Fornye og forbetre 2025
Fornye og forbetre- vegen vidare
Resultata på nettsida resultat og analyse frå opplæring gir oss informasjon om korleis det står til i den vidaregåande opplæringa vår. Vestland fylkeskommune lukkast med mykje, men har også utfordringar som i stor grad samsvarar med nasjonale utfordringar. Ny opplæringslov frå 01.08.24 formaliserer dei gode intensjonane i Fullføringsreforma, og vil i så måte vera ei god støtte i vidare arbeid med auka gjennomføring.
Skuleårsresultata viser nedgang i fullført og bestått. Fråværet aukar, men ligg under nasjonalt snitt. Elevundersøkinga frå 2024 viser at vi ligg omtrent på nasjonalt snitt når det gjeld hovudindikatorar for læringsmiljø. Mobbetala er redusert på vg1 og vg3 samanlikna med førre skuleår, medan vg2 har ein auke. Ungdata 2024 fortel oss at ungdommane stort sett trivst på skulen, og at dei fleste er nøgde med si eiga helse. I kvalitetsdialogane fortel elevane at dei stort sett er nøgde med skulane og skulemiljøet. Samtidig har elevane tidlegare etterlyst meir variert undervisning og vurdering som i større grad fremjar læring. I kvalitetsdialogane vår 2025 fortel elevane at fleire skular har større fokus på dette enn tidlegare.
Elever som strevar med vidaregåande opplæring treng god og tilpassa hjelp for å kome attende på eit spor som kan leie dei fram til ønska kompetanse. Arbeidet startar ikkje på vg1, men i eit forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane om å styrka overgangen frå grunnskule til vg1. I Vestland er dette arbeidet organisert som kommunedialogar. Meir om dei overordna satsingane under.
Planverk og styringssignal
Temaplanen, mål og strategiar, «Fornye og Forbetre – Auka gjennomføring» er eit styrings- og kvalitetsverktøy i arbeidet med å fornye og forbetre vidaregåande opplæring i takt med sterke og raske samfunnsendringar.
Temaplanen har følgjande mål:
- Elevar og læringar i Vestland har det beste opplæringstilbodet med høg merksemd på trivsel, motivasjon, læring og meistring i eit inkluderande miljø
- Eit godt samansett lag utviklar eleven, lærlingen og skulen
- Vidaregåande opplæring (VGO) har god samanheng med grunnskule og er heilskapleg, fram til arbeidsliv eller høgare utdanning
- Vidaregåande opplæring er ein viktig utviklingsarena for ungdom, vaksne og arbeidsliv
Dei fire måla peikar mot resultatkvaliteten Vestland fylkeskommune arbeider mot i all kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring. Strategiane i temaplanen tek utgangspunkt i at ei likeverdig opplæring må ha både individ- og systemperspektiv, og dei er derfor utforma med krav til både prosess- og strukturkvalitet. Samspelet i og mellom struktur-, prosess- og resultatkvaliteten motiverer for kontinuerleg fornying og forbetring.
Temaplanen sitt vedtekne handlingsprogram er tufta på dei resultata og utfordringane som resultat og analysar peikar på, og tek opp i seg føringar frå opplæringslova gjennom desse satsingsområda:
- Relasjonsbygging
- God leiing av læringsarbeid
- Elevmedverknad
- Variasjon i undervisninga
- Psykisk helse
- Fleksible og differensierte opplærings- og undervisningsordningar
- Gode overgangar - for tryggleik og rette val
- Skulen sine omgjevnadar blir brukt både som kunnskapskjelde og læringsarena
Forsking peikar på at skal ein lykkast med utvikling er det viktig å satse på få langsiktige mål og tiltak. Måla bør stå seg over tid og skuleeigar må aktivt følgje dei opp. Frå handlingsprogrammet har derfor avdelingsdirektøren peika ut to overordna satsningar:
- Fornye og forbetre tilpassa opplæring
- Fornye og forbetre overgangar i opplæringa
Hovudutval for opplæring og kompetanse har peika på viktige tiltak som kan bidra til fullføring og inkludering. Direktør for opplæring og kompetanse har organisert deler av dette arbeidet i tre prosjekt: Prosjekt tilpassa opplæring, prosjekt vidaregåande opplæring for vaksne og prosjekt med samordning i OPK – realisering av fullføringsreforma. I desse tre prosjekta blir det arbeidd med ulike tiltak som kan bidra til fullføring og inkludering. Styrkebasert tilnærming er ein av fleire metodar som kan nyttast i dette arbeidet. Denne metodikken kan hjelpa ungdom til å setje ord på kva dei får til og å identifisere eigne styrker. Det er i tillegg gjort vedtak om å ha som mål å få det totale gjennomsnittlege fråværet under 5 % for dei vidaregåande skulane i Vestland. Utfordringa med auka fråvær er samansett, og krev tiltak på ulike nivå. Vidare arbeid med tiltaksområda i handlingsprogrammet vil vera viktige bidrag. Handlingsprogrammet peikar også på implementeringskvalitet som ein viktig faktor i arbeidet med å realisera vedtekne mål. I dette ligg å sikra at mål, tiltak og retningslinjer får ein positiv effekt i klasserom, verkstad og andre læringsarenaer.
