Skriftleg eksamen for elevar

Skriftleg eksamen varer vanlegvis 4 eller 5 timar, avhengig av fag. Dei fleste fag har heildigital eksamen, men nokre fag har todelt eksamen eller eksamen i Safe Exam Browser

Eksamenstidspunkt

Datoar for skriftleg eksamen blir publiserte i Utdanningsdirektoratet sin eksamensplan.Når eksamenstrekket er klart, finn du eksamensdatoane dine i InSchool.

Alle skriftlege eksamenar startar klokka 09.00.  Du bør møte opp i god tid før eksamen startar, slik at du rekk å finne plass og gjere klart utstyret ditt. Dersom du kjem for seint, kan du likevel gjennomføre eksamen så lenge du møter opp før klokka 10.00.

Praktisk informasjon om faget ditt

På kandidat.udir.no finn du detaljert informasjon om eksamen i kvart fag, mellom anna:

  • kor lang eksamen er
  • kva hjelpemiddel som er tillatne
  • om eksamen er todelt
  • om du skal bruke Safe Exam Browser
  • lenke til eksamensrettleing
  • lenke til gamle eksamensoppgåver  (be skulen din om passord)

Safe Exam Browser er ein nettlesar som blir brukt på enkelte skriftlege eksamenar.

Før eksamen

Du må laste ned og installere Safe Exam Browser før eksamen. Dette gjer du via denne sida

Vi anbefaler at du testar programmet i god tid før eksamensdagen, slik at du er trygg på at alt fungerer

Under eksamen

Når du gjennomfører eksamen i Safe Exam Browser:

  • blir tilgangen til internett sperra
  • får du berre tilgang til nokre få godkjende nettsider via eksamensoppgåva
  • har du ikkje tilgang til program, filer eller anna innhald på datamaskina di

Du har ikkje tilgang til digitale læremiddel.
Du kan berre bruke hjelpemiddel på papir.

Utstyr og tekniske krav

  • Du må ha med deg ein PC eller Mac
  • Datamaskina må vere oppdatert i løpet av det siste året. 
  • Sørg for at datamaskina er fullada før eksamen startar.
  • Hugs å ta med strømkabel.

Lese- og skrivestøtte

Du kan ikkje bruke lese- og skrivestøtteprogram som Lingdys eller IntoWords.

Viss du treng slike program på eksamen, må du søkje om tilrettelegging på førehand. Skulen kan hjelpe deg med korleis du gjer dette.

Meir informasjon

På kandidat.udir.no finn du informasjon om:

  • om faget ditt blir gjennomført i Safe Exam Browser
  • kva hjelpemiddel du har tilgang til på eksamen
  • eksempeloppgåver som du kan øve på i Safe Exam Browser (be skulen din om passord)

Desse faga har vanlegvis todelt eksamen:

  • matematikk
  • realfag
  • samfunnsøkonomi

Slik fungerer todelt eksamen:

  • Del 1:
    • penn og papir
    • ingen hjelpemiddel
  • Del 2:
    • alle hjelpemiddel er tillatne
    • ikkje opent internett

Du finn informasjon om:

  • kor lang kvar del er
  • fordeling av tid
    på kandidat.udir.no
  • Alle skriftlege eksamenar er digitale
  • Du må ha med deg eiga datamaskin
  • Program du skal bruke (til dømes Word):
    • må vere installerte på førehand
    • må fungere utan internett