Resultat skuleåret 2024/25
Innleiing
Det overordna målet for vidaregåande opplæring i Vestland er å fornye og forbetre for auka gjennomføring Ein analyse av resultata for skuleåret 2024/25 gjev oss eit bilete på tilstanden per no og gjev eit godt grunnlag for vidare kvalitetsutvikling for dei vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune. Under følgjer resultat for skuleåret 2024/25 i denne rekkjefølgja; Gjennomføring, ulike fullføringskodar, sluttarar, karakterar, fråvær og overgangar.
Resultata er fordelt på dei ulike utdanningsprogramma, sett opp mot tidlegare år, samt nasjonale tal der det er tilgjengeleg. Utvalet er alle elevar på alle trinn på studieførebuande og yrkesfag, ikkje berre avgangselevane. Dei ulike resultata kjem fram i tabellar og diagram, og vert kommentert og analysert i tilhøyrande tekst. Dei ulike resultata som er teke med er i all hovudsak henta frå statistikk- og analysesystemet Qlik, noko frå Utdanningsdirektoratet (Udir) og Statistisk sentralbyrå (SSB). Resultata og analysane som er lagt fram her er det samla resultatet for dei offentlege skulane i Vestland fylkeskommune.
Hovudfunn
Fullført og bestått skuleåret 2024/25. Resultata syner at 84,1% av elevar i vidaregåande opplæring har fullført og bestått skuleåret 2024/25 .Samanlikna med førre skuleår er det ein nedgang på 1,9 prosentpoeng, men som det vil bli vist under, er fullføringstala ikkje endelege. Ein del av elevane som har 1 eller IV i standpunktkarakter eller fekk 1 til eksamen går opp til det vi kallar NUS eksamenar (Ny, utsett eller særskild eksamen) og gjennom det kan dei få fullført og bestått. Dette skjer kvart år, og difor er «endeleg resultat» for gjennomføring ikkje klart før til nyttår. Ved førre rapportering var fullføringstala for 2023/24 på 83,4 %, men no etter at elevar som fekk 1 eller IV har gått opp til ny eksamen er resultatet på 86,0 % fullført og bestått. Det er grunn til å tru at tal elevar med fullført og bestått også i år vil auke etter at resultata for NUS eksamen 2025 er komme med.
Talet på elevar som sluttar i løpet eit skuleåret har lagt stabilt på 3,4% dei tre siste åra. Elevane som er med i dette talet er dei som sluttar og ikkje går over i tilbod ved andre skular. Desse elevane blir følgt opp av Oppfølgingstenesta. Statistikken viser at det er flest elevar som sluttar i Vg1. Det er difor viktig å ha gode tiltak i overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande opplæring for å prøve å finne løysingar for desse elevane å hindre at dei sluttar.
Karaktersnittet for alle elevane i vidaregåande opplæring ligg på 4,21 ved årsslutt skuleåret 2024/25. Dette er likt resultat som førre år. Det samla karaktersnittet har endra seg lite i åra etter korona. Ser ein på statistikken over karakterfordeling ser ein at også desse tala er så å seie like frå år til år. Standpunktkarakterane gir oss eit mål på den kompetanse elevane har ved slutten av opplæringa i faga. Desse karakterane er sett på eit breitt vurderingsgrunnlag av faglærar og er eit utrykk for den samla kompetansen eleven har vist gjennom eit heilt skuleår. Eksamenskarakterane gir ein augneblinksmåling av kva eleven får vist av kompetanse på eksamensdagen og det er difor naturleg at eksamenskarakteren elevane får kan avvike noko frå standpunktkarakteren eleven har i same fag. Statistikken over kor store desse avvika er variere frå fag til fag, men her er det viktig å hugse at det er store forskjellar mellom faga når det gjeld tal elevar som er trekt ut til eksamen. Difor er det vanskeleg å samanlikne faga når det gjeld avvik mellom standpunktkarakterar og eksamenskarakterane.
Gjennomsnittsfråværet for skuleåret 2024/25 er 28,4 timar og 9,4 dagar. Samanlikna med førre skuleår er det ein liten nedgang i timefråvær og dagsfråværet har auka noko. Tala viser at ca. 50% av elevane i Vestland har eit totalfråvær som er 5% eller mindre når ein brukar eit gjennomsnitt for å gje eit mål på det samla fråværet. Udir brukar median som mål på fråvær. Median blir mindre påverka av ekstremverdiar enn gjennomsnittet, og gir difor eit rettare mål på kor høgt det normale fråværet for elevar i vidaregåande skulen er. Om ein, som Udir, nyttar median og ikkje gjennomsnitt får ein eit fråværstal på 5 dagar og 18 timer for snitteleven i Vestland, noko som vil gje eit totalfråvær på 4,6 %.
Tal elevar 2024/25
Skuleåret 2024/25 var det 8741 elever på studieførebuande utdanningsprogram og 8281 elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram, samt 1202 på påbygg – totalt 18224 elevar fordelt på 42 offentlege vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune.
Tabellen under viser korleis talet på elevar var fordelt på dei ulike programområda skuleåret 2024/25. Forkortingar for utdanningsprogram (i kolonne 2) vert nytt i rapporten vidare.

Årsresultat 2024/25
Tabellen her gir eit oversyn av resultata på hovudkategoriar. Resultata på kvar av kategoriane blir framstilt og nærare analysert i delkapitla under.

To ulike mål for gjennomføring
Det er to viktige mål for gjennomføring; gjennomført med sluttkompetanse etter 5/6 år etter oppstart i Vg1 og fullført og bestått per skuleår. Det fyrste gir eit overordna bilete av effektiviteten til utdanningssystemet, indikatoren er viktig i den langsiktige styringa av utdanningssektoren. Gjennomføring gjev altså eit overordna bilete av effektiviteten til utdanningssystemet – kor mange som fullfører og består i løpet av ein gitt periode. For skulane sitt utviklingsarbeid er indikatoren fullført og bestått per skuleår ein meir relevant og nyttig styringsindikator i utviklingsarbeidet.
Gjennomføring
Gjennomføringstala frå SSB og Udir tek også med private skular og måler gjennomføringa etter fem år for studieførebuande og etter seks år for yrkesfaga. Tidlegare såg ein på gjennomføring for studieførebuande og yrkesfag gjennom fem år. Sidan yrkesfaga hovudsakeleg har eit år lenger utdanningsløp, er yrkesfaga sitt måletidspunkt flytta til seks år. Dette gjev eit rettare bilete av forholdet mellom studieførebuande og yrkesfag. Våren 2025 er det kullet som starta i Vg1 i 2018 vi har tal for på denne parameteren. Sidan målepunktet går tilbake i tid, er det gamle fylkesgrenser som gjeld.
For 2018-kullet frå Sogn og Fjordane har 84,3 % fullført med sluttkompetanse, for Hordaland er talet 82,2 % og nasjonalt er talet 82,0 %. Tala på kurvene under viser at for elevane frå Hordaland har det vore ein auke dei siste åre, medan for 2018-kullet er det ei lita nedgang. For elevane frå Sogn og Fjordane har tala gått nedover dei siste året, men med ei betring for 2018-kullet.

Under er Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman og vidare fordelt på kjønn og utdanningsretning.

