Narkosebehandling

Med narkose kan ein behandle pasientar som ikkje let seg behandle i vaken tilstand. Behandlingstilbodet gjeld pasientar over 4 år, og som kan klassifiserast etter American Society of Anesthesiologist med klassifisering ASA I og ASA II. Lege i narkoseteam godkjenner om den enkelte pasienten er medisinsk egna for narkosetilbodet ved TKVestland. Pasientar som klassifiserast som ASA III og IV samt born under 4 år må narkosebehandlast på sjukehus.

Behandling

Ventetida for narkosebehandling vil variere.

Tilbodet omfattar spesialistbehandling innan kirurgi, pedodonti, endodonti, protetikk og periodonti. Det vert også tilbydd allmenntannlegebehandling. Dersom det er kombinert behov for spesialist-og allmenntannlegebehandling vil TKVestland kunne tilby begge deler.

Tilvising til narkose

Pasientar som har behov for spesialist-/allmenntannlegebehandling i narkose, kan tilvisast til TkVestland.

Tilvisinga må innehalde:

Link for ASA-klassifisering (norsk utgåve).

Link for ASA-classification (english edition).

 

For tilsette i tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune

Tilvisinga kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til: Narkosehenvisning.TKVestland@vlfk.no

I Opus lagar tilvisande tannlege en fullstendig tilvising.

For utfyllande informasjon on tilvisingsrutinar:

Se E-handbok

 

For private tannlegar

Fullstendig tilvising kan sendast til:

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland
Postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen

E-post: Narkosehenvisning.TKVestland@vlfk.no

Kontaktperson for narkosetilbodet: 

Iman Zangana, tannhelsesekretær

Tlf: 989 07 468

 

Flytskjema for tilvisning til narkosebehandling