnlaget for kva slags opplæringsløp den enkelte skal ha.

Målet med opplæringa er å oppnå den kompetansen som er nødvendig for å bestå eksamen og fag- eller svenneprøven i det aktuelle lærefaget. Nivået på sluttkompetansen er det same som for ordinært løp. 

Intensjonen med modulstrukutert opplæring er at opplæringa skal føregå i ei lærebedrift. I lærefag som er moulstrukturerte skal opplæringa bli gitt etter modulstrukturerte læreplanar. 

UDIR oppdaterer sine nettsider ved endringar, følg med på sida "Modulstrukturert opplæring for vaksne i vidaregåande".