Tala over viser at det er fleire innan studieførebuande som gjennomfører og at kvinner gjennomfører i høgare grad enn menn. Det er ein samanheng mellom grunnskulepoeng og til dømes grad av fullføring, fråvær og karakterresultat. Dei ulike utdanningsretningane har ulik fordeling av elevar med høg og låg kompetanse frå grunnskulen. Elevane på studieførebuande hadde i snitt 46,8 grunnskulepoeng, medan elevane på yrkesfag hadde 38,8. Grunnskolepoeng er dei poenga elevane har når dei har fullført 10. trinn (basert på karakterar).
Denne samanhengen er tradisjonelt ei viktig forklaring på skilnaden mellom dei studieførebuande og yrkesfaglege utdanningane når det gjeld gjennomføring, tal på sluttarar og karakterresultat. Samstundes ser ein skilnad i resultat mellom skular som har same elevgrunnlag, noko som gjer det tydeleg at det er andre faktorar enn berre grunnskulepoeng som spelar inn, noko vi kjem tilbake til i seinare.
Vidare er det slik at uavhengig av kjønn og utdanningsretning, så er det dei med høgast grunnskulepoeng som i størst grad gjennomfører i løpet av 5/6 år. Under kan ein sjå gjennomføringa fordelt på grunnskulepoengintervall.
For elevar med 50 + grunnskulepoeng fullfører om lag 100 % av elevane. For dei elevane med lågast grunnskulepoeng, har det vore ein positive auke dei siste åra frå 28% gjennomføring for 2007-kullet til heile 43 % for 2018-kullet, noko som kan tyde på at ein er blitt flinkare til å løfte dei svakaste elevane.

Fullført og bestått 2024/25
Skuleåret 2024/25 var det 84,1 % som fullførte og fekk bestått i alle fag. Tala gjeld alle trinn. Om vi ser dette resultatet opp mot oppdaterte tal frå 2023/24 kan det sjå ut som resultatet i år ligg 1,9 prosentpoeng under resultatet for 2023/24. Nasjonale tal syner same trend.

Det er grunn til å tru at talet for fullført og bestått for 2024/25 på same måte som for tidlegare år vil ha auka noko ved neste rapportering. Ein del elevar går opp til ny eller utsett eksamen pga. sjukdom eller andre årsaker, sokalla NUS-eksamen. Erfaringsvis ser ein at delen av elevar som får fullført og bestått aukar når desse eksamensresultat ligg føre i slutten av desember. I tillegg er det ein del elevar som nyttar seg av klageretten dei har på både standpunkt- og eksamenskarakterar. Nokre av desse får medhald noko som kan føre til at dei får fullført og bestått etter klage.
Eit anna moment som er viktig å ta med her er retten til meir opplæring som er innført frå og med skuleåret 2025/26. Retten til meir opplæring er innført for elevar og lærlingar som manglar bestått standpunktkarakter i eit eller fleire fag skuleåret 2024/25. Dette er eit av tiltaka som følgjer av Fullføringsreforma (Meld. St. 21 (2020-2021)). Intensjonen med denne retten er å gje dei som manglar bestått standpunktkarakter, eksamen eller fag-/sveineprøve ein ny moglegheit slik at dei kan når studiekompetanse eller yrkesfagkompetanse og bidra til auka gjennomføring. Elevar må aktivt søkje om å få meir opplæring i dei faga dei manglar bestått i. Skulane står for den praktiske gjennomføringa av desse tilboda for sine elevar. Elevane som følgjer meir opplæring i fag skal ha ny standpunktkarakter i dei aktuelle faga.
Under er ei historisk oversikt over fullført og bestått for yrkesfag, studieførebuande og påbygg i Vestland, samt snitt for alle samla i Vestland og nasjonalt. Dei ulike fylka har ulike former for organisering av undervisning for spesielle elevgrupper og difor noko ulike filter når det gjelder desse resultata. I systemet der ein kan sjå nasjonalt snitt vart det bestemt av fylkesdirektørkollegiet for kompetanse og utdanning (FKU) at dei ulike fylkesvise filtra ikkje skulle være med. Dette betyr at det nasjonale snittet som er vist under ikkje er heilt presist.
Grafane viser at yrkesfag og studieførebuande har nærma seg når det gjeld fullført og bestått. For yrkesfag var det for 2024/25 ei fullføringsprosent på 84,4 %, medan studieførebuande har ei fullføringsprosent på 84,6 %. Med påbygg på 77,6 % får ein då eit totaltal på 84,1 %. Nasjonalt snitt ligg på 82,4 %.

Minner her om at resultat for skuleåret 2024/25 vil auke etter at elevar som fekk 1 eller IV tek ny eksamen eller klagar på standpunktkarakterar. Til dømes viser tala for 2023/24 i grafen over at SF fekk 87,5%, og YRK fekk 83,0 %, når ein rapporterte fullføringstala for 2023/24 etter skuleårsslutt var tala 83,8% for SF og 82,4% for YRK. Det er særskilt studieførebuande fag som får betre snitt når ein målar eit halvt år etter skuleårsslutt. Dette heng saman med tal elevar, tal eksamen og fag i dei to ulike utdanningsretningane.
Under kan ein sjå fullføring pr. utdanningsprogram dei siste tre åra. For dei fleste utdanningsprogramma er det små variasjonar frå år til år. Det ein kan merke seg her er DT - Håndverk, design og produktutvikling – som har gått frå 64,1 % i 2022/23 til 83,7 % i 2024/25. Vidare er det ein nedgang i både KD - Kunst, design og arkitektur – og IM - Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Desse tre utdanningsprogramma har lavt elevtal slik at dette kan verka inn på statistikken.

Under er fullføringsresultata for skuleåret 2024/25 fordelt på kjønn, trinn og utdanningsretning. Ser ein på totaltala ser ein at det er totalt nokre fleire gutar enn jenter som fullfører, 84,4 % mot 83,8 %. På Vg1 og Vg2 er det fleire gutar som fullfører, både på studieførebuande og yrkesfag.
I alle år har det vore slik at jenter har høgare fullføring enn gutar, og studieførebuande har høgare fullføring enn yrkesfag. Frå og med 2022/23 ser ein at det har vore ei endring i dette, gutar får i snitt høgare fullføringsprosent og i år ser vi at det berre er 0,2 prosentpoeng som skil yrkesfag frå studieførebuande totalt sett.

Den største skilnaden finn ein som tidlegare år mellom gutar og jenter på Vg1 yrkesfag.

Under er eit oversyn og tal elevar på Vg1 yrkesfag, fordelt på kjønn.