Utviklingsplan for Vestland vart vedteken av Fylkestinget i desember 2024. Målet er å sjå komande planarbeid i ein heilskapleg samanheng. Det skal utarbeidast to regionale planar, areal og mobilitet, og verdiskaping og kompetanse. Regional plan for verdiskaping og kompetanse skal omfatte relevante tema på eit overordna nivå, med vekt på prinsippavklaringar, samordning og strategiske val. Vedteke planprogram vil leggja rammer for vidare planarbeid.
Tilpassa opplæring
Tilpassa opplæring er forankra i opplæringslova § 11-1 , og er ein rett for alle elevar. Dette inneber at skulen og lærebedrifta skal leggje til rette for at kvar enkelt elev, lærling og lærekandidat får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, uavhengig av føresetnadene deira. Målet er at alle skal få utvikle evnene sine innanfor fellesskapet.
Ei tilpassa opplæring blir oppnådd gjennom variasjon i læringsaktivitetar, læringsressursar, læringsarenaer og vurderingsformer. Etter ny lov er skulen si rolle tydeleggjort. Skulen skal følgje med på utviklinga til elevane og setje i verk tiltak dersom det er tvil om ein elev har tilfredsstillande utbytte.
Lærarar har eit stort handlingsrom til å tilpasse opplæringa og skal bruke sitt profesjonsfaglege skjønn mellom anna i samarbeid med elevar, føresette og rettleiingstenesta. Rettleiingstenesta skal i tråd med samfunnsoppdraget bidra til at fleire får ei tilpassa opplæring, fullfører vidaregåande opplæring og kvalifiserer seg for eit yrkesliv.
For å lukkast med tilpassa opplæring, er det viktig å setje tidleg i gong med varierte pedagogiske metodar og verkemiddel og sjå styrkane til elevane og byggje på dei. Skulane og rettleiingstenesta skal samarbeide for å gje elevar og lærlingar ei tilpassa opplæring.
Fylkestinget vedtok i sak 117 /2021 prinsipp for tilpassa opplæring:
- alle elevar, lærlingar og lærekandidatar møter eit inkluderande læringsmiljø
- godt tilpassa opplæringsløp for elevar, lærlingar og lærekandidatar kvalifiserer til etterspurt kompetanse
- auka læringsutbytte ved bruk av fleire fleksible og ulike relevante opplæringsarenaer
- vurderingspraksis som fremjar læring og utvikling
- byggje ein sterk kultur for kompetansedeling om tilpassa opplæring gjennom utvikling i profesjonsfellesskapet og samhandling mellom rettleiingsteneste, skule og bedrift.
I tillegg er det utarbeidd rettleiarar, støttedokument og heilskaplege system etter ny opplæringslov som for å kunne tilpasse opplæringa best mogeleg på eit tidleg tidspunkt for den einskilde. Det blir også lagt vekt på erfaringsdeling på tvers av skular og rettleiingskontor for å dele god praksis både digitalt og samlingsbasert.
Overgangar
Fylkeskommunen skal etter ny opplæringslov sørge for ein trygg og god overgang mellom ungdomsskule og vidaregåande skule og kommunane skal samarbeide med fylkeskommunen om overgangen.( § 9.5 i opplæringslova).I tillegg skal vi ha eit opplæringstilbod for dei med rett til vidaregåande opplæring etter §5-1, men som manglar faglege eller språklege føresetnader for å delta i eller gjennomføre slik opplæring. ( kombinasjonsklasser, innføringsklasser)
Systematisk arbeid med overgangar i opplæringsløpet vil kunne bidra til at fleire ungdommar fullfører og består vidaregåande opplæring. Det er viktig å ha god dialog med kommunane om overgangane i opplæringsløpet. Fullføringsreforma legg grunnlaget for store endringar i vidaregåande opplæring. Alle elevar som startar i vidaregåande opplæring skal få fullføre utdanninga. Dette gjeld både unge og vaksne.
