Hopp til innhald
    
    
        
        
            
                
Liste med aktuelle øvingar
Molekylbyggjesett
- Byggje enkle organiske og uorganiske molekyl
 
- Visa og forklara bindingstypar og isomeri
 
Reaksjonsfart
- Føreseie og vise korleis ulike faktorar påverkar reaksjonsfarten
 
- Skrive reaksjonslikningar
 
Kjemisk jamvekt
- Føreseie og vise korleis ytre inngrep påverkar ei jamvekt
 
- Skrive reaksjonslikningar
 
Felling
- Føreseie og vise kva som skjer ved blanding av saltløysningar
 
- Skriva reaksjonslikningar
 
Tillaging av løysningar
- Fortynna løysningar til ynskt molaritet eller laga dei frå fast stoff
 
- Gjere utrekningar
 
Protolyse av salt og gassar i vatn
- Føreseie og vise korleis pH blir endra
 
- Skrive reaksjonslikningar
 
Syrebasetitrering
- Planleggje og gjennomføre syrebasetitrering
 
- Skrive reaksjonslikningar og grunngje val av indikator
 
Eigenskapar hjå alkoholar
- Føreseie og vise løysingsevne og viskositet hjå alkoholar
 
- Skrive strukturformlar
 
Identifisering av løysingar
- Planleggje og gjennomføre testar for å kome fram til kva som er kva ut frå eit gjeve sett med løysningar
 
- Skrive reaksjonslikningar
 
Hydratiserte salt
- Føreseie og vise entalpi- og entropiendringar ved fjerning/tilføring av krystallvatn
 
- Skrive reaksjonslikningar og vurdere spontanitet