Som ein kan sjå er hovudvekta av jentene på yrkesfag Vg1 innan helse- og oppvekstfaga, dette er eit utdanningsprogram som uavhengig av kjønn har ei fullføring på 76,9 % opp mot 80,7 % som er snittet for Vg1 yrkesfag. Også dei 129 gutane i dette utdanningsprogrammet får låg fullføring berre 59,7 %. På elektro eit utdanningsprogram med høg fullføring, fullfører også jentene i høg grad, med heile 95,8 %. Med unntak av naturbruk, har jentene jamt over same fullføring som gutane i Vg1 yrkesfag, men i og med at dei fleste jentene går på helse- og oppvekstfag, som har låg grad av fullføring, får jentene i snitt lågare fullføring totalt sett. Vidare er det slik at i utdanningsprogram med høg grad av fullføring, er det fleire gutar enn jenter– til dømes elektro og datateknologi (90,8 %, med 544 gutar og 72 jenter), samt teknologi- og industrifag (85,5 % med 971 gutar og 218 jenter). Det er difor grunn til å spørje seg om desse resultata handlar om kjønn eller meir om forskjellar mellom dei ulike utdanningsprogramma.
I NIFU-rapporten Yrkesfagelevers ulike tilpasninger til fagopplæring, skriv dei blant anna:
"Elevene som tilhører programmer rettet mot fag med solide fagarbeidertradisjoner, som byggfagene, og håndverksfagene innenfor Restaurant – og matfag, ser ut til å nyte godt av fagopplæringsstrukturene både i arbeidslivet og i skolen. Det kan se ut til at en del av dem også har denne orienteringen med seg allerede før de starter i videregående. Når de kommer inn i programmer med klare fagprofiler utvikles fagidentiteten, og de fleste ønsker å bli lærlinger. Når i tillegg læreplass- og jobbutsiktene ser gode ut, styrkes orienteringen mot det å bli fagarbeider i disse fagene. Når fagopplæringstradisjonen derimot er svak, og det er utydelig for elevene hvilken posisjon og karriere de kan regne med i arbeidslivet, framkommer det - ikke overraskende - at elevene blir usikre på hva de vil, og i stor grad velger påbyggmuligheten, noe som trolig har ligget som et alternativ i bevisstheten hos elevene hele veien."
Jentene har i snitt noko høgare grunnskulepoeng på Vg1 yrkesfag – 39,6 mot 37,4 for gutar, men helse- og oppvekstfag, der dei fleste jentene går, er ei av utdanningsprogramma som ligg nedre sjikt av grunnskulepoeng totalt sett.
Samtidig ser ein at for dei fleste yrkesutdanningsprogramma har gutane lågare grunnskulepoeng enn jentene, men får likevel høgare fullføring.
Grunnskulepoeng ved inntak til dei vidaregåande skulane er gjennomsnittet av dei grunnskolepoenga elevane ved den gitte skulen kom inn med. Fullføring, sluttarar og fråvær følger langt på veg grunnskulepoeng. Skular med høge inntakspoeng får elevar med høge grunnskulepoeng og difor fleire som fullfører, lågare fråvær og færre sluttarar. Forenkla kan ein seie at skuleresultata speglar dei elevgruppa som kjem inn på skulen. Samstundes ser ein resultatskilnader mellom skular som har same elevgrunnlag, noko som gjer det tydeleg at det er andre faktorar enn berre grunnskulepoeng som spelar inn.
Her er fullført og bestått 2024/25 fordelt på grunnskulepoeng:

Dei ulike utdanningsretningane har ulik fordeling av elevar med høg og låg kompetanse frå grunnskulen. Elevane på studieførebuande hadde i snitt 46,8 grunnskulepoeng, medan elevane på yrkesfag hadde 38,8.

Vidare er det slik at store skilnader mellom yrkesfag og studieførebuande når ein ser på grunnskulepoengintervalla. For studieførebuande ligg 63,5 % av elevane mellom 45 grunnskulepoeng eller høgare, medan for yrkesfag er 20,5 % av elevane i dette sjiktet.

Under kan ein sjå grunnskulepoeng fordelt på utdanningsprogram og trinn. Det er relativt store skilnader mellom ulike utdanningsprogram, og går frå 47,2 på studiespesialisering og til 35,5 på bygg og anlegg, om ein ser uavhengig av trinn.

Trass i den sterke samanhengen mellom grunnskulepoeng og fullføring, ser ein at dersom ein deler opp etter kjønn, så har gutar i snitt lågare grunnskulepoeng, samtidig som gutar dei siste åra fullfører i høgare grad. Dette er ikkje enkelt å forklara, men som tidlegare nemnd, så kan det handle om at gutar og jenter i all hovudsak vel ulike utdanningsprogram. Dei ulike utdanningsprogramma har ulike tradisjonar for karaktersetting, klare mål for jobb i framtida, samt yrkesidentitet.

For å sjå den reelle effekten av skulen sitt arbeid kan ein nytta forventningsindikatoren (variant av skulebidragsindikatoren). Denne indikatoren deler alle elevar inn etter grunnskulepoeng, trinn og utdanningsprogram og ser på «forventa resultat» ut frå nasjonalt snitt for elevar med same grunnskulepoeng, trinn og utdanningsprogram. Det er ikkje ein 100% nøyaktig indikator, den tar ikkje med ulike lokale forhold, men gjev ein indikasjon.
Eit av formåla med indikatoren er å kunne sjå i kva grad skulen greier å løfte dei elevane dei får inn, uavhengig av kva grunnskulepoeng dei kjem inn med. Med forventningsindikatoren kan ein finne andre sårbarheitsfaktorar som ikkje ein kan forklara berre med grunnskulepoeng.
Under viser grafen fullført og bestått for dei som ikkje kom inn på fyrste ynskje (blå linje). Desse elevane har i snitt noko lågare grunnskulepoeng enn dei som kjem inn på fyrste ynskje og får difor som forventa lågare fullføring enn snittet. Oransje linje syner forventa fullføring for desse elevane – altså det nasjonale snittet for same elevgruppe, ut frå grunnskulepoeng, trinn og utdanningsprogram. Ein ser her at det å ikkje koma inn på fyrste ynskje har ein negativ effekt i seg sjølv og er ein sårbarheitsfaktorar.

Det er ikkje alle elevar som kjem inn på fyrste ynskje sitt, desse får tilbod om andre utdanningsprogram eller andre skular. Motivasjonen til desse elevane er kanskje lågare enn den er for dei som kjem inn på fyrste ynskje sitt og kan være eit område som skulane må ha fokus på. Skulane må vera merksame på at dette kan vera ein sårbarheitsfaktor for elevane.
Under er fullført Vg1 for elevar som går direkte frå ungdomsskulen til vidaregåande skule (blå linje). Oransje linje syner kva som er forventa av desse ut frå grunnskulepoeng, trinn og utdanningsprogram og ut frå nasjonale tal for same type elevgruppe. Som ein kan sjå, så ligg dei så å seie rett på forventningstala. For skuleåret 2024/25 fullførte dei med 86,7 %, mot forventa 87,4 %, ein differanse på 0,7 prosentpoeng.

Under er fullført og bestått Vg1 for elevar som har gjort repetisjon eller omval – altså ikkje direkte overgang frå ungdomsskulen. Dette er som regel ei elevgruppe med lågare grunnskulepoeng enn dei som går direkte til Vg1, og som ein kan sjå har dei i 2024/25 ei fullføring på 53,8 %. Forventningsindikatoren viser kva ein kunne forventa av denne elevgruppa ut frå kva grunnskulepoeng dei har. Differensen er her 10,3 prosentpoeng. Dette viser at også omval/repetisjon er ein sårbarheitsfaktorar i seg sjølv.

