Termin 1 2025/26

Termin 1 – skuleåret 2025/26

Fullført og bestått ved termin 1 er eit konstruert mål på kor mange som ikkje har fått karakter 1 eller IV på terminkarakterane. Det er ein viktig indikator som fortel om kven som kan stå i faresona for å ikkje å få fullført og bestått ved skuleårets slutt.

Grafen under viser at talet for fullført og bestått termin 1. Det er ein markant stigning samanlikna med tidlegare. Talet i år er 86,5 % - 2,8 prosentpoeng høgare enn førre år.

Den generelle auka i bestått termin 1 finn ein i alle utdanningsretningar og trinn. Under er resultat vist pr trinn.

Hovudgrunnen til den store auka i fullføring ved termin 1 er endringar i fråværsregelen.

Etter dei nye reglane vert retten til vurdering med standpunkt eller 2. termin no vurdert éin gong, og då mot årstimetalet. Dette betyr at årsfråværet ikkje lenger påverkar retten til vurdering i 1. termin.

I 1. termin får elevar som læraren har tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag for, karakter – sjølv om dei allereie har overskride fråværsgrensa for heile skuleåret. Tidlegare vart retten til vurdering kontrollert to gongar: først mot timetalet i faget ved termin 1, og deretter på nytt mot årstimetalet ved slutten av skuleåret.

Les meir frå Udir her

Tal IV-karakterar går difor kraftig ned, samtidig er det nokre fleire som får karakteren 1. Andre fylker melder om sama tendens.

Under kan ein sjå bestått termin 1 ut frå trinn, kjønn og utdanningsretning. Tala viser at i snitt består 87,2% av elevane på studieførebuande, 85,9 % på yrkesfag og 84,8 % på påbygg. Den største skilnaden ser ein på vg2 yrkesfag jenter – 79,4 % bestått – og vg3 yrkesfag gutar – 99.2 % bestått.

Under kan ein sjå bestått og del sluttarar termin 1 fordelt på utdanningsprogram

 

Fråvær

Det er nokre utfordringar når det gjeld fråværstal termin 1. Det vert overført fråværstal frå det skuleadministrative systemet og inn til hovudbasen Vigo to gonger i året – ved termin1 og ved skuleslutt. Ved skuleslutt vert fråværsdata overført til Vigo og lagt over termin 1-resultata. Dette betyr at ein ikkje har historiske tal for fråvær ved T1 i vigobasen. Tala under syner difor fråvær ved årsslutt tidlegare år, opp mot termin 1 inneverande skuleår. Ein må difor nytta tal frå T1 rapporteringa i fjor når ein skal samanlikne.

Timefråværet  og dagsfråværet var ved T1 2024/25 15,8 timar og 5,3 dagar, for i år er talet 18 timar og 3,4 dagar. Timefråværet har altså gått opp, medan dagsfråværet har gått ned.

 

Grafen under syner totalfråværet – altså elevane sitt totalfråvær målt i prosent. Indikatoren vert berekna ved å summere timefråvær og dagsfråvær (omrekna til timefråvær), og dele dette på eleven sitt årstimetal.

Grafane under viser totalfråvær som gjennomsnitt og som median. Median er det  talet i midten i et datasett når ein sorterer tala i stigande rekkefølge. 

Totalfråværet T1 i 2024/25 var 4,6% i snitt, i 2025/26 er talet 3,7 %. Totalt sett har altså fråværet gått noko ned.

 

Dei fleste elevane ligg i fråværsintervalet 0% - 5% totalfråvær.

Elevane med svært høgt fråvær vil difor – om ein en nyttar gjennomsnitt – dra fråværstala opp. Fleire fylker nyttar difor no median, ei måling som ikkje vert påverka av ekstremverdiar.

Under er fråvær termin 1 fordelt i trinn, utdanningsretning og kjønn. Videre er det to versjonar – gjennomsnitt og median.

Medianfraværet i Vestland viser at dei fleste elevane har lågt fråvær, medan det høgare gjennomsnittet indikerer at ein mindre gruppe med høgt fråvær trekker totalsnittet opp – særlig blant jenter og på enkelte utdanningsprogram som påbygg og studieførebuande.

Om ein nyttar gjennomsnitt eller median, så er tendensen uansett at det er noko høgare fråvær hos jenter enn hos gutar og meir fråvær på høgare trinn.

 

Karaktersnitt

Det er marginale endringar frå år til år når ein ser på karaktersnittet ved termin 1.

 

Om ein delar opp i trinn, kjønn og utdanningsretning, kan ein få eit meir nyansert bilete. Generelt vert karaktersnittet høgare frå vg1, til vg2 og til vg3. Jenter har i snitt noko høgare karaktersnitt. Dei enkeltgruppa med høgast og lågast karaktersnitt er gutar vg3 yrkesfag (4,44) og gutar vg1 yrkesfag (3,79)

 

Sluttarar

Under ser ein prosent elevar som har slutta ved termin 1 dei siste åra. Tala held seg stabile.

Om ein deler opp i trinn, utdanningsretning og kjønn, ser ein at det er små skilnader, men at det er fleire sluttarar på vg1, enn på vg2 og igjen færre på vg3. Det er også fleire sluttarar på yrkesfag enn på studieførebuande. Den gruppe med flest sluttarar er jenter vg3 yrkesfag.

 

Samla sett peikar resultata frå termin 1 i 2025/26 i ei positiv retning for Vestland. Ein ser ein tydeleg auke i delen elevar som får vurdering med karakter, samtidig som det totale fråværet går ned samanlikna med førre år. Bruken av median gjev eit meir presist bilete av det typiske fråværsnivået, og viser at dei fleste elevane har lågt fråvær. Samstundes gjer gjennomsnittstala det mogleg å avdekke dei gruppene som strevar mest, og som difor treng særleg merksemd.

Karaktersnitta held fram med å vere stabile, og utviklinga gjennom trinna er som venta. Det er framleis kjønnsforskjellar i både fråvær og karakterar, men skilnadene er moderate. Tala for sluttarar ligg stabilt, og viser at det er særleg i overgangen frå vg1 at elevane er mest sårbare.

Til saman gjev tala eit solid grunnlag for vidare oppfølging. Ved å halde fram med målretta arbeid mot grupper med høgt fråvær, kombinert med god fagleg støtte, kan ein styrkje både gjennomføring og læringsutbytte. Innføring av dei nye fråværsreglane gjer det vanskeleg å samanlikne resultatet ved T1 i år med dei føregåande åra. Det vil difor vere viktig at skulane følger utviklinga nøye for elevar som alt no har høgt fråvær, men har fått vurdering med karakter ved T1. Her er det viktig å setje inn tiltak som kan bidra til at dei også får eit vurderingsgrunnlag i faga til årsslutt.