Resultat og analyse frå opplæringssektoren.
Den tidlegare kvalitetsmeldinga er no erstatta av ei fortløpande oppdatering av resultat og analysar av termin 1 (T1), elev- og lærlingundersøkinga, opplæring i bedrift og skuleårsresultat.
01.08.24 trådde ny opplæringslov og forskrift i kraft. Endringane har samanheng med fullføringsreforma. Under er eksempel på nokre av tiltaka som skal sikra ein rett til å fullføra:
- Utvida rett til vidaregåande opplæring fram til oppnådd studie- eller yrkeskompetanse
- Utvida rett til omval
- Rett til yrkesfagleg rekvalifisering
- Overgangstilbod mellom ungdomsskule og vidaregåande skule
- Rett til påbygg
- Rett til rådgjeving for dei som har læretid i bedrift
Vestland fylke har behov for kompetent arbeidskraft framover, og fullføringsretten kan bidra i den samanheng. Samtidig vil dette føresetja ei omstillingsevne og utforsking av eksisterande praksis.
Dette gjeld også korleis me følgjer opp resultata i vidaregåande opplæring. Tidlegare opplæringslov la føring for at det skulle lagast ein årleg rapport knytt til tema læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den nye opplæringslova (§17-12) legg føring for at Fylkestinget minst ein gong i året får informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa i opplæringa.
Den tidlegare kvalitetsmeldinga vil bli erstatta av ei fortløpande oppdatering av resultat og analysar av termin 1, elev-lærlingundersøkinga, opplæring i bedrift og skuleårsresultat:
- Termin 1 (februar)
- Eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø (februar)
- Opplæring i bedrift (februar)
- Skuleårsresultat (august)
Målet er å følgja opp lovverket sitt mål om å halde ved lag og heve kvaliteten i den vidaregåande opplæringa. Ei fortløpande oppdatering vil bli lagt ut på Vestland fylkeskommune si heimeside under fana «Resultat og analyse frå opplæringssektoren.» Dette vil gje skuleeigar eit oppdatert kunnskapsgrunnlag til å gjera vurderingar ut frå temaa læringsmiljø, læringsresultat og gjennomføring.
På bakfrunn av denne informasjon om tilstanden i opplæringssektoren, kan aktørane saman analysere, vurdere, revurdere og utvikle kvaliteten i opplæringa slik at fleire gjennomfører.
Kvalitetssystemet
Mål for opplæringa
Mål for opplæringa byggjer på følgjande:
- Gjeldande opplæringslov med forskrift og læreplanverket LK20.
- Vestland fylkeskommune sin visjon og verdiar, med tilhøyrande utviklingsplan og organisasjonsstrategi.
- «Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune 2021-2025 Vestland fylkeskommune, fornye og forbetre- auka gjennomføring.»
- «Handlingsprogram til temaplanen fornye og forbetre- auka gjennomføring.»
Mål for vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune:
- Elevar og læringar i Vestland har det beste opplæringstilbodet med høg merksemd på trivsel, motivasjon, læring og meistring i eit inkluderande miljø.
- Eit godt samansett lag utviklar eleven, lærlingen og skulen.
- Vidaregåande opplæring har god samanheng med grunnskule og er heilskapleg, fram til arbeidsliv eller høgare utdanning.
- Vidaregåande opplæring i Vestland er ein viktig utviklingsarena for ungdom, vaksne og arbeids- og samfunnsliv.
Vestland fylkeskommune held fram med desse overordna satsingane:
- Fornye og forbetre tilpassa opplæring.
- Fornye og forbetre overgangar i opplæringa.
Kvalitetssystem
Dialog og oppfølging er berande element i kvalitetssystemet.
Kvalitetsutvikling
Opplæringslova §17-12 gir fylkeskommunen plikt til å arbeide for å halde ved lag og heve kvaliteten i den vidaregåande opplæringa. Hovudmålet med eit kvalitetssystem er å bidra til ei kontinuerleg kvalitetsutvikling der kjernen er læring og utvikling for den enkelte elev og lærling.
Kvalitetssirkelen
Arbeidet med struktur-, prosess- og resultatkvalitet, og samspelet mellom dei, ligg til grunn for ei kontinuerleg fornying og forbetring av vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune.