Av elevane som sluttar er det flest som sluttarar i Vg1. Mange av desse elevane byrjar i vidaregåande opplæring igjen (omval/repetisjon), men som statistikken over syner har elevar som tek omval/repetisjon mindre grad av fullføring og bestått enn elevar som går direkte frå ungdomstrinnet og følgjer utdanningsløpet dei startar på. Det er difor viktig å ha gode system for å ivareta elevane i overgangen mellom ungdomstrinnet til vidaregåande.
I ny opplæringslov er det presisert at fylkeskommunen har det overordna ansvaret for overgangen frå grunnskulen til den vidaregåande opplæringa. For å ivareta dette ansvaret jobbar ein på ulike nivå, systemnivå, skulenivå og individnivå. Av tiltak på systemnivå kan vi blant anna nemne kommunedialogar (meir om dette i fornye og forbetre) og ein eigen modul i Qlik (inntak, identifikasjon og planlegging) . Modulen er utforma slik at skulane lettare skal kunne identifisere sårbare elevar allereie ved inntak for å kunne planlegge gode tiltak raskt. Skulane har fokus på god skulestart for elevane der relasjonsbygging i klassane og på tvers av klassane står i fokus for å trygge elevane og særleg nye elevar som er nye på skulen. For elevar som er ekstra sårbare har ein dialog med elev, foreldre og angivarskulen før skulestart for å trygge desse elevane ekstra. I tillegg til dette har ein skulane det ein kallar startsamtalar med alle Vg1 elevar der også føresette blir inviterte med. I ein slik startsamtal møter eleven kontaktlærar og får moglegheit til å informere skulen dersom det er informasjon som er viktig for skulen å vite for å følgje dei opp fagleg og sosialt
Ulike fullføringskodar
Ved årsslutt får alle elevane ein fullførtkode. Desse er definert av Udir og er nasjonale kodar. Det er berre dei som fullfører og består alle faga fastsett i læreplanverket per skuleår som får fullførtkode B-Bestått og dermed kjem med i fullføringsstatistikken. For å forstå fullføringstala må ein sjå på kva fullføringskodar dei andre elevane fekk. H -Held på, det vil seie at eleven ikkje tar alle faga på eit år på grunn av helseutfordingar eller anna. Desse elevane kan ha bestått fag dei har hatt, men manglar altså fag i høve til det ordinære løpet. I -Ikkje bestått- elevar med denne fullføringskoden har fått karakteren 1 i eit eller fleire fag. M -Manglar- denne fullføringskoden blir gitt dersom eleven har IV (manglande vurderingsgrunnlag eller er gått over fråværsgrensa på 10% i faget) i eit eller fleire fag. Elevar som sluttar i løpet av skuleåret får koden S- slutta. Tabellen nedanfor viser ein oversikt på tal elevar per fullføringskode skuleåret 2024/25. Elevane med fullførtkode B er dei som er med på fullføringsstitistikkane i avsnittet over og blir ikkje kommentert her.

Fullførtkode H gjeld altså dei elevane som – av ulike grunner – tek eit trinn over fleire år. For 2024/25 gjaldt dette 583 elevar. Desse elevane vil – ut frå Udir sin definisjon – aldri få fullført og bestått, sjølv om dei fullfører og består alle faga som er planlagt for dei det gitte skuleåret. Ser ein nærare på desse, viser det seg at 65 % av desse fullfører og består dei faga dei har vore elev i. Slik sett er fullførtkode H-Held på litt misvisande for resultata per skule – skulane vil få lågare fullføringsresultat fordi dei legg til rette for at elevar som treng det kan ta opplæringa over fleire år. Det er og grunn til å tru at talet på elevar som får denne koden vil auke då intensjonane med fullføringsreforma og dei endringane som er komme i Opplæringslova er å legge til rette for tilpassa løp slik at fleire fullfører på sikt. Denne elevgruppa er også ujamt fordelt på dei ulike skulane. Vestland fylkeskommune er med i ei nasjonal statistikkgruppe som har sett nærare på dette og har utvikla eit eige indikatorsett som tar med denne elevgruppa som ein del av fullføringsstatestikken. Dette er framstilt grafisk i figuren under.
Figuren viser fullført og bestått ut frå fullførtkode B (oransje linje), medan blå linje i tillegg har tatt med elevane som har fått fullførtkode H.

Ser ein på fylkessnittet er fullføringstalet då på 86,1 % og ikkje 84,1 %. Fleire fylker nyttar no denne nye måten å få frem den reelle fullføringa. Denne elevgruppa er som nemnd også ujamt fordelt mellom skulane og det å inkludera denne gruppa vil soleis få store utslag for einskilde skular når det gjeld fullføringsstatistikkar.
Ser ein på fullførtkode I og M samla ser ein at heile 1701 elevane har fått karakteren 1 eller IV i eit eller fleire fag. Nokre av desse vil nytte seg av retten til ny eksamen og/eller klagerett på standpunkt/eksamenskarakter, og fullføringstala vil mest sannsynleg auke noko. I tillegg er det innført rett til meir opplæring for desse elevane i dei faga dei manglar. Elevar som nyttar seg av denne rette har rett til ny standpunktkarakter i faga. Meir opplæring er eit tiltak for å auke fullføringa.
Skuleåret 2024/25 fekk 622 elevar fullførtkode S. Desse blir nærmare omtala i eige avsnitt nedanfor.
Så korleis skil skuleåret 2024/25 seg prosentvis frå tidlegare år når det gjeld fullføringskodar? Søylene under viser at det er like mange som slutta i 2024/25 som førre år. Medan det er ein liten auke i fullførtkode H, I og M – det er altså fleire elevar som tek utdanningsprogrammet over fleire år (H). Noko fleire elevar som har fått karakteren 1 i eit eller fleire fag (I) og IV i eit eller fleire fag (M).

Merk her at tala for 2024/25 vil endre seg til nyttår, etter ny eksamen og klage. Til dømes vart det rapportert etter skuleårsslutt 2023/24 at 4,4 % fekk fullførtkode M (IV i eit eller fleire fag) og 4,9 % fekk fullførtkode I (1 i eit eller fleire fag), no etter ny eksamen og klage, er tala for fullførtkode M 3,0 % og fullførtkode I 3,6%.
Sluttarar
Sluttarar er definert som alle elevar med ein sluttkode og som ikkje er registrert på ein eller annan skule i landet etter denne dato. Det vil seie at elevar som bytar skule, utdanningsprogram eller flytter til eit anna fylke, er ikkje med i statistikken.
Sluttartala held seg stabile og har dei siste tre åra vært på 3,4 %. For 2024/25 utgjer dette 622 elevar.

Om ein delar opp i trinn, ser ein at – som tidlegare år - at det er flest sluttarar på vg1.

Vidare, om ein delar opp etter utdanningsretning, så ligg hovudvekta av sluttarane prosentvis på påbygg og yrkesfag.

Under er sluttarar fordelt på trinn, utdanningsretning og kjønn skuleåret 2024/25. Totalt er det flest sluttarar på Vg1 og fleire sluttarar på yrkesfag. Den gruppa som skil seg negativt ut er jenter Vg1 yrkesfag og gutar på påbygg.

Under kan ein sjå sluttarar pr utdanningsprogram og trinn.

