Tilrettelegging på eleveksamen

Du kan søke om særskild tilrettelegging på eksamen dersom du treng det for å vise kompetansen din ut i frå kompetansemåla i faget.

Tilrettelegginga skal så langt som mogleg tilpassast og avhjelpe behova dine, men gjennomføringa av eksamen skal gjennomførast normalt som mogleg.  Tilrettelegging skal ikkje føre til at du for fordelar framfor andre som ikkje har tilrettelgging. Du kan heller ikkje få tilrettelegging på ein slik måte at du ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanen i faget.

Formålet med særskild tilrettelegging til eksamen er å avhjelpe sjukdom eller funksjonsnedsetting, men ikkje at du manglar komepetanse i fag. Manglande ferdigheiter i norsk vil difor ikkje gi deg rett til særskilt tilrettelegging til eksamen.

Du kan søke om tilrettelegging på eksamen i alle fag, også på todelte eksamenar og eksamenar som ikkje er skriftlege.

Det er behova dine som avgjer kva tilrettelegging du kan få på eksamen. Dette kan vere eksempel på nokre moglege tilretteleggingstiltak.

  • Lengre tid
  • Opplesing av oppgåve teksten
  • Punktskrift på leselist
  • Bruke tale- til-tekst-program
  • Skrivehjelp
  • Ekstra belysning
  • Andre liknande tiltak

Du søkjer om særskilt i InSchool. Det kan vere lurt å snakke med rådgjevar på skulen før du søkjer. 

Frist

Det er ingen søknadsfrist, men du bør sende søke så tidleg som mogleg.

Dokumentasjon

Skulen kan krevje at du legg fram dokumentasjon frå ein sakkunnig. Dette kan vere ein attest frå lege, psykolog, PPT eller liknande. Attesten bør innehalde informasjon om kva som hindrar deg i å vise kompetanse på eksamen.

Behandling av søknaden

Det er rektor som fatter vedtak om særskild tilretteggelegging på eksamen

Klagerett

Du kan klage på vedtak om særskild tilrettegging. Det er Statsforvaltaren som skal behandle klagen din.

Hugs at du også må søkje om tilrettelegging på privatisteksamen i privatistportalen dersom du treng tilrettelegging på privatisteksamen.

Du finn meir informasjon om tilrettelegging på privatisteksamen på denne sida.