Informasjon til lærebedrifter
Gjennom modulstrukturert opplæring kan de kvalifisere egne tilsette ved å gje dei utan fagbrev formell kompetanse, noko som hevar kvaliteten på tenestene dykkar.
Ordninga fungerer også som ein effektiv rekrutteringskanal for å sikre ny, kvalifisert arbeidskraft i bransjar med fagarbeidarmangel. Sidan deltakarane er vaksne der mange allereie har arbeidserfaring, får de erfarne medarbeidarar som bidreg i produksjonen frå dag éin, utan det same behovet for grunnopplæring som unge lærlingar.
UDIR-kompetansepakke
UDIR sin kompetansepakke "Læreplaner for lærebedrifter" er laget for å støtte deg som jobbar i eller med lærebedrifter i arbeidet med god fag- og yrkesopplæring, anten du brukar ordinære læreplanar eller modulstrukturerte læreplanar for vaksne.
Med utgangspunkt i lærebedrifta sin verksomheit og arbeidsoppgåver, er kompetansepakken meint som eit praktisk og nyttig verktøy for å forstå, tolke og anvende læreplanane i opplæringa av lærlingane. Målet er at lærlingen, når læretida er fullført, er godt førebudd til å bli ein god fagarbeidar og til fag- eller sveineprøven.