Eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø 2025/26

Eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø er viktig for fagleg og sosial utvikling. Sentrale og lokale styringssignal gjev føringar for dette arbeidet. Elevundersøkinga og lærlingundersøkinga er viktige kjelder for å få oversikt over korleis elevar og lærlingar har det i skulen og på læreplassen. Resultata viser at mange elevar og lærlingar trivst. Samtidig er det elevar og lærlingar som opplever utfordringar som påverkar både livskvalitet og i kva grad det er mogleg å fullføre og bestå.

Læreplanverket (LK-20) beskriv at elevane si sosiale læring og utvikling skal skje gjennom arbeid med faga, og at eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulert til fagleg og sosial utvikling. Opplæringslova §12-2 peikar på at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. I dette ligg å sikra eleven sin rett til eit trygt og godt skulemiljø gjennom førebyggjande arbeid og å ha nulltoleranse mot krenkjande åtferd. Lærlingane er omfatta av Arbeidsmiljølova. 

Mål 1 og 2 i temaplan «Fornye og forbetre - auka gjennomføring» følgjer dette opp slik:  

·         Mål 1: Elevar og læringar i Vestland har det beste opplæringstilbodet med høg merksemd på trivsel, motivasjon, læring og meistring i eit inkluderande miljø.  

·         Mål 2: Eit godt samansett lag utviklar eleven, lærlingen og skulen.  

Tilhøyrande handlingsprogram har følgjande overordna tiltak:   «Alle i laget rundt elevane og lærlingane sikrar eit trygt og godt skule- og arbeidsmiljø som er helsefremjande og inkluderande. I dette ligg også eit medvite forhold til å redusere fråværet.»  

§12-2 i opplæringslova peikar på at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Samtidig har skulane eit skjerpa ansvar for elevar med særskild sårbarheit. Forhold som kan gjere ein elev særskilt sårbar kan vere knytt til eleven sin religion, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, funksjonsevne, at eleven har åtferdsvanskar eller forhold ved eleven sin familie- og heimesituasjon. At ein elev tidlegare har vore utsett for krenkingar kan også gjere ein elev særskilt sårbar. Enkelte grupper er overrepresentert blant dei som vert krenka. Det er derfor viktig at skulane følgjer særskilt med på korleis desse elevane har på det skulen. VLFK sin overordna prosedyre for oppfølging av opplæringslova kapittel 12 beskriv korleis eit trygt og godt skulemiljø vil beskytte mot auka sårbarheit. Det er viktig at skulane har kunnskap og oversikt om forhold som kan gjere ein elev særskilt sårbar.

Elevundersøkinga

I haustsemesteret er det obligatorisk for alle skulane å gjennomføra elevundersøkinga for Vg1. Skuleeigar ynskjer at skulane gjennomfører på alle trinn, og ser at det i stor grad blir gjort. Undersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får seie si meining om læring og trivsel i skulen. Resultata frå elevundersøkinga er eit viktig kunnskapsgrunnlag for skulen, fylkeskommunen og Utdanningsdirektoratet (Udir) i arbeidet med kvalitetsutvikling. Udir har ansvar for spørsmåla og den tekniske delen av undersøkinga.

Elevundersøkinga er ein del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet, og er ein viktig del av skulane og skuleeigar sitt kunnskapsgrunnlag og analysearbeid. Høg verdi betyr positivt resultat og høgaste gjennomsnittsverdi er 5. Dette med unnatak for indikatoren «Mobba på skulen», der resultatet går frå 0–100 og viser prosentdel elevar som rapporterer at dei har opplevd å bli mobba.

Resultata for læringsmiljøindikatorar samla for heile fylket syner små variasjonar og ingen klare signifikante forskjellar.  Variasjonane vil vere større når ein ser resultata på skulenivå, og det er også då ein får mest nytte av å analysere og bruke resultata. Vi vel likevel å kommentere nokre av resultata der vi ser forskjellar historisk eller forskjellar mellom nasjonale resultat og resultata i Vestland. 

