Mangfaldsrådgjevarar

Er du elev og synes det er utfordrande å leve med fleire kulturar samstundes? Då kan mangfaldsrådgjevarane hjelpe deg.

Vi heiter Marie, Mona og Emilie og vi er IMDI (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) sine mangfaldsrådgjevarar i Vestland. Vi er utplassert ved Årstad vgs., Slåtthaug vgs. og ved Bergen voksenopplæring.

Både elevar og tilsette ved dei andre vidaregåande skulane i fylket er velkomne til å ta kontakt med oss.

Er du elev og synest det er utfordrande å leve med fleire kulturar samstundes? Opplever du at du ikkje har friheit til å ta eigne val? Lever du eit dobbeltliv? Er det vanskeleg å handtere alle forventningane som vert stilt til deg på skulen og heime?

IMDi sine mangfaldsrådgjevarar jobbar for at unge menneske skal ha moglegheit til å bestemme over eigne liv. Uansett opprinnelsesland, etnisitet, religion, kjønn eller seksuell legning, har alle som bur i Noreg rett til å leve eit fritt liv og har krav på beskyttelse mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alle former for vald.

Mangfaldsrådgjevarane har teieplikt og kan gje deg råd, samtalar og praktisk hjelp.

I tillegg til å jobbe direkte med ungdom, tilbyr vi også rettleiing og kompetanseutvikling til skulane og støtteapparatet

Les meir om ungdom og negativ sosial kontroll på: NORA

Kontaktinformasjon