Det er store skilnader i sluttarprosent mellom dei ulike utdanningsprogramma og trinn, frå 0,0 % til 15,9 %, men her er det viktig å sjå på tal elevar i dei ulike gruppene. Nokre utdanningsprogram og trinn har svært få elevar, til dømes var det 14,3 % som slutta i Vg1 Håndverk, design og produktutvikling, men det reelle talet er 4 elevar.
Under kan ein sjå prosent sluttarar innan dei ulike grunnskuleintervalla og at det er ein tydeleg samanheng mellom grunnskulepoeng og sjanse for å slutta. Dei med grunnskulepoeng 45-50 og over 50 har høvesvis ein sluttarprosent på 0,6 % og 0,3 %

Det er ulike årsaker som gjer at elevar sluttar i vidaregåande opplæring. Ofte er det samansette årsaker som gjer det vanskeleg å være elev. Skuleeigar har utarbeida eit årshjul for heilskapleg oppfølging av elevar. Årshjulet er meint som støtte til skulane for å kunne følgje opp alle elevar som står i fare for å «droppe ut» av vidaregåande opplæring. Før desse elevane blir avslutta som elevar har ein oppfølging og avklaringssamtalar med desse elevane for å forsøkje å legge til rette for dei slik at dei framleis kan være elevar. Oppfølgingstenesta (OT) støttar skulane i dette arbeidet og er med på desse avklaringssamtalane. Dersom det ikkje er mogeleg med ei tilrettelegging blir eleven avslutta som elev, men får videre oppfølging av OT. Oppfølgingstenesta har ulike tiltak og tilbod dei kan tilby ungdommane dei er i kontakt med, og målet er å kome attende til opplæring eller arbeid.
Karakterar
Tala under syner snittkarakterane ved skuleårsslutt. For skuleåret 2024/25 ligg dette på 4,21 og er det same som førre år.

Under ser ein karaktersnitt fordelt på utdanningsretning. Yrkesfaga har hatt ei jamn auke frå 4,02 i 2018/19 til 4,19 i 2024/25.

Under er prosentvis fordeling av alle karakterar som vart gitt ved årsslutt dei ulike skuleåra. Som ein kan sjå er karakteren 5 den som er gitt oftast, så karakter 4, så 3 og deretter karakteren 6. Dette gjeld standpunkt og eksamen.

Under kan ein sjå karaktersnitt pr utdanningsprogram og trinn. Det er delvis store skilnadar mellom dei ulike inndelingane, frå 3,74 for vg1 bygg og anlegg til 4,56 for vg3 naturbruk.

Om ein delar inn etter kjønn, trinn og utdanningsretning ser ein at jenter får høgare karakterar enn gutar på alle trinn, samt at det er generelt lågare karakterar på vg1. På vg3 har yrkesfag og studieførebuande det høgaste snittet, men påbygg trekk ned totalsnittet på vg3.

Under kan ein sjå karaktersnitt årsslutt, ut frå grunnskulepoengintervallar. I snitt er det slik at dess høgare grunnskulepoeng ein har, dess høgare karaktersnitt får ein.

Sjølv om ein på fylkesnivå kan sjå ein klår samanheng mellom grunnskulepoeng og karaktersnitt, er det likevel – om ein delar opp i utdanningsprogram – nokre som skil seg ut. I tabellen under er grunnskulepoeng pr. utdanningsprogram rangert frå venstre til høgre. Sjølv om det er ein samanheng, er det her nokre utdanningsprogram som skil seg ut. Til dømes ser ein at påbygg får lågare karaktersnitt enn det grunnskulepoenga skulle tilseie. Noko same tendens er det for medier og kommunikasjon og kunst, design og arkitektur, medan handverk, design og produktutvikling ligg med høgast karaktersnitt, men i midtsjiktet når det gjeld grunnskulepoeng. Sistnemnde utdanningsprogram har svært få elevar, som betyr at enkeltprestasjonar påverkar gjennomsnittet i svært stor grad.

Søyla under syner karakterutviklinga frå tidlegare skuleår, til skuleåret 2024/25 for dei ulike trinna. Dette viser at elevar som går frå ungdomsskulen og startar på vg1 studieførebuande, i snitt går ned 0,3 i karaktersnitt. For elevar som startar vg1 yrkesfag er det omvendt – dei går opp 0,3 i karaktersnitt. Dette er tendensar ein ser kvart år. Det kan sjå ut som overgangen er størst for dei elevane som går frå ungdomsskulen til studieførebuande utdanningsprogram. Samtidig kan me sjå at utviklinga til desse elevane er god frå vg1 til vg3. Elevar som går frå ungdomsskulen til yrkesfaglege utdanningsprogram får ein god start. Samtidig kan det sjå ut til at det er vanskelegare å skapa ein god progresjon for desse elevane

Om ein elev får karakteren 1 eller IV ved sluttvurdering, vil ikkje eleven få bestått. Totalt vart det gitt 2081 IV-karakterar og 1467 karakteren 1. KS samla i år inn tal frå alle fylkeskommunane der dei blant anna så på kva karakterar vg1-elevane fekk i fellesfaga ved termin 1. Nasjonale tal syner at heile 10,1 % fekk 1 ellev IV i matematikk 1P-Y, samt at 20 % fekk karakteren 2. For matematikk 1P fekk 9 % 1 eller IV og 20 % karakteren 2. Resultata speglar tendensane i Vestland, der ein ser at dei faga med flest stryk og IV på vg1 er matematikk, samt engelsk.
Ser ein alle trinn samla under eit, er det flest IV på engelsk, samfunnskunnskap og kroppsøving. Flest stryk finn ein for matematikk og engelsk.
I Hovudutval for opplæring og kompetanse 26.8.25 vart det gitt følgjande vedtak:
Hovudutval for opplæring og kompetanse ber om at følgjande innhald vert framlagt i kvalitetsrapporteringa hausten 2025:
- Historiske avvik mellom standpunkt- og eksamenskarakterar i fellesfaga frå 2020-2025. Ber om tal nedbrote på skule (både offentleg og privat), kjønn, fag og statsborgarskap. Dersom administrasjonen ser det som tenleg for å belyse saka må dei gjerne ta med tal frå før 2020 også, for å kunne vise historiske avvik.
- Administrasjonen skal gjere greie for korleis rutinane er for å følge opp store karakterskilnadar.
- Er dagens vurderingsformer og karakterskala tenleg, slik fylkesdirektøren ser det?
Avvik standpunkt og eksamen.
I ein rapport frå Udir frå 2020 skriv dei blant anna:
"Nesten halvparten av elevene i videregående opplæring får lavere karakter til skriftlig eksamen enn til standpunkt, viser analyser av karakterstatistikken for de siste åtte årene. (…) Andelen elever med samme karakter til skriftlig eksamen som til standpunkt har vært jevn på rundt 40 prosent de siste åtte årene. Det har imidlertid vært noen mindre variasjoner fra år til år, og andelen som har fått en annen karakter til skriftlig eksamen enn til standpunkt har følgelig også variert noe. (…)"
"Standpunktkarakterene skal fastsettes på et så bredt grunnlag som mulig. De skriftlige eksamenskarakterene blir fastsatt på grunnlag av det eleven viser av kompetanse i én skriftlig vurderingssituasjon. Standpunktkarakterer blir fastsatt på grunnlag av flere ulike vurderingssituasjoner. Det kan være en forklaring på at mange elever ikke får samme karakter til standpunkt som til skriftlig eksamen."
Nokre av hovudpunkta i rapporten var:
- Nesten halvparten av elevene får lavere karakter til skriftlig eksamen enn til standpunkt
- Jenter får i noe større grad enn gutter lavere karakterer til eksamen enn til standpunkt.
- Jo høyere standpunktkarakter eleven har, desto mer sannsynlig er det at eleven har fått lavere karakter til skriftlig eksamen enn til standpunkt
Koronaåra 2019/20, 2020/21 og 2021/22 vart eksamen avlyst, så for å sjå historikk, vert det her vist tal for dei siste tre åra. Tala i grafen under syner kor stor forskjell det var mellom standpunkt og eksamen for alle fag. Negativt tal betyr derfor at det var gitt noko høgare karakterar ved standpunkt enn ved eksamen. Tala viser at i snitt er det eit avvik mellom standpunkt og eksamen på mellom -0,53 og -0,61. Pre-koronaåret 2018/19 var talet – 0,51. Tala tek berre med dei elevane som er registrert med både standpunkt og eksamenskarakter.