Svarprosent for elevundersøkinga 2025/26

 

Vg1

Vg2

Vg3

Nasjonalt

83,3

81,0

76,9

Vestland

83,7

81,8

79,3

 

Tabellen under viser resultat på hovudindikatorar læringsmiljø fordelt på dei ulike trinna. Det er små variasjonar mellom trinna, men ein svak trend mot dårlegare resultat dess eldre elevar er. I kategori fagleg utfordring er det motsett trend. Dei indikatoren som får høgast score (alle trinn) er; trivsel, felles reglar, fagleg utfordring, etterfølgt av støtte frå lærar. Medan dei indikatorane med lågast score (alle trinn) er;  vurdering for læring, motivasjon og elevdemokrati og medverknad. 

 2025-26

Vg1

vg2

vg3

Trivsel

4,2

4,2

4,2

Støtte fra lærer

4,1

4,1

4,0

Støtte hjemmefra

4,0

3,9

3,8

Vurdering for læring

3,5

3,5

3,3

Læringskultur

4,0

4,0

3,9

Mestring

3,9

3,9

3,9

Motivasjon

3,6

3,5

3,4

Elevdemokrati og medvirkning

3,6

3,6

3,5

Felles regler

4,2

4,2

4,1

Utdanning og yrkesveiledning

3,7

 

 

Faglig utfordring

4,2

4,3

4,4

 

Tabellen under viser historiske tal for  Vg1 i Vestland samanlikna med nasjonalt nivå innverande skuleår. Det er ingen store forskjellar, men svak positiv trend historisk der resultata for Vestland syner at ein har gått fram 0,1 på 4 indikatorar og tilbake på 1 indikator samanlikna med i fjor for Vg1. Av dei som har gått fram finn vi støtte heime i frå, vurdering for læring, motivasjon og utdanningsrettleiing. Resultat for hovudindikatorane innan læringsmiljø for Vg1 Vestland 2025/26 er identiske med nasjonalt snitt, med unntak for indikatoren fagleg utfordring der Vestland ligg 0,1 under nasjonalt nivå.

Vg1

 

VLFK

Nasjonalt

 

2023-24

2024-25

2025-26.

2025-26

Trivsel

4,1

4,2

4,2

4,2

Støtte fra lærer

4,1

4,1

4,1

4,1

Støtte hjemmefra

4,0

3,9

4,0

4,0

Vurdering for læring

3,4

3,4

3,5

3,5

Læringskultur

4,0

4,0

4,0

4,0

Mestring

3,9

3,9

3,9

3,9

Motivasjon

3,5

3,5

3,6

3,6

Elevdemokrati og medvirkning

3,6

3,6

3,6

3,6

Felles regler

4,1

4,2

4,2

4,2

Utdanning og yrkesveiledning

3,5

3,6

3,7

3,7

Faglig utfordring

4,3

4,3

4,2

4,3

 

Tabellen under viser historiske tal for Vg2 Vestland og samanlikna med nasjonalt nivå innverande skuleår. Det er små forskjellar, men svak positiv trend historisk der resultata for VLFK syner at ein har gått fram 0,1 på 5 indikatorar samanlikna med i fjor for Vg2. Vi ser at  trivsel, støtte frå lærer, vurdering for læring, læringskultur og elevmedverknad har gått opp frå i fjor.  Resultat for hovudindikatorane innan læringsmiljø for Vg2 Vestland 2025/26 er identiske med nasjonalt snitt, med unntak for indikatoren vurdering for læring der Vestland ligg 0,1 over nasjonalt nivå. 

Vg2

 

VLFK

Nasjonalt

 

2023-24

2024-25

2025-26.

