Kombinasjonsklasse

Treng du meir grunnskuleopplæring? Då er kanskje Kombinasjonsklassar noko for deg.

Kombinasjonsklassar et eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som treng meir grunnskuleopplæring før du søkjer deg til ordinær vidaregåande opplæring. Opplæringa går føre seg på ein vidaregåande skule.

Når du har gjennomført og bestått opplæringa gjennom kombinasjonstilbodet, vil du få eit vitnemål med karakterar som du kan bruke for å søke inntak til vidaregåande opplæring.

Kven kan søkje

For at du skal kunne søke dette tilbodet må kommunen du bur i ha ein samarbeidsavtale med fylkeskommunen.  

Snakk med kommunen din eller ta kontakt med Linda Farestveit på e-post linda.farestveit@vlfk.no 

Slik søkjer du

Søknadsskjema

For å logge inn i søknadskjemaet treng du MinID. Ta kontakt med Linda Farestveit på e-post linda.farestveit@vlfk.no . Ho kan hjelpe deg med dette.

Søknadsfristen er 1. februar.

Du får svar på inntaket i juli. 

Om du får tilbod om opplæring i kombinasjonsklasse, kan du søke Lånekassen om studiestøtte. Pass på at du vel rett søknadsskjema:

  • Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring må velje søknadsskjema «vidaregåande opplæring»
  • Søkjarar med rett til grunnskule må velje søknadsskjema «høgare og annan utdanning».

Søkjarar som får introduksjonsstønad har ikkje rett på studiestøtte..
Sjå www.lanekassen.no for meir informasjon.