Udir publiserer karakterstatistikk der ein blant anna kan sjå standpunkt og eksamenskarakter for dei fleste faga. Under er nokre sentrale fag der ein kan sjå at det jamt over er høgare karakterar i standpunkt enn ved eksamen. Udir har ikkje eit samla tal for all avvik.

For skuleåret 2024/25 ser ein avvik for standpunkt og eksamen på desse fellesfaga i Vestland:

For matematikkfaga 1T og 1P ser ein at det samla sett er nesten ein heil karakter i forskjell mellom standpunkt og eksamen. Her bør ein merke seg at i desse faga var det få elevar som gjekk opp til eksamen, berre 95 og 98 elevar. I større fag, til dømes norsk hovudmål vg3 studieførebuande, var det heile 2807 elevar som gjekk opp til eksamen og ein ser då at skilnaden mellom standpunkt og eksamen vert mykje mindre når ein har eit større utval av elevar.
Under er ein tabell som syner avvik mellom standpunkt fordelt på utdanningsprogram og år – kun fellesfag. Det er ingen eintydig trend – men syner at det varierer frå år til år innan dei ulike utdanningsprogramma. Det er ulikt tal elevar i dei ulike utdanningsprogramma som vert trekt til eksamen, noko som fører til at samanlikningar er problematisk. Som vist i grafen over, vert det samla resultata relativt stabilt frå år til år.

Eit anna viktig poeng i denne samanhengen, er at avviket mellom standpunkt og eksamen har samanheng med kva standpunktkarakterar ein har, eit fenomen som vert kalla for regresjon mot gjennomsnittet. Sjølv om denne effekten varierer noko frå fag til fag, finn ein ei klår tendens til regresjon mot gjennomsnittet ved at dei med best karakter går mest tilbake, mens de med dårlegast karakter går fram. Dette er noko det ein må ha med når ein samanliknar ulike grupper.
I artikkelen Karakterer i offentlige og private videregående skoler av NIFI beskriv det det slik:
"Dette fenomenet gjør at det i analysene er viktig å kontrollere for hvilken standpunktkarakter eleven hadde, fordi det sier noe om risikoen for å gå opp, ned eller bli stående til eksamen. Regresjonsanalyser av hvilke forhold som påvirker gjennomsnittsforskjellen mellom standpunkt- og eksamenskarakter for et individ viser at den viktigste forklaringsfaktoren er nivået på standpunktkarakteren.
Avvik pr kjønn
Under er avvik mellom standpunkt og eksamen for fellesfag dei siste tre åra, fordelt på kjønn. For 2024/25 ligg skilnaden mellom kjønn i snitt på 0,03 poeng.

Under er eit lite utval fellesfag der skilnaden mellom standpunkt og eksamen er fordelt pr. kjønn. For dei fleste av desse faga er skilnaden mellom standpunkt og eksamen noko større blant jenter. Det kan være ulike grunnar til at det er nokre skilnader mellom gutar og jenter. Gutar og jenter vel i stor grad ulike utdanningsprogram med ulike tradisjonar for standpunktfastsetting og eksamensform.

Under er ei oversikt over skilnad mellom standpunkt og eksamen fordelt på utdanningsprogram og kjønn, alle trinn, fellesfag. Som vist over er snittskilnaden for kjønn i 2024/25 på 0,03 poeng. Ut frå denne inndelinga, er det ikkje ei klår favorisering av den eine eller den andre gruppa. Noko av det viktigaste er at det er store skilnader på tale elevar i kvart utdanningsprogram, samt fordeling gutar og jenter og dette med regresjon mot gjennomsnittet

Offentleg/privat.
I nemnde rapport frå Udir skriv dei blant anna:
"Det er tilnærmet ingen forskjell mellom offentlige og private skoler i andelen elever som får samme karakter til standpunkt som til eksamen. Det er imidlertid noe variasjon i hvor mange som går opp og ned. Om lag 1 prosentpoeng flere får høyere karakter til eksamen ved offentlige skoler enn ved private. Merk at beregningene kun inkluderer tall fra private skoler som benytter samme fagkoder som de offentlige."
Vi har ikkje tal for private skular i våre system, men Udir har publisert standpunkt og eksamenskarakterar for ei rekke fag, fordelt på skular, både privat og offentlege.
Under er ei oversikt over nokre viktige fellesfag, og skilnaden mellom standpunkt og eksamen for offentlege og private skular.
Vestland 2024/25
Det er ingen store skilnader mellom offentlege og private skular når det gjeld avvik standpunkt og eksamen i Vestland. På fleire fag er avviket likt hos offentlege og private. På eit fag er avviket mindre hos dei private, medan det på nokre fag er nokre desimalar større avvik hos dei private. Merk at her har ein kun tal for eit år, og at det er færre som går på private skular, noko som gjer tala meir sårbare.

Nasjonalt 2024/25
Heller ikkje om ser på nasjonale tal for offentlege og private skular finn ein nokre vesentlege skilnader.

I ein rapport frå NIFU Karakterer i offentlige og private videregående skoler skriv dei blant anna:
"Analysene viser at det er forskjeller innad mellom ulike typer private skoler. Avviket mellom standpunktkarakter og eksamenskarakter er forholdsvis likt ved offentlige videregående skoler, private kristne skoler og private spesialiserte skoler, mens det er et større avvik mellom standpunktkarakter og eksamenskarakter ved private allmenne videregående skoler. Dette gjelder også når vi kontrollerer for andre forhold som har betydning for karakterene. Det er altså større avvik mellom standpunktkarakter og eksamenskarakter når vi sammenligner private og offentlige skoler, men dette gjelder ikke for alle private skoler, bare for de private allmenne videregående skolene. Imidlertid finner vi at det som har størst påvirkning på hvor stort avviket mellom de to karakterene er, er elevens standpunktkarakter. I praksis innebærer dette at elever med gode karakterer har større sannsynlighet for å gå tilbake til eksamen enn elever med svakere karakterer. Dette henger delvis sammen med at standpunktkarakterer i gjennomsnitt ligger høyere enn eksamenskarakterene i alle typer skoler, både offentlige og private."
Statsborgarskap
Statsborgarskap er ikkje registrert i våre studieadministrative system. Det nærmaste ein kjem er eigenregistrert morsmål ved innsøking til vidaregåande skule. For skuleåret 2024/25 er 15607 registrert med norsk morsmål, og 2617 er registrert med anna morsmål. Grafen syner avvik mellom standpunkt og eksamen for dei som er registrert med norsk morsmål og dei som er registrert med anna morsmål. Tala gjeld for fellesfaga.

Grafane syner at for 2022/23 og 2023/24 hadde dei som ikkje hadde norsk som morsmål mindre skilnad mellom standpunkt og eksamen enn dei med norsk som morsmål. Skuleåret 2024/25 hadde dei som ikkje er registrert med norsk som morsmål 0,05 poeng høgare skilnad mellom standpunkt og eksamen enn dei med norsk morsmål.
Skulevise skilnader
Som vist over er det fleire variablar som spelar inn når det gjeld skilnaden mellom standpunkt og eksamen per skule – tal elevar som vert meldt opp til eksamen, kva utdanningsprogram skulen har og kva standpunktkarakter elevane har. Dette påverkar også dei skulevise tala for avvik standpunkt og eksamen.
Fylkessnittet på variasjonen mellom standpunkt og eksamen er ganske likt frå år til år, medan det varierer noko mellom utdanningsprogram og skular innan fylket frå år til år.