2025-26

Trivsel

4,1

4,1

4,2

4,2

Støtte fra lærer

4,0

4,0

4,1

4,1

Støtte hjemmefra

3,9

3,9

3,9

3,9

Vurdering for læring

3,4

3,4

3,5

3,4

Læringskultur

3,9

3,9

4

4

Mestring

3,9

3,9

3,9

3,9

Motivasjon

3,4

3,5

3,5

3,5

Elevdemokrati og medvirkning

3,5

3,6

3,6

3,6

Felles regler

4,1

4,1

4,2

4,2

Faglig utfordring

4,3

4,3

4,3

4,3

 

Tabellen under viser historiske tal for  Vg3 Vestland samanlikna med nasjonalt nivå innverande skuleår. Det er ingen store forskjellar, men svak positiv trend historisk der resultata for VLFK syner at ein har gått fram 0,1 på 2 indikatorar samanlikna med i fjor for Vg3, motivasjon og elevdemokrati og medverknad. Resultat for hovudindikatorane innan læringsmiljø for Vg3 Vestland 2025/26 er identiske med nasjonalt snitt på 6 av dei 10 indikatorane.  For Vg3 ligg Vestland 0,1 under nasjonalt nivå støtte frå lærar, støtte heim i frå, læringskultur og felles regler. 

Vg3

 

VLFK

Nasjonalt

 

2023-24

2024-25

2025-26.

2025-26

Trivsel

4,1

4,2

4,2

4,2

Støtte fra lærer

4,0

4,0

4,0

4,1

Støtte hjemmefra

3,8

3,8

3,8

3,9

Vurdering for læring

3,2

3,3

3,3

3,3

Læringskultur

3,9

3,9

3,9

4,0

Mestring

3,9

3,9

3,9

3,9

Motivasjon

3,3

3,3

3,4

3,4

Elevdemokrati og medvirkning

3,4

3,4

3,5

3,5

Felles regler

4,0

4,1

4,1

4,2

Faglig utfordring

4,4

4,4

4,4

4,4

 

Resultat per utdanningsprogram

Her er resultat for Vg1 fordelt på utdanningsprogramma. Av omsyn til Udir sine prikkereglar er det her tatt eit utval på Vg1, Vestland, alle eigeformer, for å få med flest offentlege resultat. Vi har ikkje med utval for Vg2 og Vg3 for dei ulike utdanningsprogramma. Grunnen til dette er at trenden for Vg2 og Vg3 er ganske lik som for Vg1, i tillegg blir resultat for nokre av utdanningsprogramma på Vg2 og Vg3 ikkje synlege pga prikkereglar til Udir.  Fargekodane er berre for visualisering og markerer ikkje ulike grenseverdiar for dei ulike indikatorane. Fargekodane tydeleggjer skilnader både mellom utdanningsprogram og indikatorar. Særskilt kan ein sjå at dei fleste elevane er nøgd når det gjeld trivsel, støtte frå lærarane, felles reglar og faglege utfordringar. Samtidig ser me at vurdering for læring, motivasjon, elevdemokrati/medverknad og utdanning/yrkesrettleiing kjem dårlegare ut. Det er ingen tydelege forskjellar mellom dei ulike utdanningsprogramma på hovudkategoriane.

 

 

Oppsummert: Resultat for hovudindikatorane innan læringsmiljø er så å seie identiske med nasjonalt snitt. Variasjonane mellom tidlegare år og nasjonalt snitt er små og ligg berre på pluss/minus 0,1 der det har endra seg. Forskjellane på hovudkategoriane er og små mellom dei ulike utdanningsprogramma. Variasjonane vil nok vere større når ein ser resultata på skulenivå, og det er også då ein får mest nytte av å analysere og bruke resultata.

Dei indikatorane som får høgast score (alle trinn) er; trivsel, felles reglar, faglege utfordringar etterfølgt av støtte frå lærar. Medan dei indikatorane med lågast score (alle trinn) er; vurdering for læring, motivasjon og elevdemokrati og medverknad.

