Opplæring i bedrift 2025
Norsk arbeids- og samfunnsliv treng fleire fagarbeidarar for å byggje den moderne velferdsstaten og ein industri i verdstoppen. Vestland er eit av dei størst fagopplæringsfylka i landet, og det er stadig fleire som søkjer seg til yrkesfaglege studieretningar. God balanse mellom unge og vaksne sine ynskje og kva som er arbeidslivet sitt behov for kompetanse er viktig for å oppretthalde tilgang til arbeidskraft i samfunnet. Dette krev også eit tett samarbeid med næringsliv for å oppretthalde kvalitet og kapasitet for å utdanne fleire fagarbeidarar.
Overgang frå vg2 yrkesfag
Overgangen frå Vg2 yrkesfag har i alle år vore den mest kritiske overgangen i vidaregåande opplæring. Grafen under viser prosent elever som frå Vg2 yrkesfag har hatt ein progresjon neste skuleår. Progresjon blir rekna som enten at eleven er ute i lære, går planlagt vg3, alternativ vg3 i skule, påbygg eller særløpet YF mot ST vg3. Det sistnemnte er eit særløp mot studiekompetanse på yrkesfaglege utdanningsprogram. Årstalet refererer til overgangsåret. Nokre skular har tilbod der elevar får både yrkesfagleg opplæring i kombinasjon med studiekompetanse. Elevar som går i slike tilbod går ikkje ut i lære etter Vg2, men går Vg3 for å få på plass studiekompetansen. I tillegg har ein også tilbod der elevar får både fagbrev og studiekompetanse. Desse elevane går fire år i vgs og tar fagbrev undervegs i dette opplæringsløpet.
Tabellen under viser overgangen for elevar som gjekk frå vg2-yrkesfag skuleåret 2024/25 og status neste skuleår. Som tidlegare år er det stor skilnad mellom dei ulike utdanningsprogramma. Til dømes kan ein sjå at heile 40 % av elevane på helse- og oppvekstfaga går direkte over til påbygg. Innan bygg- og anleggsteknikk og teknologi- og industrifaga går over 73 % av elevane direkte over i lære.
Under er samla resultat dei siste åra. Tala er relativt stabile og syner at jamt over går 52-53 % direkte ut i lære og om lag 20 % går direkte til påbygg. Gledeleg å sjå at tal sluttar har gått ned med 0,7 prosentpoeng.
Søkjarar og formidling til lære.
Fylkeskommunen skal formidle søkjarar som oppfyller vilkåra for dette til lærebedrifter. Søkjarar som har søkt formidling til læreplass innan fristen 1.mars, vil så langt det er mogleg, bli formidla til læreplassar i eit fag det er søkt til, og som søkjar er kvalifisert for. Under kan ein sjå oversikt over tal søkjarar og tal formidla søkjarar dei siste åra. Når ein ser på alle søkjarar var 96,8 % av søkjarane formidla i 2025.
Resultat 2025
Under kan ein sjå totaloversikt dei siste åra.
Kontraktar
Grafen under viser at det i 2025 vart inngått 3957 nye lærekontraktar i Vestland. Tala tek utgangspunkt i kva kalenderår læretida starta.
Under er ei fordeling av nye kontraktar i 2025. Som tidlegare år, er det flest nye kontraktar innan teknologi- og industrifaga, etterfølgt av bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfaga og elektro og datateknologi.
Historikk nye kontraktar
Tala tek utgangspunkt i kva kalenderår læretida starta.
Løpande kontraktar
Totalt 7257 løpande kontraktar i begynnelsen av 2026
Tabellen nedanfor viser tal løypande kontraktar på dei ulike opplæringsløp for å oppnå fag- eller sveinebrev, og kompetansebrev for lærekandidatar. Dei ulike opplæringsløpa syner grad av ulike og varierte opplæringstilbod som vert nytta i fylket.
Tal fagprøvar
Tala under syner kor mange prøvar som er gjennomført fordelt på år. Det har vore ei jamn auke frå år til år, og for 2025 var talet 4698.
Av totalt 4698 gjennomførte prøvar i 2025, var 1487 praksiskandidatar.
Under ser ein aldersfordelinga av dei som gjekk opp til fag-/sveine- og komptanseprøve i 2025.
Resultat fagprøvar
Grafane under syner at i 2025 var det over 92,2 % som bestod fag-/sveine- og kompetanseprøve. Tala har vore stabile over tid.
Modulstrukturert opplæring
Modulstrukturert opplæring er eit av fleire tiltak i fullføringsreformen som skal bidra til at fleire vaksne kan ta fag- eller sveinebrev, og på denne måten bidra til at norsk arbeidsliv får dekka sitt behov for kvalifisert arbeidskraft.