Skuleåret 2024/25 har det vore gjort mykje arbeid for å sjå på skilnaden mellom standpunkt og eksamen, samt skilnader i karakterpraksis på dei ulike skulane. Det vart laga analyser der ein såg på skilnaden mellom standpunkt og eksamen på dei ulike skulane for ulike fag, samt karakterpraksis med utgangspunkt i grunnskulepoeng for elevane. Dette vart sendt ut til skulane med ei oppmoding om ei drøfting rundt skulen sin vurderingspraksis i profesjonsfellesskapet. Det vart også etablert ei vurderingsgruppe ved innføringa av ny opplæringslov, for å gjennomgå ny lov mot eksisterande praksis. Skulane sitt arbeid med dette blir videre følgt opp i kvalitetsdialogane.
Vurderingsformer og karakterskala
Karaktersystemet har mange ulike føremål. Eit av føremåla er å gje informasjon for opptak til videre utdanning. Sluttvurdering av eleven sin kompetanse må være med karakter for dette føremålet. Det finns per no ikkje eit alternativt system for det karaktersystemet vi har i dag og vi kjem difor ikkje heilt bort frå bruken av karakterar. Når det gjeld andre føremål, som mål på den faglege kompetanse undervegs i opplæringa kan det være føremålstenleg å dempe bruk av karakterar.
Alt vurderingsarbeid vert regulert gjennom forskrift til opplæringslova kapittel 9, individuell vurdering. Det har vore kompetansehevande tiltak knytt til innhaldet i kapittel 9. §9-1 beskriv formålet med og grunnlaget for vurdering i fag: Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og lærelyst og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faga.
Skulane arbeidar kontinuerleg for å møta dei gode intensjonane i forskrifta. I tidlegare kvalitetsdialogar har elevane meldt inn at dei i stor grad opplever vurderinga summativ og prega av tradisjonar. I dei seinare kvalitetsdialogane melder elevane tilbake at skulane i større grad legg til rette for varierte vurderingsformer, slik at elevane i større grad får vist kompetansen sin.
Det er relevant å spørja om dagens vurderingsformer og karakterskala er tenleg. Samtidig må fokus liggja på å ta ut potensiale av dei gode intensjonane forskrifta legg opp til. Tilbakemeldingane frå elevane kan tyda på at ein er inne i ein god prosess.
Fråvær
Ulike former for fråvær vert registrert og handsama ulikt. For det fyrste blir fråvær fordelt i ulike kategoriar der nokre kategoriar kjem på vitnemålet, andre ikkje. Noko fråvær gjeld på 10 % -grensa for dei einskilde faga og kjem på vitnemålet, anna fråvær ikkje. Det er berre det fråværet som kjem med på vitnemålet som Udir og fylkeskommunane nyttar som fråværsgrunnlag i rapporteringa. Sluttarar er aldri med i fråværsstatistikken.
Vidare kan ein måle fråvær på ulike måter – ein kan til dømes nytta gjennomsnitt eller median, ein kan sjå på dagar og timar, eller ein kan slå saman dagar og timar og sjå på totalfråvær.
Udir ser på timar og dagar og då primært nyttar median. Frå Udir:
"Det vil si at det er like mange elever som har verdier over og under medianen. Medianen påvirkes mindre av ekstremverdier enn gjennomsnittet, og gir derfor et mer riktig mål på hvor høyt det normale fraværet for elever i videregående skole er."
Her frå Udir sin analyse av fråværet skuleåret 2023/24:
- Elevene har typisk 4 dager og 19 timer fravær på vitnemålet. Det er 3 timer høyere enn i 2022–23.
- Elevene på studieforberedende har økt fraværet sitt med 4 timer siden 2022–23.
- Jentene har én dag mer fravær enn guttene, mens timefraværet er likt for jenter og gutter.
Alle fylka bruker statistikkprogrammet Qlik Cloud og i dette programmet vert det nytta gjennomsnitt, og ikkje median som Udir nyttar. Vidare er det slik at fylka nyttar gjennomsnitt av timar og dagar, samt indikatoren totalfråvær som er utrekna slik:
"Andelen (prosent) som det totale fraværet utgjør av læreplantimene. Med totalfravær menes summen av fraværstimer og fraværsdager gjort om til timer (4,5 fraværstimer/dag på ST og 5,25 fraværstimer/dag for øvrige utdanningsprogram). "
Ein har altså ulike mål for fråvær – timefråvær, dagsfråvær og totalfråvær, der dei to fyrste vert utrekna som median hos Udir, gjennomsnitt hos Qlik, og sistnemnde berre er i Qlik.
I Hovudutval for opplæring og kompetanse 20.11.2024 og fylkestinget 11.12.2024 vart det sett vedtak om:
"Utvalet har som mål å få det totale gjennomsnittlege fråværet under 5 % for dei vidaregåande skulane i Vestland."
Ser ein på totalfråværet for 2024/25, ligg i underkant av 50 % av elevane på 5 % totalfråvær eller mindre.

Etter siste koronaår – 2021/22, der fråværsreglana vart endra, har fråværsintervalla halde seg relativt stabile, men med noko auke i gruppa på 10-15 % fråvær, samt nedgang for elevar med 0-5 % fråvær.

For skuleåret 2024/25 hadde 8,2 % av elevane over 20 % totalfråvær. I denne gruppa er det totalt 1448 elevar. Denne gruppa har i snitt eit fråvær på 42 dagar og 98 timar og trekkjer gjennomsnittet kraftig opp. Ikkje overraskande er det slik at dess mindre fråvær, dess større sjanse er det å fullføre. Meir overraskande er det at for dei med meir enn 20 % totalfråvær er det i overkant av 45 % som fullfører og består.

Her er det nok mange skular som strekkjer seg for å få elevane gjennom, at ein tenkjer at litt frammøte på skulen er betre enn ingen og organiserer alternative vurderingsformar. Her er det nok mange elevar med psykisk uhelse / skulevegring som skulane finn løysingar til for at dei skal kunne fullføre.
Ein del av desse elevane er for friske til opplæring på institusjon/sjukehus, men samstundes er for sjuke til å gå på skulen difor legg ein til rette for at elevane jobbar heime og møter til vurderingar. Det er ikkje ei optimal løysing, men syner skulane si praktiske tilnærming til at elevar med reelt vurderingsgrunnlag skal kunne på ein karakter.
Dei med over 20 % totalfråvær som får fullført og bestått, har i snitt 40,1 grunnskulepoeng, opp mot snittet som er 43,3 – det er soleis ikkje ei typisk «skulesvak» elevgruppe, men viser at her handlar det om noko meir enn grunnskulepoeng.
Fafo har laga ein kunnskapsstatus som oppsummerer skandinavisk forsking på bekymringsfullt fråvær. Dei peikar på tre hovudkategoriar av årsaker:
1 Individuelle faktorar:
- Psykiske plager som angst og depresjon
- Søvnproblem og somatiske plager
- Familierelaterte faktorar:
- Helse, utdanning og arbeidssituasjon til foreldra
- Utsett for vald eller misbruk
- Skulerelaterte faktorar:
- Dårleg skulemiljø, mobbing, svake relasjonar til lærarar og medelevar
- Faglege utfordringar
Her ligg det eit dilemma - Bør skulane få desse elevane med svært høgt fråvær til å slutta, formelt sett? Eller prøve å behalde dei? Valet står då mellom å få elevar til å slutte og falle ut av skulesystemet, eller at skulen får registrert meir fråvær. Kanskje er det høge fråværstalet eit teikn på at skulen greier å behalde elevgrupper som er i ferd med å falle frå og kanskje er dei auka fråværstala prisen ein må betale i arbeidet med å få fleire til å fullføre.
For skuleåret 2024/25 ser ein at gjennomsnittsfråværet er 28,4 timar og 9,4 dagar. Liten nedgang på timar og ein liten auke på dagar ut frå førre år.