Indikatorane som får høgast skår gir oss ein indikasjon på at dei fleste elevane i skulane i Vestland har eit godt skulemiljø og høg trivsel. For hovudkategorien trivsel blir elevane spurd om dei trivs på skulen og om dei har medelevar å vere saman med. For hovudkategorien felles reglar blir elevane spurd om elevane kjenner skulereglane, og om dei tilsette handterer reglane rettvist.  For hovudkategorien fagleg utfordring får elevane spørsmål knytt til arbeidsro i timane, haldning til skulearbeid, og om læraren gjennomgår fagstoffet på ein forståeleg måte. For hovudkategori støtte frå lærar får elevane spørsmål knytt til relasjon til læraren både fagleg og sosialt. 

Indikatorane som har lågast skår fortel oss at vi framleis må ha fokus på kvalitetsutvikling knytt til undervisning og læring der ein legg til rette for auka elevmedverknad som igjen kan auke motivasjonen for læring hjå elevane. For hovudkategorien motivasjon blir elevane spurt om dei er interesserte i å lære på skulen, kor godt dei likar skulearbeidet og om dei gleder seg til å gå på skulen. For hovudkategorien vurdering for læring får elevane spørsmål om dei kjenner til læringsmål, vurderingskriterier og spørsmål knytt til kvalitet på framovermeldingane dei får. For hovudkategori Elevdemokrati og medverknad får elevane spørsmål knytt til medverknad i skulemiljøarbeid og medverknad i faga. 

Samla sett kan dette tyde på at dei fleste elevane i Vestland trivs på skulane våre og at dei opplever at lærarane bryr seg og støttar dei og at skulereglane blir handtert likt og rettvist. Dette er eit godt utgangspunkt for kvalitetsutvikling på vurdering for læring og elevmedverknad som igjen kan vere med å auke motivasjonen for læring hjå elevane.

Skulevise resultat ligg offentleg ute på Udir sine sider.

 

Mobbeindikatoren

Utdanningsdirektoratet (Udir) innførte i 2023 strengare prikkereglar i visninga av resultata frå elevundersøkinga, og då særskilt for mobberesultata. Formålet var å unngå identifikasjon av kven som har svara kva. I spørsmål med fem svaralternativ, vil det svaralternativet som har fem, eller færre, respondentar bli prikka/skjult. I tillegg vil det svaralternativet med nest flest svaralternativ også bli prikka, slik at ein ikkje kan rekne ut talet på respondentar på det som vart prikka først. I praksis betydde dette at svært mange resultat om mobbing vart prikka på skulenivå. Udir har gjort to hovudgrep slik at ein kan få fram resultat. For det første kan skulen berre sjå resultat på trinn, ikkje klasse, utdanningsprogram eller kjønn. For det andre opnar Udir for ein innlogga portal der den einskilde skule/kommune/fylkeskommune kan sjå fleire resultat for den eininga dei har ansvar for. På Udir sine heimesider kan ein sjå resultata samle for dei ulike fylka.

Det er stilt strenge krav til dei som har tilgang til innlogga del: Tal som er offentleg skjerma skal ikkje delast med andre utan tenestlege behov, som til dømes foreldre, FAU, andre skular, presse eller andre utanfor skulen. Dette gjeld også i samband med innsynskrav. Det er tillat å beskriva resultata som til dømes om det beveger seg i positiv eller negativ retning, eller om det ligg over eller under fylkeskommunalt/nasjonalt snitt. Det er dei offentleggjorde resultata som vert presentert under.

Figuren under viser at dei nasjonale mobbetala fortset nedgangen frå i fjor, men ligg fortsatt på eit høgt nivå. Me ser at mobbing avtar med alder. Figuren viser resultat for trinna der Elevundersøkinga er obligatorisk.

 

 

Tabell under viser VLFK sine tal samanlikna med tidlegare år, og samanlikna med nasjonalt nivå (offentleg og privat). Me ser at nedgangen i mobbeltal dei siste åra også gjeld for VLFK, bortsett frå Vg3. Her aukar mobbetala frå i fjor. Samanlikna med nasjonalt nivå ser me at VLFK ligg over nasjonalt snitt både på Vg1 og Vg3.  Totalt meldte 726 elevar ved offentlege skular i Vestland at dei vart mobba i 2025-26. Året før var talet 756.