Opplæringa skal vere tilpassa den enkelte sitt behov, utgangspunkt og livssituasjon, slik at det vert enklare for den vaksne å veksle mellom opplæring, arbeid og andre forpliktingar.
Modulstrukturert opplæring er ein opplæringsmodell i utvalde lærefag for dei som har rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Formålet er at den vaksne raskt og effektivt skal oppnå den kompetansen som er nødvendig for å bestå eksamen og fag- eller sveineprøven i det aktuelle lærefaget. Det er ikkje fastsett ein bestemt opplæringstid, lenga på opplæringa skal tilpassast den vaksne sin realkompetanse og progresjon i opplæringa. Intensjonen med modulstrukturert opplæring er at opplæringa skal føregå i ei lærebedrift.
Når fylkeskommunen tilbyr opplæring i eit lærefag som er modulstrukturert, skal opplæringa for vaksne verte gitt etter den modulstrukturerte læreplanen. Dette står i opplæringsforskrifta §14-1.
Det er i dag 16 lærefag som har modulstrukturerte læreplanar:
I VLFK tilbyr vi i dag 4 lærefag som er modulstrukturerte gjennom vidaregåande skular, men vi tilby lærekontrakt i alle modulstrukturerte lærefag om kandidaten har med godkjent lærebedrift for å opprette lærekontrakt.
Kompetanseheving - Fagleg leiar og instruktør
Om lag 1000 fagleg leiar og instruktørar har gjennomgått obligatorisk opplæring i 2025. Opplæringa er obligatorisk for faglege leiarar og består av to deler.
Del 1- er eit e-læringskurs på omlag 45 minutt. E-læringskurset skal vere med å sikre at alle nye lærebedrifter og faglege leiarar får same informasjon og opplæring om rolla si og ansvaret sitt.
Del 2 - bygger vidare på e-læringskurset og er organisert som dagskurs/webinar i regi av Vestland fylkeskommune ved Rettleiingstenesta. I del 2 av opplæringa går ein gjennom styringslinjer i vidaregåande opplæring og diskuterer korleis lærling skjer, mottak av ny medarbeidar, planar og vurdering, plikter og korleis ein kan samarbeide ved utfordringar som kan oppstå i læretida.
Kurs i psykisk helse er praksisnært og gir deltakarane ei innføring i kva psykisk helse er, korleis ein tideleg kan sjå teikn til utfordringar og korleis ein kan ta opp utfordringar kring psykisk helse. Kurset er utarbeida og blir gjennomført i samarbeid med Fagskulen Vestland.
Kurset er fordelt på to dagar med følgjande tema:
- Kva veit vi om psykisk helse og utfordringar blant ungdom
- Tryggheit
- Meistring
- Kva er psykiske problem og kva er ein psykisk liding?
- Tidlege teikn
- Kva kan du som fagleg leiar/instruktør gjere?
- Verktøy i møte med ungdom som har psykiske utfordringar
- Kva åtferd skal ein tole i arbeidslivet
Kurs i Relasjonskompetanse er eit anna praksisnært kurs som er utarbeida og blir arrangert i samarbeid med Høgskule på Vestlandet. Kurset har mål om å styrke fagleg leiar og instruktørar i deira rolle som rettleiar og relasjonsbyggar for lærlingar.
Kurset er over to dagsamlingar med følgjande tema:
- Kva kjenneteiknar god kommunikasjon - korleis kan eg bidra til å fremja god kommunikasjon
- Forventingsavklaring – kva forventningar har lærlingen til meg og kva forventningar har eg til lærlingen?
- Rettleiing som bidreg til framgang – korleis kan den rettleiinga eg gjev bidra til motivasjon og meistring?
- Den vanskelige samtalen - vanskelig for kven?
Kompetanseheving - Prøvenemnder
Næringslivet bidreg med i overkant av 1000 prøvenemndsmedlemer som skal lage oppgåver med vurderingsgrunnlag, vurdere og setje karakter på fag-, sveine- og kompetanseprøver innan dei ulike faga. Prøvenemndsmedlem er eit offentleg verv der kvar person normalt blir oppnemnd for fire år om gongen. Prøvenemndsperioden følgjer fylkestingsperioden, og førre oppnemning var 01.01.24. I overkant av 900 prøvenemndsmedlemmar har gjennomgått ei todelt opplæring med ein heildigital kompetansepakke på udir.no og eit fysisk kurs med instruktør frå fylkeskommunen. Denne opplæringa skal alle nye prøvenemndsmedlemer gjennomgå.