Arbeidet på systemnivå som er utvikla i fylket er nøkkelen for å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring. Regionen og vi planlegg møta saman, så forankringa i leiing for alle partar er viktig i dette arbeidet. Men det viktigaste operative arbeidet må skje nær elevar mellom vidaregåande skular, rettleiingstenesta og kommunane mellom dei årlege kommunedialogane.
Tidleg og rett innsats er stikkordet for at elevane kan nå ein sluttkompetanse som til slutt fører dei ut i aktivt arbeidsliv. Kommunane « eig» både dei unge og vaksne, difor er det viktig at dei får oversikt over kven som klarer seg i overgangen mellom ungdomsskulen og vg1 og som har fullført og bestått vidaregåande opplæring. Vi har difor utvikla statistikk på kommunenivå til hjelp for kommunane på dette. Statistikk på fullføring på kommunenivå
Statistikk viser at dei som har fullført og bestått vidaregåande opplæring klarer seg betre i arbeidslivet enn utan. I tillegg er dialogen om ungdomar som ikkje finn seg til rette i ungdomsskulen viktig. Kan vi starte tidlegare med å legge til rette for ulike opplæringsløp for elevar vi ser har store utfordringar tidleg? Enkelte kommunar har per no god samhandling om enkeltelevar/ grupper som får prøve seg i vidaregåande utdanningsprogram før dei er ferdig med ungdomsskulen. Gjennom faget arbeidslivsfag, som ungdomsskulen har, kan ein i samarbeid få til ulike overgangsordningar. I tillegg har vi ein del ungdomar som får eit skreddarsydd opplegg der einskildkommunar, vidaregåande skular og opplæringskontor samarbeider om eit tilpassa opplegg og kommunane bidreg økonomisk for å få dette til. Det førebyggande arbeidet for elevar med ulike utfordringar er sentrale i møta med regionane.
Dei fleste ungdommar som går ut av grunnskulen startar på vidaregåande opplæring, og det største fråfallet skjer i overgangen frå vg2 yrkesfag til lære. Verktøy som læreplassrekneskapen (LPR) er viktig for å systematisere arbeidet med å skaffe læreplassar til elevane som ønsker dette. Systematisk arbeid med alle overgangar i opplæringsløpet vil kunne bidra til at fleire ungdommar fullfører og består vidaregåande opplæring.
Med dette bakteppet har avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse etablert kommunedialog om kvaliteten i opplæringa i heile Vestland. Kommunane legg grunnlaget for korleis elevane klarer seg i vidaregåande opplæring, og vidaregåande opplæring må byggja vidare på grunnlaget som er lagt og for å få elevane til å fullføre. Dette krev godt samarbeid og god utviklingskraft frå fylkeskommunen og regionane. Difor er dette tema i dei regionale møta med kommunane der kommunalsjefar, rektorar i ungdomsskule og vidaregåande skular og leiarar i rettleiingstenesta er til stades.
Eit trygt og godt læringsmiljø
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Arbeidsmiljølova regulerer tydelege krav til lærlingane sitt arbeidsmiljø.
Eit trygt og godt læringsmiljø er avgjerande for både fagleg og sosiale utvikling. Det er derfor utarbeidd ein overordna prosedyre som skulane skal følgja opp. Prosedyren peikar på både førebyggjande tiltak, og kva skulane skal gjera ved mistanke eller varsel om utrygt læringsmiljø. Skulane har i tillegg eigne tiltak, og det vert bl.a. lagt vekt på å gje elevane ein god start av nytt skuleår. Konsistens i struktur og kultur skapar trygge rammer. I handlingsprogrammet ligg derfor trygt og godt skule- og arbeidsmiljø som ein grunnleggjande føresetnad for oppfølging av mål, strategiar og tiltaksområda.
Kunstig intelligens
Kunstig intelligens (KI), gjennom verktøy som ChatGPT og Google Gemini, har på kort tid blitt ein del av skulekvardagen. Teknologien byr på nye moglegheiter for læring, men òg nye utfordringar. Når KI no kan generere truverdig tekst, bilete og videoar, vert det stadig vanskelegare å skilje mellom kva som er ekte og ikkje.
KI er ei inngripande kraft i heile samfunnet, frå søkeresultat til demokratiske prosessar. Formålsparagrafen i opplæringslova (§1-3) er klar på at skulen skal “opne dører mot verda og framtida” og “fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte”. For å ruste elevane for framtida, er grunnleggjande KI-kompetanse difor naudsynt. Denne kompetansen handlar ikkje berre om å kunne bruke verktøya, men vel så mykje om å forstå korleis dei påverkar oss, og å kunne reflektere kritisk rundt spørsmål som etikk, personvern og berekraft. Skulen har ei nøkkelrolle i å gjere elevane til aktive og kritiske medborgarar i ei KI-forma verd, ikkje passive mottakarar av teknologi utvikla av kommersielle aktørar.