I tabellen finn ein også resultat for dei tre ulike spørsmåla som ligg til grunn for hovudtala. På vg1 ligg VLFK over nasjonalt nivå på alle spørsmåla, medan Vg2 ligg under nasjonalt nivå på alle spørsmåla. På Vg3 ligg VLFK under nasjonalt nivå på spørsmål om «du er blitt mobba av andre elevar», medan VLFK ligg over nasjonalt snitt på spørsmåla om «mobbing frå vaksne» og «mobbing digitalt».

 

I tabell under er oversikt over mobbetal fordelt på utdanningsretning, og oversikt jenter og gutar. Dersom ein ser mobbetala fordelt på utdanningsretning og kjønn for offentlege skular i Vestland vert alle tala prikka/skjerma. For nokre resultat – særleg mobberesultat – er det færre tal som vert skjult/prikka dersom resultata viser for både offentlege og private skular samla sett. Skilnaden mellom offentlege og alle eigeformer er ikkje stor, og tabellane under vil difor ta utgangspunkt i alle eigeformer. 

Tala viser at det er meir mobbing på yrkesfag enn studieførebuande på alle trinn. Det er meir mobbing blant guter enn jenter på vg1 og vg3, medan dette jamnar seg ut på vg2.  

 

Vg1 VLFK, fordelt på utdanningsprogram, alle eigeformer

Resultat i tabellen under samsvarar med funn i tabell over. Nokre av utdanningsprogramma på yrkesfag har klart høgare mobbetal enn snittet for alle utdanningsprogramma. Dette gjeld bl.a. bygg- og anleggsteknikk, sal, service og reiseliv, teknologi- og industrifag og medier og kommunikasjon. Utdanningsprogramma innan studieførebuande ligg markant under snitt.

Det er variasjon i elevtal mellom dei ulike utdanningsprogramma. Det betyr at utslaga vert prosentvis større i utdanningsprogram med færre elevar. 

Mobberesultat per skule finn ein på Udir sine sider

Som nemnt innleiingsvis er det viktig å følgja opp resultata på ulike nivå. Overordna prosedyre for oppfølging av kapittel 12 skal hjelpa skulane i å følgja opp resultata lokalt. Skulane har førebyggjande tiltak for å fremja eit trygt og godt skulemiljø, og set verk eigne undersøkingar når skulen har mistanke eller får varsel om mobbing. Opplæringsavdelinga følgjer opp skulane ved behov. I førebuing og gjennomføring av kvalitetsdialogane med skulane, vil analysar og vurdering av tiltak vera ein sentral del i møte mellom skuleeigar og skulane. Inneverande skuleår er det også gjennomført webinar for alle tilsette i skulane med tema trygt og godt skulemiljø.

Lærlingundersøkinga

Lærlingundersøkinga er ei årleg undersøking der lærlingar og lærekandidatar får seie si meining om lærings- og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Det er obligatorisk for fylkeskommunen å gjennomføre lærlingundersøkinga kvart år. Undersøkinga sendast ut til lærlingar og lærekandidatar som har vore i lære meir enn 11 månadar per 1. oktober. Lærlingane og lærekandidatane vel alltid sjølv om dei vil svara. Dei kan også hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svara på.

Lærlingundersøkinga er den beste kjelda til informasjon om lærlingane sitt lærings- og arbeidsmiljø. 3430 vart inviterte til å svare på lærlingundersøkinga 2025.

Svarprosenten for lærlingundersøkinga 2025 var på 32,3 % for Vestland, nasjonalt var svarprosenten på 44,7 %. Totalt svarte 1109 av 3430 lærlingar.

Det er låg svarprosent i Vestland, noko som vil få betydning for tolking av resultata. Høg svarprosent er avgjerande for å sikra riktig bilete av korleis lærlingane har det, og Opplæringsavdelinga jobbar aktivt for å få opp svarprosenten.