Årshjul for systematisk kvalitetsarbeid
Tilstandsvurderingane frå skulane, kvalitetsdialogen med skulane og rettleiingstenesta, områdevise og fylkesvise rektorsamlingar er døme på viktige kjelder for at skuleeigar får systematisk kunnskap om læringsarbeidet i vidaregåande opplæring.
Arbeidet med tilstandsvurderingane og kvalitetsdialogane er særs viktige verkemiddel for at skuleeigar (politisk og administrativt) skal lykkast med ei systematisk tilnærming til kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring.
Kvalitetsdialogar
Kvalitetsdialogen er ein del av kvalitetssystemet, og er forankra i opplæringslova § 17-12 og kommunelova § 25-1. Målet er at skulane, RLT og opplæringskontora annakvart år blir invitert inn til kvalitetsdialog med skuleeigar. Intensjonen med kvalitetsdialogen er å sikre gode prosessar i arbeidet med å auke fullføringa. I desse møta er ulike aktørar representert. Forma på møta gjer at representantar frå opplæringsavdelinga er i direkte dialog med dei ulike aktørane ved einingane. lnnhald i møta følgjer ein fast struktur, der deltakarane i møtet reflekterer over, og vurderer eigen praksis. I møta presenterer dei ulike aktørane kva dei meiner skulen lukkast med, og kva som kan bli betre. Kvalitetsdialogane er derfor eit viktig kunnskapsgrunnlag for både einingane og skuleeigar. Alle skulane har kvalitetsdialog annakvart år.
Termin 1
Resultata for termin 1 er ein viktig indikator og temperaturmålar om status halvvegs inn i skuleåret. Relevante tiltak kan då settas inn resten av skuleåret.
Årleg analyse av resultata:
Her finn du resultata for termin1 pr skule og urdanningsprogram.
T1 resultat pr. skule og utdanningsprogram.
Eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø
Eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø er viktig for fagleg og sosial utvikling. Sentrale og lokale styringssignal gjev føringar for dette arbeidet. Elevundersøkinga, lærlingundersøkinga og UngData er viktige kjelder for å få oversikt over korleis elevar og lærlingar har det i skule og læreplass. Resultata viser at det er mange elevar og læringar som trivest. Samtidig er det elevar og lærlingar som opplever utfordringar som påverkar både livskvalitet og i kva grad det er mogleg å fullføre og bestå.
Under ligg resultat og analysar frå elevundersøkinga, lærlingundersøkinga og nøkkeltal frå ungdata.
Skuleårsresultat (Oppdatert 1.10.2024)
Her ligg oppdaterte resultat og analysar av skuleåresresultata for vidaregåande opplæring i Vestland, med blant anna fokus på gjennomføring, fråvær, sluttarar, karakterresultat og overgangar.
I tillegg er det lagt ut ein Power BI-rapport med resultat på skule- og utdanningsprogramnivå. Denne vert også oppdatert kvart år i august.
Skuleåresresultet skuleåret 2023/24
Resultat per skule og utdanningsprogram:
Opplæring i bedrift
Vestland er eitt av dei største fagopplæringsfylka i landet. Fag- og yrkesopplæringa byggjer på tett samarbeid mellom partane i arbeidslivet, fylkeskommunen og lærlingen. Det er viktig å sørgje for at det er god balanse mellom arbeidslivet sitt behov for kompetanse og unge og vaksne sine ønskjer og behov om utdanning.
Under kan ein sjå tal og analyse av Vestland sitt arbeid med fag- og yrkesopplæring.
Tal nye fagbrev og resultat fagprøve
Oppdaterte tal og analyser kjem 1. februar 2025.
Fornye og forbetre (Oppdatert 1.10.2024)
Temaplanen, mål og strategiar, «Fornye og Forbetre – Auka gjennomføring» er eit styrings- og kvalitetsverktøy i arbeidet med å fornye og forbetre vidaregåande opplæring i takt med sterke og raske samfunnsendringar.
Temaplanen set retning i kvalitetsutviklingsarbeidet og dei fire måla i planen peikar mot resultatkvaliteten Vestland fylkeskommune arbeider mot i all kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring. Strategiane i temaplanen tek utgangspunkt i at ei likeverdig opplæring må ha både individ- og systemperspektiv, og dei er derfor utforma med krav til både prosess- og strukturkvalitet