Fagkonsulent i realkompetansevurdering
Som fagkonsulent i realkompetansevurdering har du ansvar for å vurdere og anarkjenne kompetansen den vaksne har med seg ved innsøking til vidaregåande opplæring for vaksne.
På denne sida finn du blant anna informasjon om opplæring for fagkonsulentar, informasjon om ressurssider med meir.
Kva er realkompetansevurdering?
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har. Altså den kompetansen personen har tileigna seg gjennom formell læring som skulegang og studiar, ikkje-formell læring som ulike typar kurs eller uformell læring som eksempelvis læring gjennom ulike typar løna eller uløna arbeid, i omsorgsarbeid heime eller i aktivitetar i fritida.
Realkompetansevurdering er dermed prosessen å vurdere og verdsetje denne kompetansen. Realkompetansevurdering kan skje på ulike nivå i utdanningssystemet og ulike lovverk regulerer bruken av realkompetansevurdering på dei ulike nivåa.
Obligatorisk opplæring for fagkonsulentar
Som fagkonsulent i realkompetansevurdering er det viktig at du har både læreplankompetanse og kompetanse om praksisfeltet i ditt fag. Du må også vere aktiv i faget du skal realkompetansevurdere.
Alle fagkonsulentar må gjennomføre ei obligatorisk opplæring. Opplæringa er todelt og består av eit digitalt kurs og ei fysisk samling:
1. Digitalt kurs
Digital kurspakke er utarbeidd av HK-dir og UDIR på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Fylkeskommunane har vore bidragsytarar i utarbeidinga av kurset, for å sikre at kurset blir relevant for alle som jobbar med dei fire fasane i realkompetansevurdering.
Kurset er digitalt og du kan dele det opp slik du ønskjer. Du kan gjennomføre kurset åleine eller saman med andre.
Vi ønskjer at du gjennomfører det digitale kurset før du deltar på del 2 av opplæringa som er ein fysisk samling. Du vel kurset som gjeld for vidaregåande opplæring for vaksne (VOV). For å få tilsendt kursbevis må du opprette konto når du loggar inn. VI ynskjer at du lastar opp kursbeviset til fylkeskommunen.
Kursbeviset lastar du opp her: Last opp kursbevis ved fullført kurs.
2. Fysisk dagsamling
Når ein har gjennomført del 1 av opplæring og lasta opp kursbevis vil det bli sendt ut informasjon om påmelding til del 2 av opplæringa. Dette er ein fysisk samling, som vert holdt i Bergen og Førde.
Tema for samlinga:
- Tryggleik i rolla som fagkonsulent
- Sikre rettferdig og likeverdig hansaming i fylket
- Professjonssfelleskap og tolkingsfellesskap
Rettleiar og ressursar
På Udir sine sider finn du "Veileder om realkompetansevurdering i grunnopplæringen". Her finn ein informasjon om regelverket og anbefalingar med fasebeskrivelsar for gjennomføringa av realkompetansevurderinga.
I tillegg har HK-dir utarbeida ulike ressursar og verktøy på sine sider so podcast, videoar, refleksjonsoppgåver med meir. Lenke til HK-dir sin ressursside finn du her.
Malar
Det er utarbeid felles malar kan bruke i realkompetansevurderingsarbeidet.
Mal - Invitasjon til realkompetansevurdering (docx).
Mal - vurderingsrapport etter gjennomført realkompetansevurdering (docx).