KI opnar for nye pedagogiske metodar. Virtuelle læringsassistentar – til dømes i rolla som historiske personar, fagspesifikke hjelparar, eksamenstrenarar eller simulerte pasientar og kundar – kan gjere fagstoff meir engasjerande og tilgjengeleg, særleg for elevar med lese- og skrivevanskar. Samstundes er teknologien umoden. Språkmodellar kan «hallusinere» (finne på fakta), innehalde verdiladde skeivskapar frå treningsdata, og vere retorisk overtydande sjølv når dei tek feil. Dette, kombinert med KI-genererte bilete og videoar, gjer kjeldekritikk og digital dømmekraft viktigare enn nokon gong.
Tradisjonelt har skriftlege tekstar vore eit sentralt mål på kompetanse. KI utfordrar denne praksisen, sidan det ikkje lenger er mogleg å vite sikkert om eleven har skrive teksten sjølv. Med nye «resonneringsevner» i KI-verktøy, der språkmodellane kan handsame og drøfte informasjon før dei gjev eit svar, er dei i stand til å løyse stadig meir kompliserte oppgåver. I staden for å forby teknologien eller gå tilbake til penn og papir, må fokuset i større grad flyttast. Vurderinga må, i tråd med intensjonane i læreplanverket (LK20), sjå på heile læringsprosessen og eleven sine refleksjonar, ikkje berre det ferdige produktet. Dette krev ein breiare diskusjon om kva kompetanse er i dei ulike faga i ei tid med KI.
Opplæringsavdelinga i Vestland fylkeskommune jobbar aktivt med desse spørsmåla gjennom ei eiga faggruppe for KI. Gruppa støttar skulane i innføringa av KI som ein positiv ressurs for læring og vurdering. Dei arbeider med kompetanseheving for lærarar og skuleleiarar, utviklar opplæringsmateriell for Skoleportalen og NDLA, og utforskar nye, trygge verktøy for bruk i undervisninga.
Ved å integrere KI på ein reflektert måte, kan skulen gje elevane nyttige verktøy for læring, kritisk tenking og livsmeistring, slik at dei er førebudde på vegen vidare i eit samfunn der KI speler ei stadig større rolle.
Rettleiing av nye lærarar.
Rettleiing for nyutdanna lærarar i Vestland fylkeskommune skal bidra til tryggleik, utvikling av kompetanse og meistring i lærarrolla. Det å få hjelp til å reflektere over eiga yrkesutøving og eigen yrkesidentitet kan bidra til at nyutdanna lærarar kjem raskt inn i det pedagogiske og praktiske arbeidet. Nyutdanna lærarar har nytt blikk og ny kunnskap i fag og pedagogikk, og dette er ein styrke overfor kollegaer og ein ressurs for skulen. Kollegaer har rutine, kunnskap og erfaring, men treng også nye tankar og vurderingar for å vidareutvikle og fornye praksis. Rettleiing skal bidra til at nye lærarar får bruke sitt potensial og sin kompetanse i lærarrolla og bidra til utvikling i profesjonsfellesskapet. Under finn ein tema som kan nyttast som utgangspunkt for utvikling av skulen sin plan for å ta imot dei nyutdanna lærarane:
Å forstå eigen skule - Kulturforståing:
- Organisering, kultur, leiing, samarbeid, konkret yrkesetikk, personaltilhøve, skulereglar.
Pedagogiske og faglege utfordringar:
- Elevvurdering og karaktersetting, klasseleiing, organisering av undervisninga, læreplanarbeid, veke-/arbeidsplanar.
Kontaktlæraroppgåver:
- Dialog med heimen, foreldremøte, elev- og utviklingssamtalar, fråværsrutinar, konflikthandtering.
Skuleeigar - fylkeskommunen som system:
- Skuleeigar som folkevald organ og som tenesteprodusent, kunnskap om andre velferdstenester og om støtteapparatet som er relevant i høve til elevane.
Leiinga på den enkelte skulen må legge til rette for at rettleiar kan følgje opp nyutdanna lærarar gjennom skoleåret. Rettleiar bør – om mogleg – vere ein erfaren lærar som har kompetanse i rettleiing. Fleire skular har rettleiarar med formell utdanning, og skular som ikkje har slik kompetanse vert oppmoda om å leggje til rette for at lærarar får ta del i vidareutdanning.