Det har i 2025 også vore gjennomført fire utviklingsdagar for prøvenemnder. På utviklingsdagen har det delteke i overkant av 500 prøvenmndsmedlemmar.Koordinatormøter kvar halvår med alle koordinatorane i nemndene.
Tiltak for - Lærlingar
Alle nye lærlingar i Vestland har frå siste halvdel av 2025 fått tilsendt kurs om det å vere i lære.
Kurset er delt inn i korte mikrokurs som følgjer lærlingen gjennom læretida.
Modul 1 - ved oppstart, modul 2 - 1 månad ut i læretida, modul 3 - 5 månadar ut i læretida og modul 4 - 18 månadar ut i læretida.
Dei ulike modulane er tilpassa tema som er aktuelle for der lærlingen er i læreløpet. Kurset kan gjennomførast på PC eller mobil.
I tillegg til mikrokursa arrangerer Rettleiingstenestene lærlingesamlingar for første års lærlingar.
Skulekonkurransar – Fylkesmeisterskap
Vestland fylkeskommune arrangerte i samarbeid med WorldSkills Norway skulekonkurransar i 11 ulike fag fordelt på sju arrangørskular. Fylkesmeisterskapa var kvalifisering til skule-NM og 15 elevar frå Vestland kvalifiserte seg til NM. I Meld. St. 21 (2020–2021) – Fullføringsreformen, blir yrkeskonkurransar som verkemiddel framheva for å styrke kvalitet og engasjement i opplæringa. Skulekonkurransar er eit tiltak for å fremje yrkesfaga og synleggjere yrkesfaga sin verdi og dei moglegheitane som er innan fag og yrkesopplæringa. Vidare er skulekonkurransane med på å heve statusen til yrkesfag og har som mål å bidra til å inspirere fleire unge til å velje og fullføre ei yrkesfagleg utdanning.
Rettleiingstenesta i Vestland
Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune har som oppdrag å gje tenester i samsvar med krav i lovverket, sikre ei god og heilskapleg rettleiing, koordinering og oppfølging til elevar, lærlingar, ungdom utanfor opplæring/arbeid og vaksne. Tenesta er brukarnær og har eit nært samarbeid med skulane, kommunar, NAV og andre aktuelle samarbeidspartar. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne. RLT har ansvar for rettleiing og oppgåver som krev direkte kontakt med elevar, lærlingar, bedrifter, vidaregåande skular, vaksne og ungdommar utanfor opplæring. Tenesta gir aktiv rådgiving til skular og opplæringskontor og lærebedrifter. Medarbeidarar i rettleiingstenesta deltek i fagleg utvikling, fleirfagleg samarbeid og utvikling av tenestene ved dei seks rettleiingseiningane i Vestland. RLT møter ungdom og vaksne direkte, er nær og losar ungdom og vaksne inn i utdanning og gjennom eit opplæringsløp.
Med ny opplæringslov har det førebyggjande oppdraget til PPT vorte meir tydeleggjort. Gjennom året har det mellom anna vorte arbeidd med at PPT skal støtte skulane i det førebyggjande arbeidet for å gje eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa. Dette arbeidet vil fortsetja i 2026.
I oppfølgingstenesta har det vorte jobba med å få fleire og berekraftige tiltak for både den eldste og yngste målgruppa. Samarbeidet med produksjonsskulen har også vorte styrka og formalisert og produksjonsskulane jobbar tettare med oppfølgingstenesta og fungerer primært som eit OT-tiltak. Dette har også ført til høgare rekruttering til produksjonsskulane. I tillegg har det vorte gjennomført karriererettleiingskurs i regi av OT på Hyssingen med gode resultat.
Karriere Vestland
Karriere Vestland har i 2025 jobba med å styrke arbeidet mot utanforskap. I tillegg har tenesta fått eit tydelegare formalisert samarbeid med mellom anna Rettleiingstenesta og NAV. Karriere Vestland har gjennomført første runde med karriereprogrammet Ressurser og valg i samarbeid med ungdomsprogrammet til Nav. Karriere Vestland har også gjennomført fagsamlingar til dømes Karrierenettverket i Vest, med temaet ungdom og utanforskap. Dette er noko Karriere Vestland vil arbeide vidare med i 2026.
Felles strategi for Rettleiingstenesta og Karriere Vestland
Rettleiingstenesta og Karriere Vestland har i 2025 utarbeidd felles strategi som gir rammer og retning for korleis dei saman byggjer RLT og KV for å yte gode og framtidsretta tverrfaglege tenester og leveransar i eit samfunn i endring. Strategien definerer prinsipp for korleis tenestene skal skape fellesskap med kultur for tillit, kontinuerleg utvikling og rom for alle. Med høge krav til gode tenester vil tverrfagleg samarbeid mellom fagområde gje auka kvalitet.