Tyskland
Er du interessert i eitt år fylt med kulturliv, historie og kort veg til heile Tyskland? Utveksling i Erfurt er både spennande og lærerikt!
- Årstal
- 2026
Bli med på informasjonsmøte!
Måndag 10. november kl. 18.00 inviterer vi til eit digitalt informasjonsmøte om utveksling i Tyskland. På møte vil du få informasjon om sjølve ordninga, søknad og kostnadar.
Erfurt ligg midt i Tyskland og byr på historie tilbake frå 700-talet. Elektrofagskulen, Andreas Gordon Schule, er like ved togstasjonen, mens Albert Schweitzer Gymnasium er nord for sentrum. Her bur du på internat med korte avstandar til park, idrettshall og kulturtilbod.
For berre 58 euro i månaden er alt Tyskland har å by på innan rekkevidde med tog, buss og bane. Som fotballkampar i Leipzig, Berlin og München, store konsertar, museum og ikkje minst julemarknad i desember.
Ser dette spennande ut?
Finn ut meir om korleis du bur, kva fag du kan ta og korleis du søker ved å klikke på lenka. Det er Askøy vidaregåande skule som koordinerer dette tilbodet.
Lurar du på noko?
Ta kontakt med Ann-Elin Dyrøy, internasjonal koordinator på Askøy vgs.
- Ring 988 28 195
- Send e-post
Korleis søkjer eg?
Du søkjer på vigo.no.
Du finn skjemaet (og meir informasjon om tilbodet) på nettsida til dei ulike skulane.
Skulane som koordinerer tilboda
Vi har fire koordinatorskular som har ansvar for kvart sitt land. Dei fire skulane er Voss gymnas (Frankrike), Askøy vgs. (Tyskland), Nordahl Grieg vgs. (Wales) og Kvam vgs. (USA).
Koordinatorskulane står for kontakten med samarbeidsskulane i utlandet og oppfølginga gjennom skuleåret.
Elevane som er i utlandet er heile tida registrert som elev ved koordinatorskulen og har derfor dei same rettane som elevar som blir i Noreg.
Samarbeidsskulane har også kontaktlærar som har den daglege oppfølginga av elevane, og som dei kan snakke med dersom dei får problem.
Kostnadar
Utveksling gir same rettar som andre utdanningsordningar, mellom anna rett til bortebuar – og reisestipend frå Statens Lånekasse. Dette dekker i hovudsak dei fleste utgiftene til kost, losji og heimreiser.
Dei som søker seg til Cardiff, Wales, må rekne med å dekke ein del av bukostnadane og utgifter til visum, ekstra helseforsikring og språktest (visum, forsikring og språktest er krav i samband med Brexit).
Du kan lese meir om dette på Lånekassen si nettside.
Korleis søkjer eg Vg3 etter skuleår i utlandet?
Koordinatorskulen hjelper deg med å velje fag som gjer at skuleåret blir godkjent.
I tillegg vil koordinatorskulen gi deg undervisning i norsk. Dette vil anten vere som fjernundervisning eller i form av undervisningsdagar når du kjem tilbake etter skuleåret er slutt.
Du søker deg vidare til Vg3 på vanleg måte før 1. mars på vigo.no.
Du vil som hovudregel få plass ved same skule som du gjekk Vg1, dersom du sjølv ønsker det. Elevar som tar Vg2 heime i Vestland vil ha førerett til inntak ved same skule i Vg3. Det kan derfor hende at det vil bli for mange søkarar i høve til plassar på nokre få skular i bergensområdet.