Skulenivå:
- Leiinga på den enkelte skule har det overordna ansvaret og legg til rette praktiske og økonomiske rammer for rettleiing for nyutdanna lærarar.
- Leiinga legg til rette for at nye lærarar vert inkluderte i eit eller fleire faglege profesjonsfellesskap.
- Leiinga legg til rette for rettleiarar som er eigna og kvalifiserte for oppgåvene.
- Leiinga legg til rette for at ordninga kan tilpassast den enkelte nyutdanna sine behov gjennom ein plan for rettleiing og oppfølging. Ordninga kan omfatte individuell rettleiing og/eller grupperettleiing.
Skuleeigar:
- Skuleeigar samarbeider med Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen om årlege temasamlingar om rettleiing for nyutdanna lærarar. Målgrupper vil vere rettleiarar, nyutdanna lærarar og skuleleiinga.
Universitet -og høgskulesektoren:
- Skuleeigar arrangerer saman med HVL/UiB områdevise årlege nettverkssamlingar der nyutdanna lærarar samen med sin rettleiar og skuleleiar får invitasjon til å delta.
Fråvær
Både i Vestland fylkeskommune og nasjonalt fortset trenden med aukande fråvær. Høgt skulefråvær blir ofte sett i samanheng med lågare grad av gjennomføring, og større risiko for å falle ut av vidaregåande opplæring. §10-6 i opplæringslova set tydeleg krav om at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevar med fråvær frå opplæringa blir følgde opp. Fylkestinget i Vestland fylkeskommune har følgt opp med å vedta eit mål om å få det totale gjennomsnittlege fråværet under 5 % for dei vidaregåande skulane i Vestland.
Vestland fylkeskommune har laga eit årshjul for heilskapleg oppfølging av elevar. Årshjulet skal bidra til å identifisere og følgje opp elevar som av ulike grunnar står i faresona for å ikkje fullføre vidaregåande opplæring. Det er også laga ein overordna prosedyre for kapittel 12 i opplæringslova som skal støtta skulane i arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø. Ein auka rett til fullføring gjev også sterkare insentiv til å finne alternative vegar og løysingar for elevar som opplever at dei er på feil stad, og t.d. ser føre seg å gjere eit omval.
Aukande skulefråvær er ein del av dei komplekse samfunnsutfordringane som skulen står midt i kvar dag. Fråvær vert påverka av mange faktorar, noko som gjev skulane eit stort ansvar i å følgje opp kva som er den enkelte sine utfordringar knytt til manglande oppmøte. Laget rundt eleven er sentralt for dei ungdommane som har utfordringar som gjer det krevjande å fungere i læringssituasjonar.
Avslutning
Samfunnet endrar seg i rask takt, og det er viktig at skulen fornyar og forbetrar seg i tråd med dette. Handlingsprogrammet med overordna satsingar tilpassa opplæring og overgangar er eit viktig styringsverktøy i dette arbeidet.
Fullføring og inkludering er viktige mål knytt til innføring av fullføringsreforma og opplæringslova. Utfordringsbiletet handlar i stor grad om at fleire ungdommar og vaksne treng tilrettelegging og ekstra innsats for å fullføre vidaregåande opplæring. Direktør for opplæring og kompetanse har organisert deler av dette arbeidet i tre prosjekt; prosjekt tilpassa opplæring, prosjekt vidaregåande opplæring for vaksne og prosjekt med samordning i OPK – realisering av fullføringsreforma. I desse tre prosjekta blir det arbeidd med ulike tiltak som kan bidra til fullføring og inkludering.
Trygge læringsmiljø bygger på tillitsfulle relasjonar som er avgjerande for at opplæringa i skule og lærebedrift skal medverke til at ungdom og vaksne utviklar kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Tillit, respekt og krav er grunnmuren i læringsarbeidet, og Vestland fylkeskommune jobbar kontinuerleg med relasjonsbygging i det daglege møte med elevar og lærlingar. Styrkebasert tilnærming er ein av fleire metodar som kan nyttast i dette arbeidet.
Framtidas arbeidsliv set store krav til kompetanse, og vidaregåande opplæring i Vestland gjer ein stor jobb for å gje elevar og lærlingar brei, rett og god kompetanse. Fylkesdirektøren har stor tru på at ein ved å fortsetje med det gode arbeidet vil auke gjennomføringa vidare, samstundes som det er viktig å ta tak i utfordringane som blir peika på i årsresultat 2024/25.