På same måte som i elevundersøkinga betyr høg verdi positivt resultat og beste gjennomsnittsverdi er 5. Dette med unntak for indikatoren «Mobba på arbeidsplassen», og «Uønska seksuell merksemd» der resultata går frå 0-100 og viser prosentdel elevar som rapporterer at dei har opplevd å bli mobba eller utsett for uønska seksuell merksemd.

Når vi viser resultata frå undersøkinga kan ein ikkje sjå kven som har svara kva og det er lagt opp til strenge reglar for visning av resultat (Prikkereglar).

Under kan ein sjå resultat for dei ulike spørsmåla i undersøkinga. Resultata på spørsmåla blir samla til ein indikator som går frå 1-5 og 5 er det beste. Tabellen under syner historikk for resultat for Vestland, samt nasjonalt snitt siste året. Det er markert i blått der det er endring for resultata i Vestland opp mot førre år, samt der det i år er skilnader mellom Vestland og nasjonale tal. Resultata har endra seg lite frå 2024-25 og resultata for Vestland samsvara i stor grad med nasjonale resultat. Det er små forskjellar også mellom dei ulike tematikkane.

 

Om vi ser på delspørsmåla innan for kvar hovudkategori samla, kan vi  seie at lærlingane i Vestland svarar positivt på spørsmål knytt til motivasjon, trivsel, HMS og halvårsvurdering. På spørsmål knytt til medverknad, rettleiing og eignevurdering er det litt ulike skår på delspørsmåla. Lærlingane er nøgd med støtte og tilbakemelding og i mindre grad med på planlegging og vurdering av sitt eige arbeid og dokumentasjon av eigen læreprosess. Skår på dei to spørsmåla om fagprøve kan tyde på at lærlingane i noko grad er usikre på kva som ventar dei på fagprøven.

Oppsummert: Lærlingundersøkinga syner same trend som elevundersøking, god trivsel og motivasjon, lågare skår på medverknad og forståing av kva dei blir målt på til fagprøven. Lærlingundersøkinga har høgare skår på spørsmål knytt til undervegsvurdering og framovermelding enn i elevundersøkinga.

Mobbing

Eit av spørsmåla i undersøkinga er: Er du blitt mobbet på arbeidsplassen de siste månedene? Mobbing kan være å kalle en annen stygge ting og erte, holde en annen utenfor, baksnakke eller slå, dytte eller holde fast.

Tala under syner dei som har svart 2-3 gongar i månaden – omtrent ein gang i veka – fleire gonger i veka.

 

2023/24

2024/25

2025/26

VLFK

3,1 %

3,0 %

1,9 %

Nasjonalt

3,7 %

3,1 %

2,7 %

 

For 2025 er det 2,3 % gutar og 1,3 % jenter som melder at dei vert mobba.

På grunn av Udir sine prikkereglar er det ikkje mogleg å sjå resultat fordelt på utdanningsprogram.

 Uønska seksuell merksemd

Lærlingundersøkinga inneheld også spørsmål om uønskt seksuell merksemd, som vert skildra slik: Uønskt seksuell merksemd er merksemd som er av seksuell karakter og vert opplevd som krenkande og plagsam for den som vert ramma.

Nasjonalt melder 7,4 prosent av lærlingane at dei har blitt utsett for uønska seksuell merksemd på arbeidsplassen «ein sjeldan gang» eller oftare. Det er litt fleire enn i fjor, då 7,2 prosent meldte det same. Vestland ligg på 9,1 %.

 

2023/24

2024/25

2025/26

VLFK

7,4 %

8,7 %

9,1 %

Nasjonalt

6,6 %

7,2 %

7,4 %

 

VLFK ligg markant under nasjonalt snitt når det gjeld mobbing, men ligg framleis over nasjonalt snitt når det gjeld uønska seksuell merksemd. Låg svarprosent kan gje store utslag. Rettleiingstenesta og Elev- og lærlingombod er viktige aktørar i oppfølginga av lærlingane.