Vil ha meir samarbeid og færre siloar
Tannhelse må bli ein integrert del av helsetenesta. I dag er tenestene for fragmenterte, og pasientar, særleg sårbare grupper, risikerer å falle mellom to stolar.
Dette var eitt av hovudbodskapa i debattane om framtidas tannhelsetenester som kompetansesentra for tannhelse arrangerte under Arendalsuka.
Behovet for å tenkje nytt blir endå større fram mot 2030, når vi får 80 000 fleire over 80 år og 50 000 færre i skulealder. Samstundes vil heile helse- og omsorgstenesta få mangel på arbeidskraft. Vi har derfor ikkje råd til å organisere oss slik vi alltid har gjort.
Heming Olsen-Bergem, president i Den norske tannlegeforeininga, utfordrar politikarane til å bryte ned siloane.
— Vi er veldig silobaserte, og de tenkjer også i siloar. Når de sluttar å tenkje slik, kan det faktisk skje noko.
Panelet var samde om at munnhelse må inn i den øvrige helsepolitikken, forskinga, utdanninga, digitaliseringsarbeidet og folkehelsearbeidet. Tannhelsetenesta må samarbeide tettare med resten av helsetenesta, både offentleg og privat.
Somayeh Sadat Bach, leiar for helse i Deloitte Noreg og medlem av Helsereformutvalet, fortalde at utvalet i november legg fram forslag til ulike modellar for korleis framtidas helse- og omsorgstenester kan organiserast.
— Tannhelsetenesta må vere ein del av resten av helsetenesta, seier Stig Atle Abrahamsen (FrP), som peikar på at dagens organisering på eit eige forvaltningsnivå gjer samhandling vanskelegare.
Vi treng meir kunnskap
Eit anna hovudbodskap i debattane var behovet for betre data og meir forsking. Ellen Berggreen, forskingsleiar ved TkVestland, innleidde debatten om ein kunnskapsbasert tannhelseteneste og peika på at vi framleis har eit stort kunnskapshol når det gjeld tannhelsedata om befolkninga.
Ifølgje Tannhelseutvalet går om lag 70 prosent av befolkninga til privat tannhelseteneste. SSB viser samstundes at vaksne i all hovudsak får tannbehandling i privat sektor. Det gjer det særleg viktig å få betre kunnskap om kven som får hjelp, kven som fell utanfor, og korleis tannhelsetenesta bør organiserast i framtida.
Ei viktig årsak til kunnskapshòlet er at private tannklinikkar først frå i år har fått rapporteringsplikt. Samstundes etterlyser Berggreen ei tydelegare kopling mellom tannhelsetenesta og den nye Kommunanes samarbeidsarena for forsking (KSF).
— Vi lurer på korleis fylkeskommunane og kompetansesentra skal koplast på, sidan vi ikkje er ein hovudaktør her. Kva skjer med tannhelseforskninga?
Behovet for meir kunnskap gjeld også sjølve tenesta og framtidas kompetansebehov.
— Vi veit ikkje eingong kor mange tannlegar, tannpleiarar og sekretærar vi treng framover. Her treng vi forsking, og vi er allereie seint ute, seier Stefan Lindner, fylkestannlege i Agder fylkeskommune.
Pasienten må stå i sentrum
Vibeke Ansteinsson, forskingsleiar ved TkØ, oppsummerte utfordringa slik då ho innleidde debatten om korleis vi kan integrere munnhelse i den øvrige helsetenesta:
— Vi må organisere tenestene rundt behova til pasientane. Pasienten er éin kropp og éi helse, men tenestene er meir fragmenterte.
Dette rammar særleg eldre, kronisk sjuke, personar med rus- og psykiske helseutfordringar og utsette barn og unge. For desse gruppene kan manglande samhandling føre til at munnhelsa blir gløymd.
Det var brei semje i panelet om at framtidas tannhelsetenester må organiserast meir på tvers av dagens siloar. Kompetansen må brukast betre, tenestene må samarbeide tettare, og pasienten må stå i sentrum.
Desse to debattane på Arendalsuka 2026 blei arrangerte av Tannhelsetjenestens kompetansesenter Øst, Tannhelsetenestas kompetansesenter Vestland, Tannhelsetjenestens kompetansesenter Rogaland, Tannhelsetjenestens kompetansesenter Nord-Norge og Kompetansesenteret Tannhelse Midt.
Sjå opptak av dei to debattane frå Arendalsuka 2026 nedanfor