Om ein, som Udir, nyttar median – og ikkje gjennomsnitt – får ein eit fråværstal på 5 dagar og 18 timer for snitteleven, noko som vil gje eit totalfråvær på 4,6 %.
Under er totalfråværet som gjennomsnitt og ein ligg då på 8,1 % for 2024/25, ei auke på 0,4 prosentpoeng. Som ein kan sjå er nasjonale tal er meir eller mindre identiske med VLFK sine resultat.

Om ein tar vekk dei elevgruppa med over 15 % totalfråvær, ligg gjennomsnittet av totalfråværet på 5,2 %. Det er altså ei elevgruppe på 13,5 % som dreg totalfråværet kraftig opp.
Som tidlegare år er det også no slik at dess høgare grunnskulepoeng, dess mindre fråvær har elevane i snitt. Under er ei oversikt over totalfråværet % fordelt på grunnskulepoeng.

Under er totalfråværet fordelt på trinn, kjønn og utdanningsretning. Hovudtendensen er at det er meir fråvær på Vg3 og at jenter generelt har meir fråvær enn gutar.

Som omtala over er det ulike faktorar som påverkar elevane sitt fråvær. Skuleeigar utarbeida hausten 2024 ein rettleiar for oppfølging av fråvær i Vestland. Skulane skal ha gode system for å følgje opp elevar med fråvær og rettleiaren er tenkt til bruk i dette arbeidet der skulane må tilpasse systemet til lokale behov. Som ein viktig del av fråværsoppfølginga er dialog med elevane og føresette for å finne tiltak ved høgt fråvær. Kontaktlærarane og elevtenesta ved skulane spelar ei viktig rolle i dette arbeidet. I tillegg er det kontinuerleg fokus på eit trygt og godt skulemiljø, der inkluderande læringsmiljø og styrkebasert tilnærming er viktige tiltak for å redusera fråvær.
Overgangar
Gode system i overgangar er sentralt for å sikre at ungdommen fullfører vidaregåande opplæring. Som vist i tidlegare kapittel er det ein del elevar som sluttar undervegs i skuleåret, og som ein vil sjå er det i tillegg nokre elevar som ikkje startar igjen i overgangen til neste skuleår. Kjennskap til arbeidslivet og eit systematisk formidlingsarbeid vil lette overgangen frå opplæring til arbeidsliv. Vestland fylkeskommune har ein godt utarbeidd formidlingsstruktur, og skulane har ansvaret når det gjeld formidling av elevar til lære. Av alle grunnskuleelevane i Vestland har 98% direkte overgang frå 10. trinn til Vg1.
Vestland fylkeskommune har utvikla ei informasjonsside, der kommunane kan sjå korleis overgangen frå ungdomsskolen til vidaregåande skule har gått. Sida finn ein her.
Figurane under viser overgangane frå skuleåret 2023/24 til 2024/25 for studieførebuande og dei yrkesfaglege utdanningsprogramma – overgangsåret 2024. Statistikken viser status for elever året etter at dei var registrert i vidaregåande opplæring. Status blir målt 1. oktober året etter at dei gjekk i Vg1 eller Vg2.
Overgang frå Vg1 studieførebuande. Dei alle fleste elevane har progresjon etter Vg1 studieførebuande. I overkant av 2 % tek omval/repetisjon, medan rundt 5 % sluttar og tek ikkje overgang neste skuleår.

For Vg1 yrkesfag har også dei alle fleste ein progresjon neste skuleår, men det er noko fleire elevar som gjer omval/repetisjon følgjande skuleår – om lag i overkant av 8 %. Det er også fleire som ikkje held fram neste skuleår – 6-7 % i snitt dei siste åra.

Overgang til Vg2 studieførebuande er den overgangen der flest har progresjon – og ligg dei siste åra på 95-96 %. For overgangen Vg2 studieførebuande var det 1,6 % som slutta, 1,3 % som tok omval/repetisjon på Vg2 og 0,6 % som starta på nytt på Vg1. Desse tala har halde seg stabile dei siste åra.

Overgangen frå Vg2 yrkesfag er meir kompleks og har fleire alternativ. Dei tre største kategoriane er lære (ca. 50 %), påbygg (ca. 22 %) og slutta/ukjent (ca. 10 %). Nokre har eit løp der Vg3 er ein naturleg del av læreplanen, samt at nokre få tar enten Vg1 eller Vg2 som omval/repetisjon.

Alle dei fem første kategoriane vert rekna som progresjon, og ut frå dette kan ein sjå at Vg2 yrkesfag dei siste 6 åra ligg på 82 – 83 % progresjon.
Som ein kan sjå under, er det store skilnader mellom utdanningsprogramma når det gjeld overgang frå Vg2 yrkesfag. Til dømes er det slik at heile 42 % av elevane innan helse- og oppvekstfag går direkte over til påbygg. På Teknologi- og industrifag går heile 75,1 % direkte ut i lære. For bygg- og anlegg ligg talet på 67,7 %. 6,3 % av elevane på Håndverk, design og produktutvikling går direkte ut i lære. Merk at i dette utdanningsprogrammet er det berre 16 elevar.

Overgangar er kritiske punkt i opplæringsløpet, og i §9-5 i ny opplæringslov presiserer ein at fylkeskommunen har overordna ansvar for overgangen frå grunnskulen til den vidaregåande opplæringa. Vestland fylkeskommune har arbeidd systematisk med denne overgangen over tid. Det er oppretta 10 regionale møtearenaer, kommunedialogar, der kommunen, fylkeskommunen, vidaregåande skule og andre relevante aktørar som rettleiingstenesta og PPT kommune har dialog om det å auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. Dei vidaregåande skulane gjer tiltak i oppstarten av nytt skuleår for å trygge elevane både sosialt og fagleg. Gode relasjonar til medelevar, lærarar og andre tilsette på skulen er viktige for vidare gjennomføring av opplæringsløpet.
Avsluttning
Resultata som er lagt fram her er samla for heile fylket og syner at utfordringane me har i Vestland i stor grad samsvarer med nasjonale utfordringar. Skuleårsresultata peikar retning for jobben vi må gjere framover. Skuleåret 2024/25 har ein i Vestland fylkeskommune hatt fokus på innføring av ny opplæringslov og skuleeigar har saman med skulane utarbeida rutiner og rettleiarar for å støtte skulane i dette arbeidet. I tilknyting til dette har ein og hatt kompetanseheving på ulike områder; innan tilpassa opplæring og endring av vurderingspraksis med meir. Dette systemarbeidet gjev eit godt utgangspunkt for arbeidet for å halde ved lag og heve kvaliteten i den vidaregåande opplæringa.