Lurt å tenke på før samtalen

For å vere mest mogleg førebudd på rettleiingstimen, kan det vere lurt å tenke gjennom nokre spørsmål på førehand.

  • Kva er den viktigaste grunnen til at du vil ha karriererettleiing?
  • Kva ønsker du spesielt å få hjelp til?
  • Korleis ser ønska dine for framtida ut?
  • Kva for andre moglegheiter har du tenkt på?
  • Kva trur du skal til for at du skal kunne oppnå det du ønsker? 
  • Kva er dei største utfordringane dine i med omsyn til framtidig  jobbsituasjon slik du ser det?
  • Korleis vil du beskrive deg sjølv som person?
  • Kva opplever du er viktig for at du skal trivast på ein arbeidsplass?
  • Kva likar du godt å gjere når du jobbar og/eller når du har fri?
  • Når har du følt trivsel og meistring i skule- eller yrkessamanheng?