Opplæring for elevar busett i barneverninstitusjon

Fylkeskommunen har opplæringsansvar for alle elevar som bur i institusjon og som er i grunnskuleopplæring eller vidaregåande opplæring.

Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar som den statlege regionale barnevernsmyndigheita har ansvaret for etter barnevernslova § 5-1, og barn og unge i private og kommunale institusjonar som er godkjende etter barnevernslova § 5-8.

Flytting til og frå barneverneinstitusjon skal meldast til Vestland fylkeskommune på eige digitalt meldeskjema. (Skjemaet finn du på høgre side.)

Når barn og unge blir plasserte på barnevernsinstitusjon i eige fylke, blir ansvaret for grunnskoleopplæringa overført frå heimkommunen til fylkeskommunen.

Fylkeskommunen samarbeider med kommunane for å gi grunnskuleopplæring. Grunnskuleelevar i barnevernsinstitusjonar har rett til å gå på nærskulen sin, jf. opplæringslova § 8-1. I praksis vil dette som oftast vere den skulen som ligg geografisk nærast barneverninstitusjonen. Dersom elev og/eller føresette er samde med fylkeskommune og kommune om at opplæringa bør bli gitt ved ein annan skule enn nærskulen, kan dette avtalast i det einskilde tilfellet.

Det er fylkeskommunen si PP-teneste som har ansvar for å vurdere barnet sitt behov for spesialundervisning og gi rettleiing til skulane for elevar som bur i barneverninstitusjon.

Meir informasjon om barnevern og skule ligg på Bufdir